Religion i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Representantar for ulike religiøse grupper i Storbtiannia møter den britiske utanriksministeren i London for å overlevera eit ope brev som ber om frigjeving av sju bahai-leiarar fengsla i Iran.
Foto: Foreign and Commonwealth Office, 2013

Religion i England er prega av den engelske kyrkja, som har vore statskyrkje sidan 1500-talet og har den engelske monarken som overhovud. Kristendommen hadde då vore hovudreligionen i fleire hundreår. Andre viktige kristne retningar i landet er katolisisme, metodisme og baptistkyrkja. Etter kristendommen er religionane med flest medlemmer i landet islam, hinduismen, nypaganismen, sikhismen, jødedommen, buddhismen og bahai.

Sjølv om landet har ei statskyrkje er England likevel eit ganske sekulært land. Til dømes blir under ein tredel av vigslar utførte i den engelske kyrkja, og ein fjerdedel av ungar døypte i henne.[1]

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Religion i England (2011)[2] ██ Kristendom (59,4%)██ Ikkje-religiøse (24,7%)██ Ikkje oppggejven (7,2%)██ Islam (5,0%)██ Andre religionar (2,2%)██ Hinduisme (1,5%)

Folketeljingane i 2001 og 2011 fann at kristendommen var den mest utbreidde religionen, men telte ikkje opp dei ulike formene for kristendom i England.

Religion 2001[3] 2011[2]
Tal % Tal %
Kristendom 35 251 244 71,7 31 479 876 59,4
Ingen religion 7 171 332 14,6 13 114 232 24,7
Islam 1 524 887 3,1 2 660 116 5,0
Hinduisme 546 982 1,1 806 199 1,5
Sikhisme 327 343 0,7 420 196 0,8
Jødedom 257 671 0,5 261 282 0,5
Buddhisme 139 046 0,3 238 626 0,5
Annan religion 143 811 0,3 227 825 0,4
Religion ikkje oppgjeven 3 776 515 7,7 3 804 104 7,2
Totalt 49 138 831 100,0 53 012 456 100,0

Historiske religionar[endre | endre wikiteksten]

Den keltisk-romerske guddomen Sulis Minerva blei dyrka i Aquae Sulis, dagens Bath.

England har husa fleire før-kristne eller såkalla heidenske religionar. Nokre av desse er lite kjende, men representerte gjennom rituelle monument som Stonehenge og Avebury. Andre er betre dokumenterte.

Gallo-romersk religion[endre | endre wikiteksten]

Ein gallo-romersk religion blei danna i Romersk Britannia då romarane kom i kontakt med britonarar. Druidane deira blei skildra av Cæsar[4] og forbodne under Claudius.[5] Britonarane fortsette likevel å tilbe gudane sine, som Ancasta, som ofte kunne smelta saman med tilsvarande romerske gudar. Romarane bygde fleire tempel, som det ved Aquae Sulis, dagens Bath.

Kultar som mithraismen blei også utbreidde mot slutten av den romerske okkupasjonen. Mithrastempelet i London er eit døme på at ein slik mysteriereligion var populær blant den urbane eliten.

Germansk heidendom[endre | endre wikiteksten]

I løpet av mellomalderen kom anglo-saksarar til England og hadde med seg si tru, ei form for germansk heidenskap. Seinare, etter at dei fleste anglosaksarene var blitt kristna, kom vikingar frå Skandinavia med si nærskylde norrøne gudetru. Ein finn spor av denne gjennom relieff på såkalla hogbackar og på Gosforthkrossen.

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

St Martin's-kyrkja ved Canterbury med utsyn mot domkyrkja i Canterbury.
Koret i Ely domkyrkje.

Heilage Jørgen (Saint George) er vernehelgen for England, og det engelske flagget er danna av krossen hans. Før Edward III si regjeringstid var vernehelgenen Edmund martyren, medan heilage Alban er rekna som den første engelske martyren.

Kristendommen kom til England tidleg i historia si. Ifølgje ulike soger skal Josef frå Arimatea, kong Lucius og heilage Fagan fått kristendommen hit allereie i det første eller andre hundreåret e.Kr., men dei eldste historiske kjeldene til kristendommen blant britane er frå kyrkjefedrar som Tertullianus og Origenes på 200-talet. Romersk Britannia hadde tre biskopar som deltok ved konsilet i Arles i 314. Keltisk kristendom var også ei viktig form for tidleg britisk kristendom.

