Wikipedia:Vekas omsetjing/2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vekas omsetjing-arkiv for 2004 - Vekas omsetjing-arkiv for 2005

I dag er det onsdag, 22. mai 2019; klokka er 16:03 (UTC)

Slett sidebufferen


Veke 1

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 1, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 2, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 3, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 4, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 5, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 6, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 7, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 8, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 9, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 10, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 11, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 12, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 13, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 14, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 15, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16

Daigo Fukuryū Maru (第五福龍丸) var ein japansk tunfiskebåt som vart utsett for og ureina av radioaktiv stråling frå det USA-amerikanske hydrogenbombe-eksperimentet i Bikiniatollet den 1. mars 1954.

Kuboyama Aikichi, radiosjefen ombord, døydde den 23. september 1954, etter akutt sjukdom på grunn av strålinga. Berre eit halvt år var gått sidan hydrogenbombe-eksperimentet.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17

Antoni Grabowski (11. juni 18574. juli 1921) var ein polsk kjemikar og esperanto-aktivist, kjend som den store pioneren innan diktarkunst på språket.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Fori Imperiali - detalj av dei såkalla «Colonnacce» på Nervas forum.

Fori Imperiali (it.), òg kalla Keisarfora eller Keisarforuma på norsk, er namnet på dei fem foruma (torga) som vart bygde etter tur nordom Forum Romanum i Roma.

Torga vart bygde mot slutten av den romerske republikken, og i den fyrste tida til dei romerske keisarane.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Arsen Kotsoyev

Arsen Kotsoyev (Ossetisk Коцойты Арсен) (fødd 15. januar, 1872, død 4. februar, 1944) er ein av grunnleggjarane av den ossetiske prosaen, og hadde stor innflytnad på forminga av det moderne ossetiske språket og den funksjonelle stilen av det. Han deltok i alle dei fyrste tidsskrifta på ossetisk, han var ein av dei mest bemerkingsverde ossetiske publiserarane.

Det finst Kotsoyev-gater i Vladikavkaz og Beslan. Nokre av verka til Kotsoyev er pensum på skulen i ossetisk litteratur.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20

Matsuo Bashō (japansk:松尾芭蕉), fødd 1644, død 28. november 1694) var kunstnarnamnet åt ein japansk diktar i Edo-perioden. Han er ofte lovprisa for å ha perfeksjonert haikudiktinga, men medan han levde var Bashō mest kjend som ein dyktig diktar av haikai no renga, halvkomiske vers-lenkjer som vanlegvis blei laga av fleire diktarar saman.

I vår tid er Bashō hovudsakleg kjend for dei elegante haikuane han skreiv. Han utvikla diktforma frå det morosame, underhaldande verset til seriøs kunst med inspirasjon frå zen-buddhismen.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Knølkvalen er velkjend for songen sin.

Kvalsong er samlinga av lydar laga av kvalar for å kommunisere. Ordet "song" er brukt for å beskrive mønsteret av dei førutsette og repetiserande lydane laga av nokre kvalartar (spesielt knølkvalen) som på ein måte kan minne om menneskesynging.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Albireo si plassering i Svana

Albireo, òg kalla β Cyg / β Cygni / Beta Cygni, er den tredje klåraste stjerna i stjernebiletet Svana. Sjølv om ho har nemninga «beta», er ho faktisk svakare enn Gamma Cygni.

Cygnus tyder «Svana», og Albireo er på hovudet åt svana; ho blir stundom kalla «nebbstjerna».
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Mihai Eminescu

Mihai Eminescu, (eigentleg Mihail Eminovici), (fødd 15. januar 1850 i Botoşani ved Czernowitz; død 15. juni 1889 i Bucuresti) var ein seinromantisk diktar, som vert rekna for å vere den rumenske nasjonalskalden. Mellom dei mest kjende dikta hans er «Luceafărul» («Lucifer»), «Mai am un singur dor» («Eg har eit enkelt ynskje att»), og fem Scrisori (Epistlar).
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Nordre halvdel av Donaudeltaet (Satelittbilete)

Donaudeltaet (Delta Dunăriirumensk) ligg i grenseområdet mellom Dobrogea (Romania) og i Odes'ka oblast' (Ukraina). Det er det største og best bevarte deltaet i Europa, med eit areal på heile 3446 km².

