Tonight's the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tonight's the Night
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 20. juni 1975
Innspelt august–september 1973 i Studio Instrument Rentals, Hollywood, CA (bortsett frå «Come On Baby»: Fillmore East, NYC, mars 1970; «Lookout Joe»: Broken Arrow Ranch, desember 1972 og «Borrowed Tune»: Broken Arrow Ranch, desember 1973)
Sjanger
Lengd 44:52
Selskap Reprise
Produsent David Briggs, Tim Mulligan, Neil Young, Elliot Mazer (berre spor 10)
Kritikk
Neil Young-kronologi
On the Beach
(1974)
Tonight's the Night Zuma
(1975)

Tonight's the Night er det åttande albumet til Neil Young. Det kom ut i 1975Reprise Records, men vart spelt inn i 1973 og utsett i to år. Det nådde 25. plass på den amerikanske albumlista. I 2003 vart albumet rangert på 331. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tonight's the Night er eit direkte uttrykk for sorg. . Crazy Horse-gitaristen Danny Whitten og venen til Young, samt roadien Bruce Berry hadde begge døydd av overdosar i løpet av månadane før desse songane vart skriven. Tittelsporet nemner Berry med namn, «Bruce Berry was a working man/He used to load that Econoline van.». Gitaren og vokalen til Whitten dominerer «Come on Baby Let's Go Downtown», som var eit konsertopptak frå 1970. Songen vart seinare òg gjeven ut på konsertalbumet Live at the Fillmore East, der Whitten er tilskriven som låtskrivar aleine.

Med seg har Young resten av Crazy Horse, bassist Billy Talbot og trommeslagar Ralph Molina, samt Nils Lofgren (gitar og piano) og Ben Keith (steelgitar). Young spelte inn albumet på same rufsete måte som Time Fades Away, stemma hans er ofte hes og han strevar med å nå dei høge tonane. Sjølve spelinga er laus med feil og skiftande tempo. Denne stilen fungerte, i følgje Allmusic, perfekt for materialet, og la vekt på den kjenslemessige stemninga i sorga til Young.[1]. Dette stod i stor kontrast til det polerte lydbiletet til Crosby, Stills, Nash & Young, og Young-albumet Harvest. I mange av songane uttrykte Young at han ikkje likte følgjene som suksessen hans hadde ført med seg.

Reprise Records nekta å gje ut dette ukommersielle albumet. Det var opphavleg meint å kome ut tidleg i 1974 etter at Young hadde turnert med songane i USA og Europa. I 1975, etter ein massiv turne med CSNY, forkasta Young eit nyleg innspelt album, og gav i staden ut Tonight's the Night. Albumet vart ikkje ein stor salssuksess, men vart rekna som eit unikt meisterverk av kritikarane, og det vert framleis rekna som eit av dei største rockeplatene som nokon gong er laga.[1]

På vinylutgåva av Tonight's the Night står ei kryptisk melding av Young: «I'm sorry. You don't know these people. This means nothing to you» («Unnskyld. Du kjenner ikkje desse folka. Dette betyr ingenting for deg.»)

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young bortsett frå «Come On Baby Let's Go Downtown» som er av Danny Whitten og Neil Young.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tonight's the Night»   4:39
2. «Speakin' Out»   4:56
3. «World on a String»   2:27
4. «Borrowed Tune»   3:26
5. «Come on Baby Let's Go Downtown (Live)»   3:35
6. «Mellow My Mind»   3:07
Side to
# Tittel Lengd
7. «Roll Another Number (for the Road)»   3:02
8. «Albuquerque»   4:02
9. «New Mama»   2:11
10. «Lookout Joe»   3:57
11. «Tired Eyes»   4:38
12. «Tonight's the Night—Part II»   4:52

Personnel[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]