Pat Garrett and Billy the Kid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pat Garrett & Billy the Kid
Filmmusikk av Bob Dylan
Utgjeve 16. juli 1973
Innspelt januar – februar 1973
Sjanger Country, filmmusikk
Lengd 35:23
Selskap Columbia
Produsent Gordon Carroll
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II
(1971)
Pat Garrett & Billy the Kid Dylan
(1973)

Pat Garrett & Billy the Kid er eit filmmusikkalbum av Bob Dylan frå 1973 for ein film av Sam Peckinpah med same namn. Dylan sjølv spelte i filmen i rolla som «Alias». Filmmusikken består hovudsakleg av instrumental musikk inspirert av filmen, men inneheldt ein av dei mest kjende og kjæraste songane til Dylan, «Knockin' On Heaven's Door», som vart ein stor hit verda over.

Albumet selde til gull og nådde 16. plass i USA og 29. plass i Storbritannia.

Rolla i Pat Garrett and Billy the Kid[endre | endre wikiteksten]

Ein gong i 1972, snakka Rudy Wurlitzer med Dylan om å bidra med musikk til Pat Garrett and Billy the Kid. Wurlitzer hadde skrive det originale manuset til filmen og var ein gammal ven av Dylan.

«Rudy trong ein song for manuset», fortalte Dylan i eit intervju i 1973. «Eg gjorde ikkje noko. Rudy sende manuset og eg las det og likte det og me tok opp kontakten. Så såg eg The Wild Bunch og Straw Dogs og Cable Hogue og likte dei. Den beste er Ride the High Country...Så skreiv eg «Billy» ganske kjapt etter det.»

Seinare var Dylan interessert i å bidra med meir enn berre «Billy» (skildra av Clinton Heylin som «ein fin veg attende til balladeforma han hadde forsaka etter John Wesley Harding»). Dylan spurte Wurlitzer om det var mogeleg med ei rolle i filmen, ein ide Wurlitzer var motvillig til.

Rundt Thanksgiving Day, reiste Dylan og kona hans til Durango, Mexico, der Sam Peckinpah filma Pat Garret & Billy the Kid. Dylan hadde alltid utrykt interesse i meksikansk kultur og han var meir enn villig til å ta turen. I følgje Kris Kristofferson og James Coburn - to av hovudrolleinnhavarane - var ikkje Peckinpah særleg entusiastisk for deltakinga til Dylan. Dylan spelte «Billy» og «Goodbye Holly» for han, begge skrivne spesielt for filmen, og han vende om.

Peckinpah tilbydde Dylan ei rolle i filmen, men det vart Wurlitzer sin jobb å finne noko som passa. Wurlitzer foreslo 'Alias'. Dylan kom til å ha to og ein halv tøffe månadar i Durango i Mexico, med filminga av rolla sin. Under produksjonen, vart rolla hans strengt redusert. Wurlitzer hevda at dette vart gjort etter ønske av Dylan sjølv, men filminga vart òg påverka av ein konflikt mellom Peckinpah og MGM Studios. Dette resulterte i at MGM nekta Peckinpah å spele inn ein stor del av film som gjekk tapt på grunn av tekniske feil.

Innspelinga av albumet[endre | endre wikiteksten]

Då filmen var nesten ferdig starta Dylan innspelinga den 20. januar 1973 i Columbia sitt platestudio i Mexico City. Filminga hadde vore vanskeleg og begge filmstjernene og Wurlitzer vart med Dylan bort frå Durango. I lag med lokale meksikanske musikarar og medlemmar frå bandet til Kris Kristofferson hadde Dylan vanskar med å få spelt inn ei skikkeleg utgåve av «Billy». Etter kvart gjorde han arrangementet enklare og enklare og til slutt var det berre han og bassisten Terry Paul att. Dette siste opptaket vart nytta i filmen og seinare inkludert på albumet som «Billy 4».

Samstundes hadde Peckinpah leigd inn Jerry Fielding for å gje Dylan råd. Fielding var ein erfaren filmmusikkomponist, men var særs konservativ når det gjaldt popmusikk. Dylan var klar over dette, men let han likevel få sleppe til med råda sine. Fielding fekk mellom anna Dylan til å syngje «eit relevant vers» på ein av utgåvene av «Billy», som passa med historia. Fielding høyrte òg songen «Goodbye Holly», som var skriven for ein viktig scene med karakteren Holly. Fielding anbefalte å droppe denne songen og skrive ein ny song i staden for dødsscenen til sheriffen.