I 1991 vart Donaudeltaet teken inn i UNESCO si verdsarvliste og lista over biosfære-reservat.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25

Kinaskeistork (Platalea minor) har det minste utbreiingsområdet av alle skeistorkar, og den er den eineste av desse som vert sett på som truga. Den fyrste kinaskeistorken vart oppdaga og namngjeven i 1849. Han er knytta til kystområde i Aust-Asia, og det ser ut til at han tidlegare har vore vanleg i størstedelen av utbreiingsområdet sitt. I dag kjenner ein bare til rugande fuglar på nokre små klippeøyer langs vestkysten av Nord-Korea. Fuglen har tre overvintringsområde ved Hong Kong, Taiwan og i Vietnam, og utover det finst det nokre andre stader der ein har sett han på trekk.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Steinsakspapir.jpg

Stein, saks, papir er eit populært handspel oftast spelt av ungar. Det vert ofte brukt for å tilfeldig velje ut ein person til eit eller anna, men heilt tilfeldig er det ikkje alltid, for ein god spelar kan leggje merke til eit visst mønster i teiknveljinga til ein motstandar.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
BACH-motivet

BACH-motivet er innan musikken notesekvensen b, a, c og h. Dette firenotarsmotivet har vorte brukt av mange komponistar, vanlegvis som ein hyllest til Johann Sebastian Bach. Det fyrste kjende eksempelet finst allereie i eit stykke av Jan Pieterszoon Sweelinck. Det er mogleg, men ikkje stadfest, at han brukte det det for å hylle ein av Johann Sebastian sine forfedrar — fleire av dei var òg musikarar.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Djenné, grunnlagt rundt 800, var før eit viktig handelspunkt, og er no rekna som verdsarv.

Transsaharahandel mellom middelhavsland og Vest-Afrika, var ein viktig handelsveg frå 700-talet til slutten av 1500-talet. Før ein ser på karavanevegar og handelsvolum er det viktig å gjere greie for korleis slik handel i det heile teke kunne eksistere. Saharaørkenen er eit stort område med fientleg klima som skil Middelhavet sin økonomi frå Niger sin.

Fernand Braudel påpeikte (i The Perspective of the World) at eit sånt område på same måte som Atlanterhavet, berre er verdt å ta seg over under spesielle omstendigheiter, når vinsten overstig tapet. Men til skilnad frå Atlanterhavet har Sahara alltid vore bebudd av grupper av menneske som var vande med lokal handel.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Silkworm 01.png

Silkeorm (Bombyx mori) er larven frå ein nattsvermar. Silkeormar produserar naturleg silke, og er dermed svært viktige økonomisk. Ein silkeorm et kun lauvet frå morbærtre. Dei stammar frå nordre Kina.

Silkeormen har namnet sitt fordi han spinn kokongen sin av råsilke. Kokongen er laga av ein samanhengande tråd av råsilke som er mellom 300 og 900 meter lang.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

India er eit av dei språkrikaste landa i verda. Kor mange språk det er i India er omstridd, dette heng saman med skiljet mellom språk og dialekt. Folkelege rekningar oppgjev minst 30 ulike språk og rundt 2000 dialektar, medan andre kjelder som The Ethnologue oppgjev 415 levande språk i India.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Moai ved Rano Raraku.

Moai er namnet på steinstatuane på Påskeøya. Dei fleste statuane er hogde ut i eit stykke, men nokre har lause steinpukauar på hovudet. Det finst meir enn 600 kjende moai, fordelt over heile øya. Ved Rano Raraku, der dei fleste moai vart hogde ut av klippen, finst det nesten 400 meir eller mindre ferdige statuar. Steinbrotet verkar som det stoppa brått, ettersom det finst fleire halvferdige statuar igjen i klippen. Alle utstilte moai har seinare vorte velta av dei innfødde øybuarane.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Namnetabu var ei form av språktabu i Kina som innebar eit forbud mot å seie eller skrive namnet på keisaren eller forfedrene hans.

  • Det statlege namnetabuet (国讳; 國諱) var eit tabu mot å bruke namnet på keisaren samt forfedrene hans. Under Qin-dynastiets dagar unngjekk ein Qin Shi Huang sitt namn Zheng (政), og namnet på året sin fyrste månad "Zheng Yue" (正月, "den opprette månaden") vart bytt til "Duan Yue" (端月, "den korrekte/opprette månaden"). Generelt sett unngjekk ein forfedrene sitt namn så langt tilbake som til sjuande ledd.
  • Klanen sitt namnetabu (家讳; 家諱) var eit tabu mot å bruke namnet på sine forfedre
  • Dei heilage sitt namnetabu (聖人諱) var eit tabu mot å bruke namnet på respekterte personar. Under Jin-dynastiet var til dømes Konfucius sitt namn tabu.

Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
10 pengő

Pengő var tidlegare valutaen i Ungarn og vart brukt mellom 21. januar 1927 og 31. juli 1946, då den vart erstatta av forint etter ein periode med hyperinflasjon. Ein pengő var 100 fillér.

