The Secret Life of Arabia
The Secret Life of Arabia Song av David Bowie frå albumet "Heroes" | ||
Utgjeve | 14. oktober 1977 | |
Innspelt | Hansa Studio by the Wall, Vest-Berlin Juli-august 1977 | |
Sjanger | Rock, krautrock | |
Lengd | 3:46 | |
Selskap | RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Brian Eno, Carlos Alomar | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«The Secret Life of Arabia» er ein song skriven av David Bowie, Brian Eno og Carlos Alomar i 1977 for albumet "Heroes". Det var den siste songen på albumet etter instrumentalen «Neuköln». Som songen til Bowie frå 1971, «Life on Mars?», omhandla songen ei verd der film og røyndom vert blanda.
NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra songen «som å sjå 'The Sheik' på syre og le roleg for seg sjølv. Vokalen til Bowie er oppriktig morsom».[1] Forfattar Nicholas Pegg rekna songen som ein «urettvis oversett» song, og nemnde dei ekstreme ytterpunkta frå bass til falsett i vokalen til Bowie.[2] For biografen David Buckley øydela «The Secret Life of Arabia» den dramatiske effekten på albumet, men meinte at det var ein flott song. Han meinte at den siste tonen på «Neuköln» burde ha vore den siste lyden på albumet.[3]
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Han finst på The Best of 1974/1979-samlinga frå 1998.
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Nina Hagen – konsertopptak frå NunSexMonkRock-turneen.
- Billy Mackenzie – på British Electric Foundation-albumet Music of Quality and Distinction Volume One (1982) og på David Bowie Songbook.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «The Secret Life of Arabia» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.92
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.181
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.325