Namsosbanen
| Namsosbanen | |
| Info | |
|---|---|
| System | Enkeltspora bane |
| Status | Sidebane utan regulær trafikk |
| Utgangsstasjon | Grong |
| Endestasjon | Namsos |
| Drift | |
| Opna | 1933 |
| Eigar | Bane NOR |
| Teknisk | |
| Lengd | 51,5 km |
| Bruer | 18 |
| Tunnelar | 5 |
| Planovergangar | 113 |
Namsosbanen er ei jernbanestrekning som går frå Grong til Namsos i Trøndelag. Strekninga er 52 km lang og er eit sidespor til Nordlandsbanen. Banen vart opna 1. november 1933. Persontrafikken vart lagd ned i 1978. Godstrafikken til Namsos vart nedlagd i 1999, men heldt fram med korntog mellom Grong og Skogmo til 2005.
I dag kan turistar låne dresin på campingplassen i Namsos for å sykle strekninga Namsos-Skage. Jernbaneverket estimerte i 2009 at ei opprustning av Namsosbanen vil koste mellom 150 og 250 millioner kroner.[1] Namsosbanen er offisielt ikkje nedlagt. 14. oktober 2010 vart Grong stasjon fjernstyrt og Namsosbanen er signalteknisk ikkje lenger ein del av stasjonen. Banen vart då eit sidespor til Grong.[2] I 2021 blei banen tatt ut av det nasjonale jernbanenettet.[3]
Strekning
[endre | endre wikiteksten]Kilometrering refererer til Trondheim
| Teiknforklaring | |||
| Nordlandsbanen frå nord | |||
| 219,54 km | Grong (1929) | ||
| til Steinkjer | |||
| Sanddøla bru | |||
| Røttesdal viadukt (107 m) | |||
| 222,85 km | Dun (1933) | ||
| Sem | |||
| 225,84 km | Skjemsvoll (1933) | ||
| Jørem (1933) | |||
| 231,53 km | Øyheim (1933) | ||
| 235,78 km | Øysletta (1933) | ||
| Bertnem bru (Namsen) (195 m) | |||
| Heknbakk (1933) | |||
| Skogmo industrispor (1983) | |||
| 241,76 km | Skogmo (1933) | ||
| stengt for trafikk herfrå[4] | |||
| Bjøra (98 m) | |||
| Himo (1936) | |||
| 245,12 km | Overhalla (1933) | ||
| Reina (54 m) | |||
| Barlia (1953) | |||
| 249,42 km | Øysvoll (1933) | ||
| Myrmo (1933) | |||
| Halvardmo (1962) | |||
| Skage industrispor (1983) | |||
| 256,44 km | Skage (1933) | ||
| Myreelva (57 m) | |||
| Bergeng (150 m) | |||
| Brudalsøya (29 m) | |||
| Grytøya (1936) | |||
| Vika (46 m) | |||
| 262,96 km | Kvatninga (1933) | ||
| Meosen (45 m) | |||
| Meosen (1934) | |||
| Høyknes (1933) | |||
| Angelskjæret (1963) | |||
| Hønhaugen 1 (69 m) | |||
| Hønhaugen 2 (84 m) | |||
| 270,14 km | Namsos (1981) | ||
| 271,15 km | Namsos gamle (1933) | ||
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nytt nei til Namsosbanen». NRK Trøndelag. 3. juni 2009. Henta 29. desember 2012.
- ↑ «Grong stasjon fjernstyrt». Arkivert frå originalen 15. november 2018. Henta 26. august 2021.
- ↑ Samferdselsdepartementet (11. mai 2021), «Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet», Regjeringa.no, henta 26. august 2021
- ↑ «Network Statement 2008 Vedlegg 3.2.2.2: TILKNYTTEDE NETT» (pdf). Jernbaneverket. 1. desember 2006. s. 6. Henta 20. januar 2008.
