Ålgårdbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ålgård stasjon vert no nytta i samband med kyrkja.
Togstasjonen på Figgjo står framleis, og vert nytta av Ålgårdbanens venner.
Sporet gror til.
Foto: Per Olav Bøyum

Ålgårdbanen eller Ålgårdsbanen er namnet på ei jarnbaneline, sidelina frå Ganddal stasjonJærbanen til Ålgård stasjon. Lina er 12 kilometer lang, og vart opna i 1924. Ho var tenkt som byrjinga av Sørlandsbanen, som skulle byggjast om lag der som E39 går no. Men slik vart det ikkje, og passasjertrafikken vart nedlagd i 1955. Størstedelen av godstrafikken forsvann i 1988, og spora på Ålgård stasjon vart rivne opp.

I 1923 gjorde Stortinget vedtak om bygging av den såkalla "Indre Linje" (Klungland - Bjerkreim - Vikeså - Ålgård). I 1937 gjorde Stortinget nytt vedtak om at den normalspora Sørlandsbanen skulle gå over Egersund og Jæren.

Dei siste åra har berre dei tre første kilometerane av lina vorte nytta til togtrafikk. På Figgjo stoppestad, som no har vorte museum, kan ein leiga seg skjenesykkel (dresin) og sykla til Ålgård og attende.

Det har vore gjort fleire overslag over kor mykje det vil koste å sette i stand Ålgårdbanen til regulær drift. Det siste overslaget (2012) har gjort at Jernbaneverket ikkje er avvisande til det.

Stoppestadar:

Turen frå Ganddal til Ålgård tok om lag 20 minutt i 1955.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Kilometrering refererer til Oslo V.

Teiknforklaring
BSicon LSTR.svg Jærbanen frå Sandnes
BSicon BS2+l.svgBSicon eBS2+r.svg
BSicon CPICl.svgBSicon exCPICr.svg 580,55 km Ganddal stasjon (1878) 21,2 moh
BSicon LSTR.svgBSicon exSTR.svg til Klepp
BSicon .svgBSicon exBUE.svg Fv330 Hovevegen
BSicon .svgBSicon exWBRÜCKE.svg Bru over Storåna (10 m)
BSicon .svgBSicon exHST.svg Holane haldeplass (1927)
BSicon .svgBSicon exHST.svg Vagle haldeplass (1951)
BSicon .svgBSicon exDST.svg 584,15 km Foss-Eikeland (1924) 25,2 moh
BSicon .svgBSicon exABZgl.svg industrisidespor til Spenncon Sandnes
BSicon .svgBSicon exWBRÜCKE.svg Bru over Figgjoelva (30 m)
BSicon .svgBSicon exHST.svg Kallberg haldeplass (1928)
BSicon .svgBSicon exDST.svg 587,27 km Bråstein (1924) 52,4 moh
BSicon .svgBSicon exLSTR.svg avbrote spor
BSicon .svgBSicon exHST.svg Figgjo Fajanse haldeplass (1952–1955)
BSicon .svgBSicon exHST.svg 589,74 km Figgjo (1924) 85,8 moh
BSicon .svgBSicon exABZgl.svg sidespor til Ålgård uldvarefabrikker 87,3 moh
BSicon .svgBSicon exHST.svg Figgjo Fabrikker haldeplass (1922)
BSicon .svgBSicon exBRÜCKE1.svg Fv294 Figgjovegen (50,6 m)
BSicon .svgBSicon exKBHFe.svg 592,79 km Ålgård stasjon (1924) 94,0 moh

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]