Solbergfossbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solbergfossbanen
Solbergfossbanen 1920.jpg
Bildet er tatt ved Solbergfoss i 1920.

Foto: Anders Beer Wilse

Info
Land Flag of Norway.svg Noreg
Type Jernbane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Askim
Endestasjon Solbergfoss
Tal på stasjonar 3
Drift
Opna 1918
Nedlagt 1964
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) Tidlegare NSB
Type trafikk Godstrafikk (1918–37)
Passasjertrafikk (1920–64)
Teknisk
Sporvidd 1435 mm
Lengd 7,9 km

Solbergfossbanen var ei 7,9 km lang jarnbanelinje mellom Askim på den austre av Østfoldbanen sine to linjer og Solbergfoss kraftverk. Banen stod ferdig i 1917, nedlagt i 1964. Han vart bygd av Kristiania (Oslo) kommune for å frakte materialar og utstyr fram til Solbergfoss kraftverk i Glomma, som då var under oppføring (1913–1924). Banen vart nytta til godstransport i byggetida og fram til 1937. Men ifylgje konsesjonsvilkåra for banen var kraftverket pålagt å drive persontransport, og dette tok til i 1920.

Dei fyrste åra vart passasjertransporten på Solbergfossbanen avvikla med damplokomotiv og alminnelige personvogner. Men frå 1928 vart det nytta ein såkalla skjenebuss på strekninga, ei skjenegåande vogn med bensinmotor som var meir lønsam å nytte på ein slik svakt trafikkert jarnbane enn vanlege tog. Skjenebussen var bygd på den svenske verkstaden Aktiebolaget Hässleholms Werkstäder, og var i hovudsak utforma på same måten som dei fyrste skjenebussane som Noregs statsbanar skaffa seg, og likna på si tids vanlege landevegsbussar. Vogna hadde ein 66 HK Willys Knight sleidventilmotor, som er ein spesiell motortype med rørlege sylinderforingar i staden for vanlege ventilar, slik at det er portar i foringane som styrar inn- og utstrøyminga i sylindrane av brennstoff og avgass.

Skjenebussen hadde 17 sitjeplassar, og bak var det eit lite rom for gods. Men til liks med landevegsbussane, hadde skjenebussen berre førarplass i den eine enden, og måtte difor snuast på ei lita vendeskive på kvar av endestasjonane. Vogna fungerte godt på banen, vart populær og synte seg etter kvart å vere i minste laget. Difor skaffa jarnbanen seg ein litt større skjenebuss i 1938, og dei to motorvognene vart nytta vekselvis.

Det var persontrafikk på strekninga fram til nedlegginga av banen i 1964. Skjenegangen er no fjerna og traseen stort sett nytta til gang- og sykkelveg og turveg. Men vendeskiva i Askim er delvis teken vare på. Dei to skjenebussane, som vart kalla «Gamla» og «Padda», er tekne vare på av Norsk Jernbaneklubb.

Andre industribanar i Askim var Vammalinna og Kykkelsrudlinna/Schuckertlinna.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon exKBHFa.svg 7,90 km Solbergfoss kraftverk (1918)
BSicon exHST.svg 6,00 km Tømt (1918)
BSicon exBRÜCKE1.svg 4,20 km Skaarud bru
BSicon exHST.svg 3,40 km Onstad (1918)
BSicon exBRÜCKE1.svg 2,17 km Kolstad bru over Kolstadbekken og Kolstadveien (33 m)
BSicon dLSTRq.svgBSicon xABZg+r.svgBSicon d.svg Østfoldbanen frå Ski
BSicon BHF.svg 0,00 km Askim (1918)
BSicon LSTR.svg Østfoldbanen til Mysen

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]