Holmestrand–Vittingfossbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holmestrand–Vittingfossbanen
SundbyfossJernbanebru.JPG
Sundbyfoss Jernbanebru (i 2011) over Sundbyelva.
Info
Status nedlagt og fjerna
Utgangsstasjon Holmestrand
Endestasjon Hvittingfoss
Tal på stasjonar 9
Drift
Opna 30. september 1902
Delvis nedlagt 1931 (Hillestad — Holmestrand)
Nedlagt 1. juni 1938
Operatør(ar) Vestfold Privatbaner
Type trafikk Passasjer- og godstrafikk
Teknisk
Sporvidde 1067 mm
Lengde 29,8 km

Holmestrand-Vittingfossbanen (HVB) vart opna 30. september 1902 og nedlagt 1. juni 1938, persontrafikken 27. september 1931. Den gjekk frå Holmestrand i Vestfold til Hvittingfoss i Buskerud.

Det viktigaste grunnlaget for banen var tresliperiet på Hvittingfoss. Der vart det produsert tremasse av tømmeret som vart fløyta på Numedalslågen ved hjelp av kraftverket i Hvittingfossen.

Trasé[endre | endre wikiteksten]

Banen vart bygd som to strekningar. Den eine gjekk frå Holmestrand til Hillestad, den andre frå Hof til Hvittingfoss. Frå Hillestad til Hof delte den strekning med Tønsberg-Eidsfossbanen som hadde blitt opna året før.

Framføringa mellom Holmestrand og Hvittingfoss er prega av store høgdeskilnader. Banen vart bygd for ei stigning på 25 promille og ein kurveradius på 100 meter. Dette var ikkje nok, så på veg ut av Holmestrand måtte toget først rygge til ein stad som vart kalla Reversen, og deretter køyre framover. Reversen var ein haldeplass for lossing og lasting av mellom anna mjølkespann til og frå Melkefabrikken. Ned til Hvittingfoss gjekk banen i ei stor sløyfe. I Holmestrand hadde banen ein eigen stasjon i Havnegaten, ved Dr. Graaruds plass.[1] Traséen gjennom Holmestrand tok av frå Vestfoldbanen nord for Holmestrand stasjon, førte vidare langs hamneområdet og langs Havnegaten til Holmestrand privatbanestasjon. Derifrå gjekk den vidare over dagens industriområde, langs Backers gate og Hagemannsveien til Gausen, der det òg var lokstall. Ved Gausen kryssa traséen Vestfoldbanen og enda ved Reversen haldeplass i Vestfoldgaten, der toget måtte skifte retning for å kunne køyre vidare.[2]

Resultatet av denne framføringa var at køyretida mellom stadene var på ca. 90 minutt, over ein distanse på 31 kilometer. Til samanlikning var bilvegen berre 23 kilometer, da framføring med tog må gjerast med mindre stigningar enn med bil.

Sør for Hillestad skole ved Hynnås har 150 m av skjenegangen blitt sett i stand av Museumsforeningen Vestfold Privatbaner.[3] Lokstallen ved Gausen er intakt og blir brukt av ein bilverkstad. I Hvittingfoss er stasjonsbygningen og godshuset bevart. [4]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon exKBHFa.svg 29,80 km Hvittingfoss (1902)
BSicon exHST.svg Mossåsen (?)
BSicon exBHF.svg 22,70 km Kleppan (1902)
BSicon exBHF.svg 20,60 km Haslestad (1902)
BSicon d.svgBSicon exABZg+l.svgBSicon exdLSTRq.svg Tønsberg-Eidsfossbanen frå Eidsfoss
BSicon exBHF.svg 19,40 km Hof (1901)
BSicon exBHF.svg 17,10 km Sundbyfoss (1901)
BSicon exWBRÜCKE.svg Sundbyfoss bru (20 m)
BSicon exBHF.svg 13,40 km Hildestad (1901)
BSicon exdLSTRq.svgBSicon exABZgr.svgBSicon d.svg Tønsberg-Eidsfossbanen til Tønsberg
BSicon exHST.svg Hillestad plattform (?)
BSicon exBHF.svg 9,80 km (Island) seinare Hynnås (1902)
BSicon exBHF.svg 7,50 km Guldhaug (1902)
BSicon exHST.svg Ramberg (?)
BSicon .svgBSicon exSTR.svgBSicon LSTR.svg Vestfoldbanen frå Drammen
BSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdSTR.svgBSicon d.svgBSicon edSHI2gl.svgBSicon exdSHI2+r.svg
BSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdSTR.svgBSicon d.svgBSicon dBHF.svgBSicon exdSTR.svg Holmestrand stasjon
BSicon .svgBSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdSTR.svgBSicon d.svgBSicon dSTR.svgBSicon exdBHF.svgBSicon .svg 0,00 km Holmestrand privatbanestasjon
BSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdTUNNEL1.svgBSicon d.svgBSicon dSTR.svgBSicon exdSTR.svg Innlofjellet tunnel (1902, 342 m)
BSicon .svgBSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdSTR.svgBSicon d.svgBSicon dSTR.svgBSicon exdBHF.svgBSicon .svg 1,00 km Gausen med lokstall (1929)
BSicon .svgBSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdSTR.svgBSicon d.svgBSicon edSHI2g+l.svgBSicon exdSHI2r.svgBSicon .svg
BSicon .svgBSicon exdSHI2l.svgBSicon exdSHI2+lr.svgBSicon edSHI2gr.svg
BSicon .svgBSicon d.svgBSicon exdKHSTe.svgBSicon dSTR.svg Reversen (1902)
BSicon .svgBSicon .svgBSicon dLSTR.svg Vestfoldbanen til Tønsberg
BSicon .svg
Holmestrand–Vittingfossbanen på eit kart frå 1910.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Holmestrand (HVB) stasjon med banens personale og ledelse på plattformen». Digitalt Museum. Henta 26. august 2012. 
  2. «Kartanimasjon fra Holmestrand». Museumsforeningen Vestfold Privatbaner. 2009. Henta 2. september 2012. 
  3. «Tønsberg-Eidsfossbanen og Holmestrand-Vittingfossbanen». Norske jernbanestasjoner. 9. mars 2010. Henta 24. august 2012. 
  4. Nils Carl Aspenberg (1994) Glemte spor: boken om sidebanenes tragiske liv – Baneforlaget, Oslo. ISBN 82-91448-00-0.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Asbjørn N. Jakobsen (1993) Små-tog på spinkle skinner gjennem det indre av Vestfold, s. 224 sider – Norge. ISBN 8299291402. 9788299291408.
  • Asbjørn N. Jakobsen (1996) Jernbaneminner fra Vestfold, s. 304 sider – Norge.
  • Håkon Westby (2002) Holmestrand–Hvittingfossbanen – Den postale historien, s. 24 sider – Ramnes, Norge [100-års jubileumshefte].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]