Etter fyrste verdskrig var den austerrike-ungarske krona utsett for ein kraftig inflasjon. I Ungarn vart ein ny valuta introdusert, pengően, i byrjinga svara 3 800 pengő til 1 kilo gull og 1 pengő svara til 12 000 austerrikske kroner.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Grenspaal Baarle.jpg

Baarle-Hertog en Baarle-Nassau vormen samen het dorp Baarle. 22 Belgische enclaves liggen verspreid in en om het dorp. In enkele van deze enclaves liggen weer 7 Nederlandse exclaves. Bij het Belgische dorpje Zondereigen ligt ook nog een Nederlandse onbewoonde enclave wat het totaal op 8 brengt. In 1995 heeft een tweede grenscommissie de grenzen officieel vastgesteld. Hierbij is o.a. een tot dusver neutraal stukje grasland toegewezen aan België, waarmee Baarle-Hertog sindsdien 22 enclaves kent.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Dragkamp på grasbane

Dragkamp er ein uthaldenheits- og styrkesport der to lag på kvar si side dreg eit tau. Det laget som vinn, er det laget som dreg det andre laget ei strekning på fire meter fyrst.

Normalt består eit dragkamplag av åtte dragarar. Dragkamp vert konkurrert i ulike vektklassar der det er dei åtte dragarane si samanlagde vekt som tel. Tauet skal ha ein omkrins på 10–12,5 cm og vere minst 33,5 meter langt. Ute er bana 40 meter lang og minst 3 meter brei der ein konkurrerer på grasunderlag. Ein kamp vert avgjort i best av tre dragingar.

Sporten var olympisk mellom 1900 og 1920.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Buddhistisk frise frå kushandynastiet

Kushan eller Kushana (貴霜, Ku-Shan) var eit dynasti som stamma frå Yuei-Chi i dagens Xinjiang og som invaderte India og skapte eit rike i det siste hundreåret f.Kr..

Riket ekspanderte frå dagens Samarkand i Sentral-Asia til Gandhararegionen i Nord-India. Hovudstaden var stundom Mathura saman med novarande Rawalpindi, stundom Sialkot. Den best kjende herskaren av riket var kong Kanishka, som gjorde seg kjend ved å støtta buddhismen.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
100 g virak

Virak eller olibanum er namnet på ein velluktande, gummiaktig harpiks frå tre i Boswellia-slekta, særleg B. sacra og B. frereana, som er ein viktig del av røykjelse.

Virak er blitt mykje brukt som røykjelse i religiøse riter, som parfyme, som vern eller medisin mot sjukdom og sår, og til balsamering. I dag er det særleg brukt i aromaterapi. Ein kan hausta virak frå Boswellia-tre frå dei er 8-10 år gamle. Det er mogleg å ta ut virak heile året, men den som er teken på den varmaste årstida har høgast kvalitet.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Venus av Willendorf

Venus av Willendorf er ein 11.1 cm høg skulptur av ein kvinneleg skikkelse frå steinalderen. Han er skoren ut frå ein type kalkstein som ikkje finst i dette området, og er farga med raud oker. Ein rekner med at han blei laga for 22.000 til 24.000 år sidan.

Skulpturen blei oppdaga nær Willendorf i Austerrike i 1908 av arkeologen Josef Szombathy. Han er no utstild i Naturhistorisches Museum i Wien.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Silberfischchen.jpg

Sølvkre (Lepisma saccharina) er eit lite insekt som høyrer til børstehalane. Dei voksne dyra er mellom 7 og 12 mm lange.

Kroppsform er noko flattrykt, langstrekt og smalar av bakover. Kroppen er dekka av små, blanke skjell, og bakerst har dyret tre lange haletrådar.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 40, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 41, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 42, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 43, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Tuvinsk (Тыва дыл (Tyva dyl) eller Tıva dıl) er eit nordtyrkisk språk som vert snakka av omkring 206 000 tuvinarar i den russiske republikken Tuva i sør i sentrale Sibir samt av om lag 27 000 i Burjatia i Mongolia og Kina. Språket har lånt eit stort antal røter frå mongolsk og eit fåtal ord frå russisk.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Ei no-framsyning.

No (japansk: 能/Nō) er ei klassisk japansk teaterform frå 1500-talet.

Sminke vert ikkje brukt, men dei fleste rollene blir spela med masker. Skodespelarane har dekorerte, stoffrike silkedrakter. Spelet er ikkje naturalistisk, men stilisert og tufta på konvensjonar. Ei rørsle kan vera eit innarbeidd symbol eller eit estetisk uttrykk for kjenslene til rollefiguren.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 46, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 47, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 48, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 49, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 50, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 51, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Nellie Bly

Nellie Bly (fødd Elizabeth Jane Cochran 5. mai 1864 i Cochran's Mills i Pennsylvania, død 7. januar 1922 var ein undersøkande journalist og pioner.

Allereie som 22-åring gjennomførte ho ei svært spesiell reportasjereise. Oppdraget hennar var nemleg å prøve å slå Phileas Fogg sin «litterære» rekord på 80 dagar for ei jorda rundt-reise. Ho fekk den fyrste utdanninga si i heimen, men gjekk seinare på skule i Indiana.
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Vekas omsetjing/Veke 53, 2005
Vis - Diskusjon - historikk


Vekas omsetjing-arkiv for 2004 - Vekas omsetjing-arkiv for 2005

I dag er det onsdag, 22. mai 2019; klokka er 16:03 (UTC)

Slett sidebufferen