Hopp til innhald

Follobanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Follobanen
Info
TypeJernbane
SystemDobbeltspora elektrifisert bane
Statusunder bygging
UtgangsstasjonOslo sentralstasjon
EndestasjonSki stasjon
Tal på stasjonar2
Drift
Opna2022
EigarBane Nor
Type trafikkPassasjerar og gods
Teknisk
Lengde22 km
Lengde dobbeltspor22 km
Tunnelar1

Follobanen er ei 22 kilometer dobbeltspora, elektrifisert jernbane for høgfartstog mellom Oslo sentralstasjon og Ski stasjonØstfoldbanen, der banen vert tilkopla Østfoldbanen. Byggjearbeidet tok til i juni 2015 og banen vart opna i desember 2022, men stengt att på grunn av ein teknisk feil.

Follobanen, som har namn etter distriktet Follo, kjem i tillegg til den sterkt trafikkerte Østfoldbanen på strekninga Oslo-Ski og er den siste strekninga inn til Oslo sentralstasjon som får fire spor. Dette vil auke kapasiteten og regulariteten på strekninga monaleg. Banen er lagt i tunnel, Blixtunnelen, på så godt som heile strekninga, utan stasjonar. Det er bygd atskilde tunnelløp for kvart av dei to spora, i motsetnad til det som har vore vanleg her i landet til no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]