Stavne–Leangenbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavne–Leangenbanen
Entrance to Tyholt Tunnel from Lerkendal.jpg
Tyholttunnelen ved Lerkendal
Info
Type Jernbane
System Éinspora uelektrifisert bane
Status Aktiv
Utgangsstasjon Marienborg stasjon
Endestasjon Leangen stasjon
Tal på stasjonar 2 (med nedlagde Stavne stasjon)
Drift
Opna 2. juni 1957
Eigar Bane NOR
Type trafikk Lokaltrafikk, godstrafikk
Loktypar NSB type 92
Teknisk
Køyrestraum Ikkje elektrifisert
Lengd 5,8 km
Lengd dobbeltspor 0
Kryssingsspor 0
Bruer 6
Tunnelar 1
Planovergangar 0
Stavne–Leangen Line map.svg

Stavne–Leangenbanen er ei 5,8 km lang jernbanestrekning i Trondheim kommune. Banen tar av frå Dovrebanen ved Stavne på vestsida av Nidelva, kryssar elva og deretter E6 før han kjem til Lerkendal haldeplass, som i dag er den einaste haldeplassen på strekninga. Vidare går jernbanen gjennom den 2,7 km lange Tyholttunnelen før han kjem ut ved Leangen stasjon, og kjem inn på Meråkerbanen mot Hell. I 2013 vart det nybygde sørlege sporet frå Dovrebanen gjenopna etter at dei omfattande vegarbeida i området var ferdige. Banen vil bli elektrifisert som den første delen i samband med elektrifiseringa av Meråker- og Nordlandsbanen som er planlagt ferdig i 2024. [1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Stavnebanen vart påstarta under 2. verdskrigen etter ønske frå Wehrmacht for å få ein alternativ jernbane utanfor Trondheim sentrum ved ein eventuell sabotasjeaksjon. Fordi det tok lang tid å bygge tunnelen, begynte ein òg å bygge ei parallellstrekning frå Skansen stasjon og gjennom Sandgata. Då krigen var slutt var likevel ingen av dei to strekningane ferdige. Sporet frå Sandgata og vidare gjennom Olav Tryggvasons gate hadde berre nådd Søndre gate.[2] Vidare bygging av Stavne–Leangenbanen vart utsett, og han vart offisielt opna først 2. juni 1957. Til å begynne med vart han berre nytta til godstrafikk, men sidan 1988 er strekninga mellom Marienborg og Lerkendal trafikkert på kvardagar av lokaltog frå Steinkjer. Gjennom Tyholttunnelen går det framleis berre godstrafikk.[3]

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Stavnebanen frå Tyholttunnelen i retning Leangen stasjon
Teiknforklaring
BSicon vLSTR-.svg Dovrebanen frå Trondheim
BSicon v-SHI2gr.svgBSicon .svg
BSicon dKDSTe.svgBSicon vSHI2gl-.svgBSicon d.svg 550,76 km Trondheim M (1917)
BSicon vHST.svg 549,95 km Marienborg (2001)
BSicon .svgBSicon vSHI2l-.svg
BSicon .svgBSicon lMKRXu.svg
BSicon STRc2.svgBSicon v-STR3.svg
Stavne kulvert (ca. 50 m)
BSicon STR+1.svgBSicon STRc4.svg
BSicon cd.svgBSicon dSTR+l.svgBSicon ABZg+r.svg
549,61 km Søndre Tilsving
BSicon edHST.svgBSicon edDST.svgBSicon STR.svgBSicon d.svg 549,24 km Stavne (1908-1999)
BSicon SPLe.svgBSicon hKRZWae.svgBSicon d.svg Stavne bru over Nidelva (186 m)
BSicon LSTR.svgBSicon STR.svgBSicon d.svg Dovrebanen til Heimdal
BSicon d.svgBSicon SKRZ-Yo.svg Stavne–Leangenbanen Holtermanns veg
BSicon d.svgBSicon STRo.svg Klæbuveien
BSicon d.svgBSicon HST.svg 550,37 km Lerkendal (1988)
BSicon d.svgBSicon SBRÜCKE.svg Strindveien
BSicon d.svgBSicon TUNNEL1.svg Tyholttunnelen (2760 m)
BSicon d.svgBSicon STRo.svg Rønningsbakken
BSicon d.svgBSicon SKRZ-Yo.svg Stavne–Leangenbanen Innherredsveien
BSicon d.svgBSicon STRo.svg Thonning Owesens gate
BSicon .svgBSicon ABZg+l.svgBSicon dLSTRq.svg Meråkerbanen frå Trondheim
BSicon d.svgBSicon BHF.svg 554,94 km Leangen
BSicon d.svgBSicon LSTR.svg Meråkerbanen til Hell
BSicon .svgBSicon .svgBSicon .svg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.banenor.no/Prosjekter/prosjekter/Elektrifisering-trondelag/
  2. Nils Carl Aspenberg (1994). Glemte spor: Boken om sidebanenes tragiske liv. Oslo: Baneforlaget. s. 299–300. ISBN 82-91448-00-0. 
  3. «Blad 14 Trondheim S - Grong Leangen -Marienborg Hell - Storlien» (PDF). Jernbaneverket. 13. desember 2009. Henta 9. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Stavne–Leangenbanen