Life on Mars?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Life on Mars?
Singel av David Bowie
frå albumet Hunky Dory
B-side «The Man Who Sold the World»
Utgjeve 22. juni 1973
Innspelt Trident Studios i London
April 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 3:48
Selskap RCA Records
2316
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott
David Bowie-kronologi
«Let's Spend the Night Together»
1973
Life on Mars? «Sorrow»
1973

«Life on Mars?» er ein song og singel av David Bowie på albumet hans Hunky Dory frå 1971. Songen - som BBC Radio 2 seinare kalla «ei kryssing mellom ein Broadway-musikal og eit Salvador Dalí-måleri»[1]—hadde med Rick Wakeman på piano. Då han vart gjeven ut som singel i 1973 nådde han 3. plass i Storbritannia og låg på lista i 13 veker. Songen gjekk inn att på lista i Storbritannia på 55. plass over 30 år seinare, hovudsakleg fordi han vart nytta i den engelske fjernsynsserien Life on Mars. Neil McCormick frå The Daily Telegraph rangerte han på førsteplassen over dei 100 beste songane gjennom tidene.[2] Han skreiv om songen:

« Ein ganske fantastisk rar hymne, der kombinasjon av gripande, lengtande melodi og levande, poetiske bilete klarar eit knep som er særs særeigen for kunsten i denne songen: å samstundes vere fullstendig ugjennomtrengeleg og likevel klangfull med personleg meining. Du ønskjer å heve stemma di og synge med, men likevel fører den oppkutta teksten til Bowie at du vert tvungen til å gje songen noko av deg sjølv berre for å få ei kjensle av oppleving. Og, som alle store songar, har han ein herleg melodi.  »

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I 1968 skreiv Bowie «Even a Fool Learns to Love», ein song med tekst av Bowie set til musikk av ein fransk song, «Comme d'habitude» frå 1967. Bowie-songen vart aldri gjeven ut, men Paul Anka kjøpte rettane til den originale franske versjonen og skreiv han om til «My Way», gjort kjend av Frank Sinatra i 1969 på albumet med same namn. Suksessen til Anka-versjonen fekk Bowie til å skrive «Life on Mars?» som ein parodi på innspelinga til Sinatra.[1] I ein merknad for samleplata som følgde juni 2008-utgåva av The Mail on Sunday,[3] skildra Bowie korleis han skreiv songen:

« Arbeidsrommet var eit stort tomt rom med ein sjeselong; ein billig art nouveau-skjerm ('William Morris,' fortalte eg alle som spurte); eit stort, overfylt, frittståande oskebeger og eit flygel. Lite anna. Eg starta å arbeide på pianoet og hadde heile teksten og melodien ferdig seint på ettermiddagen.  »

Bowie sa at Wakeman «utsmykka den originale pianodelen hans» og gitarist Mick Ronson skapte «eit av hans første og beste strykearrangement» for songen[1] Teksten på omslaget til Hunky Dory indikerer at songen var 'inspirert av Frankie'.[1] For å promotere singelen regisserte Mick Rock ein video for songen, med Bowie i ein turkis dress mot ein kvit bakgrunn.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

It's on America's tortured brow
That Mickey Mouse has grown up a cow
Now the workers have struck for fame
Cause Lennon's on sale again

David Bowie (1971)

BBC Radio har skildra «Life on Mars?» som «ein av dei raraste tekstane nokon gong» og består av «massevis av surrealistiske bilete» som eit Salvador Dalí-måleri.[1] Linja «Look at those cavemen go» er ein referanse til songen «Alley Oop», ein hitt i 1960 for det amerikanske doo-wop-bandet The Hollywood Argyles.[4]

Hunky Dory kom ut i 1971 oppsummerte Bowie songen som «reaksjonen til ei følsam ung jente overfor media». I 1997 la han til «eg trur ho er misnøgd med røyndomen... at ho lever i eit stillebelte i røyndomen, ho vert fortalt at det finst langt større ting i livet ein stad, og ho er bitter og misnøgd med at ho ikkje får tilgang til det.»[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel i juni 1973, og har lenge vert rekna som ein klassikar som er mykje spelt på radio. For å promotore singelen laga Mick Rock ein enkel, men påfallande promovideo, der Bowie i dress syng songen solo føre ein heilt kvit bakgrunn. Singelen nådde tredjeplass på den britiske singellista, og haldt seg der i 13 veker.

I februar 1999 førte musikkmagasinet Q opp singelen som ein av dei 100 største singlane gjennom tidene, stemd fram av lesarane. Den har haldt fram med å dukke opp på Q sine lister av denne typen, sist i 2006 då den hamna på 45. plass. I 1986 stemde lyttarane på BBC Radio 2 i Storbritannia fram songen som Bowie sin beste nokonsinne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Life on Mars?» (Bowie) – 3:48
  2. «The Man Who Sold the World» (Bowie) – 3:55

Den portugisiske utgåva av singelen hadde «Black Country Rock» som b-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Så tidleg som i 1974 gav Barbra Streisand ut ein versjon av songen på albumet hennar ButterFly. Songen er òg spelt av den italienske artisten L'Aura, den australske rockevokalisten Mig Ayesa, den finske visesongaren Hector, den amerikanske popartisten Michelle Branch og den brasilianske songaren Seu Jorge (for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou). The Flaming Lips spelte songen på konsertane sine i 1992, som dei seinare gav ut på singelen «This Here Giraffe». Songen vart spelt mange gonger på konsertar av det amerikanske bandet Phish. Anggun spelte inn songen for det første internasjonale albumet sitt, Snow on the Sahara (1998), og gav han i tillegg ut som singel. Ein versjon av Arid-songaren Jasper Steverlinck og Kolacny Brothers nådde førsteplassen i Belgia i 2002. Jazztrioen The Bad Plus spelte songen i 2007 for albumet Prog. Ukulele Orchestra of Great Britain spelte songen blanda med «My Way» og «For Once in My Life» blant andre. I 2009 spelte det japanske rockebandet VAMPS songen som B-side på den tredje singelen deira.

Anni-Frid Lyngstad, kjend frå ABBA, spelte inn ein svensk versjon av songen kalla «Liv på Mars?» (med svensk tekst skriven av Owe Junsjö), som finst på soloalbumet hennar Frida ensam frå 1975.

Andre som har spelt inn songen er Steve Hogarth frå Marillion, The Dresden Dolls, G4, Arcade Fire, med Bowie på gjestevokal, Adam Lambert, Keren Ann. Også Cæcilie Norby fra Danmark har gjort en vakker versjon, utgitt på Copenhagen Records 2007.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

BBC-dramaserien Life on Mars, med John Simm og Philip Glenister, nytta både namnet og sjølve songen som grunnlag for serien. Songen vart mykje nytta i både denne serien og spin-off-serien Ashes to Ashes. Songen vart òg nytta i den amerikanske utgåva av serien.

I den britiske fjernsynsserien Doctor Who er det ein romstasjon på Mars som heiter «Bowie Base One» i episoden «The Waters of Mars».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Sold on Song: "Life on Mars" frå BBC Radio 2
  2. Link to the List of 100 Greatest Songs by Neil McCormick.100 Greatest Songs of All Time: 25 - 1
  3. DAVID BOWIE: I went to buy some shoes - and I came back with "Life On Mars" frå The Mail on Sunday
  4. 4,0 4,1 Pegg, Nicholas (2002). The Complete David Bowie. Reynolds & Hearn. s. 109. ISBN 1-903111-40-4.