Røykenvikbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røykenvikbanen
Røykenvikbanen.jpg
Kart frå 1902
Info
Land Flag of Norway.svg Noreg
Type Sidebane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Jaren
Endestasjon Røykenvik
Tal på stasjonar 4 stk
Drift
Opna 20. desember 1900
Nedlagt 1949 (passasjertrafikk)
1957 (godstrafikk)
Eigar Norges Statsbaner
Operatør(ar) Norges Statsbaner
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Køyrestraum Nei
Sporvidde 1 435 (normalspor)
Lengde 6,7 km
Lokomotivstallen i Røykenvika husar i dag ein restaurant.

Røykenvikbanen var ei om lag sju kilometer lang sidelinje på Gjøvikbanen frå Jaren til Røykenvik ved Randsfjorden. Sidebanen vart trafikkert frå 1900 og fram til 1957. Trafikken på strekninga til Røykenvik kom i gang før resten av Gjøvikbanen vart opna, slik at strandbygda ved Randsfjorden i to år vart rekna som Gjøvikbanens nordlegaste stasjon. På dette tidspunktet heitte Gjøvikbanen Nordbanen og gjekk berre til Grefsen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Røykenvikbanen vart primært bygd for transport av tømmer etter stortingsvedtak i mars 1894, men fekk etterkvart òg ein viss persontrafikk. Frå starten var det haldeplass ved Andfossen, men rundt 1930 vart motorvogner sett inn i trafikk på banen og ein uoffisiell haldeplass ved Augedalsbakken vart opna (ca. 700 meter nord for Brandbu).

Stasjonen på Brandbu var banens einaste mellomstasjon. Den låg særs usentralt i høve til sentrum i bygda. Toget vart derfor etterkvart utkonkurrert av bussrutene til Jaren. Persontrafikken på banen opphøyrde derfor alt i 1949, medan godstrafikken heldt fram november 1957. Ca. 800 meter av strekninga vart etter nedlegginga behalde som sidespor ved Jaren stasjon (Jaren–Andfossen), mens resten av banen vart fjerna i 1960.

Røykenvik stasjon vart brannskadd i 1964 og vart riven året etter. Lokomotivstall og godshus er bevart. Stasjonsbygninga på Brandbu vart riven i 1984, men godshuset er framleis i bruk som lager. Riksveg 34 går i dag tvers over stasjonsområdet.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon exKBHFa.svg 78,61 km Røykenvik (1900-1957) 137,6 moh.
BSicon exWBRÜCKE.svg 77,78 km Augedalselva (44 m)
BSicon exBHF.svg 75,98 km Brandbu (1900-1957) 178,4 moh.
BSicon exHST.svg Augedalsbakken (Ca 1930-1949)
BSicon exWBRÜCKE.svg 73,65 km Augedalselva (18 m)
BSicon exHST.svg 73,54 km Andfossen (1904-1949)
BSicon d.svgBSicon xABZrg.svgBSicon dLSTRq.svg Gjøvikbanen frå Bleiken
BSicon BHF.svg 71,92 km Jaren stasjon (1900) 207,2 moh.
BSicon LSTR.svg mot Gran

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]