Georg Jersin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Jersin

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1767
Leikanger kommune
Død

5. oktober 1827 (60 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Georg Jersin på Commons

Georg Burchard Jersin (20. januar 17675. oktober 1827) var ein norsk prest og stortingsmann.

Jersin var fødd i Leikanger i Sogn, der far hans var prest. Han gjekk i skule i Bergen, student frå katedralskulen i 1786. Cand. theol. vart han i 1793. Jersin var frå 1794 pers. kapellan hos faren, i 1800 vart han residerande kapellan i Voss. Han fekk året etter oppretta Voss soknebibliotek, eit av dei tidlege offentlege biblioteka i Noreg. År 1808 vart han utnemnd til sokneprest i Voss, eit embete han styrte til han døydde. Jersin var forlikskommissær i ei rekke av år.

Jersin var vald til 2. utsending frå Søndre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i april og mai 1814. Han slutta seg til sjølvstendepartiet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]