Ballad of Hollis Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Ballad of Hollis Brown
song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 7. august 1963
Sjanger Folk
Lengd 5:06
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Ballad of Hollis Brown» er ein song skriven av Bob Dylan, gjeve ut i 1964 på albumet hans The Times They Are A-Changin'.

Musikalsk er songen er særs enkel blues. Albumutgåva vert spelt av Dylan aleine på ein akustisk gitar. Songen vart spelt inn alt for det førre albumet The Freewheelin' Bob Dylan, men kom ikkje med her. På denne første utgåva spelte han munnspel og slo berre akkordane i staden for å plukke notane som på den endelege albumutgåva.

I følgje Michael Gray var gitarstilen og melodistrukturen på «Hollis Brown» frå appalacharane, som hadde spelt slike musikkformer i nesten to hundre år. Både akkordane, melodien og versstrukturen på Hollis Brown er basert på balladen «Pretty Polly», ein song Dylan spelte på Gaslight Club berre to år tidlegare.

Teksten til songen består av 11 vers og omhandlar ein forblåst og fattig farm i Sør-Dakota der den fattige bonden (Hollis Brown), kona hans og dei fem borna hans lever i fattigdom. I desperasjon tar mannen livet av kona og borna med ei hagle.

Kritikar David Horowitz har sagt om songen: «I ein ballade tar ein vanlegvis avstand frå historia som vert fortalt. Denne balladen vert derimot fortalt i andreperson og ein får eit tett band til soga. Bluesperspektivet er kompromisslaust, isolert og sardonisk, og høver perfekt for å uttrykke den skitne røynda i Amerika på denne tida. Eit glimrande døme på hard, ironisk innsikt som ein kjenneteiknar med blues (samt den sterke underdrivelsen som Dylan lærte frå Guthrie) finn ein i dei siste linjene i Hollis Brown:

There's seven people dead on a South Dakota farm,
There's seven people dead on a South Dakota farm,
Somewhere in the distance there's seven new people born.»

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt songen seinare:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ballad of Hollis Brown» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Matt Cowe og Arthur Dick. Acoustic Masters for Guitar. Wise Publications, 2004.
    • Michael Gray. Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan. Continuum, 2000.
    • David Horowitz. "Bob Dylan: genius or commodity?" Peace News, 11/11/64.
    • Oliver Trager. Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books, 2004.