Fielding fortel at Dylan hadde skrive «Billy», men at han ikkje kunne basere heile filmmusikken berre på denne eine balladen. Dylan fekk derfor i oppgåve å skrive fleire. Fielding fortel: «Så han kom omsider til innspelinga med eit nytt musikk stykke - 'Knock-Knock-Knockin' on Heaven's Door' Alle elska den. Eg syns den var drit. Det var slutten for min del».

Dylan spelte inn den siste utgåva av «Knockin' on Heaven's Door» i februar, denne gongen på lydscenen til i Warner Bros. Records i Burbank i California. «Det var særs tidleg på morgonen», fortel trommeslagar Jim Keltner. «Eg trur innspelinga starta kl. 10 og igjen fall alt på plass. Det vart ikkje lagt på lydspor i etterkant, songarane song på direkten, litt pumpeorgel, Roger McGuinn trur eg spelte gitar. Dette var for ein scene i filmen der Slim Pickens døyr og det er første gong eg gret medan eg spelte. Det var kombinasjonen av teksten, stemma til Bob, sjølve musikken, endringane og sjå dette samstundes på lerretet. I dei dagar spelte du på ein stor lydscene og du hadde dette massivet lerretet på veggen med scenen som spelte medan du spelte. Eg gret gjennom heile opptaket.»

Innspelinga i Burbank varte heile dagen. Sjølv om det var langt meir tilbakelendt enn innspelinga i Mexico City irriterte prosessen Dylan. På eit punkt sa han til produsenten Gordon Carroll at det var den siste gong han nokon gong til å lage filmmusikk. Dylan kom seinare til å skrive songar for andre filmar, men tok aldri ansvaret for eit heilt filmlydspor igjen.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Etter Peckinpah gjorde ferdig si redigering av Pat Garrett and Billy the Kid, gjorde MGM det heile om att, fjerna mange viktige scenar og sette musikken til Dylan inn på stader der han i utgangspunktet ikkje var meint. Filmen fekk blanda kritikk og selde heller dårleg. Seinare mildna kritikarane meir og filmen vart trekt fram som ein av dei beste til Peckinpah, særleg etter at den opphavlege utgåva til Peckinpah kom ut i 1986.

For Dylan var opplevinga vanskeleg og viste seg som eit vendepunkt. Han reiste omsider frå New York til varmare klima og albumet gav han ein uventa hit.[1]

Filmmusikkalbumet fekk òg blanda kritikk. Det hadde vore tre år sidan det siste «skikkelege» albumet frå Dylan, New Morning og mange kritikarar vart skuffa då han «berre» gav ut filmmusikk. Trass i lunken mottaking gav albumet ein stor hit med «Knockin' On Heaven's Door», som seinare vart spelt av artistar som Eric Clapton og Guns n'Roses. Mange år seinare er «Knockin' On Heaven's Door», ein stor favoritt hos både kritikarar og tilhengjarar.

Medan Packinpah sleit med MGM, hadde Dylan sin eigen strid med Columbia Records. Etter fleire år med lite aktivitet hadde Columbia mista tolmotet og forhoandlingar om ein ny kontrakt starta i 1972, men selskapet (bortsett frå Clive Davis) synte lite interesse. Dylan fekk i stand ein avtale om Billy the Kid-albumet pluss to album til, som ville garantere $400 000 per album. Columbia trekte seg så frå avtalen etter at Davis forlet Columbia. Då Billy the Kid-albumet kom ut måtte advokaten til Dylan tvinge Columbia til å betale det dei hadde lova. Då singelen nådde hitlistene fekk pipa ein annan låt og Columbia tok opp att kontraktsforhandlingane. Davis, som lenge hadde støtta Dylan, hadde vorte sparka av leiinga i selskapet og vart skulda for regnskapsbrot på $94 000. Dylan vitna på David sine vegner i rettsaka som følgde. Dette surna forholdet mellom Dylan og CBS og han forlet selskapet til fordel for David Geffen sitt Los Angeles-baserte Asylum Records. Dette fekk òg Dylan til å flytte til vestkysten og tok til å skrive songar att.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Main Title Theme (Billy)»   6:07
2. «Cantina Theme (Workin' for the Law)»   2:57
3. «Billy 1»   3:57
4. «Bunkhouse Theme»   2:17
5. «River Theme»   1:30
Side to
# Tittel Lengd
6. «Turkey Chase»   3:34
7. «Knockin' on Heaven's Door»   2:32
8. «Final Theme»   5:23
9. «Billy 4»   5:04
10. «Billy 7»   2:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Heylin, Clinton (2003 reprint). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 340-49. HarperCollins. ISBN 006052569X.