I anglikansk tradisjon er kyrkjegrunnleggjaren deira Augustin, den første erkebiskopen av Canterbury, som levde på 500-talet. Dronninga til Æthelberht av Kent, Berthe eller Bertha, var dotter av den frankiske merovingarkongen Charibert, og tok med seg sjelesørgaren Liudhard til Storbritannia. Bertha restaurerte ei romersk kyrkje aust for Canterbury og vigde henne til Martin av Tours, vernehelgenen for denmerovingiske kongefamilien. Denne kyrkja, Saint Martin's, er den eldste kyrkja i England som framleis eri bruk. Æthelberht sjølv var ikkje kristen, men lét kona si dyrka Gud på sin eigen måte i St Martin's. Truleg under påverknad frå kona si bad Æthelberht pave Gregorius I senda misjonærar, og i 596 sende paven Augustin og ei gruppe munkar til landet. Etter ei tid konverterte Æthelberht til kristendommen, og det same gjorde fleire tusen av undersåttane hans. Canterbury og York blei to viktige sete for kristendommen i England som har halde stillinga si til moderne tid.

Kyrkjemøtet i Whitby i 664 er eit viktig skilje i engelsk kristendom ettersom det var her kong Oswiu av Northumbria avgjorde å følgja katolsk og ikkje keltisk kristendom. Kyrkjemøtet slo dast at ein skulle fastsetja datoen for påske på katolsk vis, og følgja katolske tonsurtradisjonar. Rundt denne tida blei Lindisfarne-evangelia laga, og den heilage Beda var verksam.

Under Alfred den store i 871 og Wihelm erobraren i 1066 blei England gjort til eit rike med ei statskyrkje, tidlegare enn mange andre land i Europa. Ei rekkje vikingherjingar på 800-talet hadde øydelagd dei fleste klostera. Kong Edgar og erkebiskophen hans Dunstan sette i gang ein reform ved kyrkjemøtet i Whitby i 970, der ein kom fram til at alle biskopar skulle prøva å skipa kloster ved domkyrkjene sine etter benediktinarordenen. Den normanniske Wilhelm og erkebiskopen hans Lanfranc arbeidde for å fullføra reformarbeidet.

I mellomalderen var tilbeding av helgenar viktig, og det fanst fleire pilegrimsmål i landet: St. Alban's Abbey, med relikviar etter den første engelske martyren; Ripon, som var grunnlagd av heilage Wilfrid; Durham, der domkyrkja husa leivningane etter heilage Cuthbert av Lindisfarne og Aidan; Ely, vigd til heilage Etheldreda; Westminster Abbey, med eit storslått minnsmerke for den heilage Edvard vedkjennaren, og Chichester, med leivningane til heilage Rikard. Ein erkebiskop av Canterbury, Thomas Becket, som var blitt drepen på ordre frå kog Henrik II i 1170, gjorde Canterbury til det viktigaste pilegrimsmålet i England.

Teologen John Wycliffe kritiserte kyrkja på 1300-talet, og la grunnlaget for lollardismen. Reformasjonen i England på 1500-talet byrja i 1531, då Henrik VII fekk parlamentet til å godta han som overhovud for kyrkja i England. Frå 1536 blei klostera i landet oppløyste. Henrik sin son Edvard VI vidareførte reformasjonen med steng ikonoklasme, medan den katolske systera hans Maria I, som etterfølgde han, gjeninnførte katolisismen og avretta protestantar for kjetteri. Under Elisabeth I blei den reformerte anglikanske kyrkja gjennnført for godt. I 1558 blei det innført ein lov, Act of Uniformity, som sa at alle måtte gå til (protestantisk) gudsteneste på sundagen eller betala ein større bot. Under henne blei det forbode å vera ein katolsk prest eller jesuitt i England, eller å husa dei. Mange katolikkar blei drepne for landsforræderi, mellom dei systera til Elisabet, Maria Stuart.

Under Jakob VI av Skottland og I av England blei tilhøvet mildare, men krutsamansverjinga som ei lita gruppe katolikkar stod bak gjorde forfølginga av katolikkane verre. Etter den engelske borgarkrigen, då puritanarane ei tid hadde makta, la Act of Settlement frå 1701 grunnlaget for det moderne engelske monarkiet der katolikkar er ekskluderte frå trona. Først frå slutten av 1700-talet byrja katolikkar få tilbake rettar dei hadde tapt under dei tidlegare forfølgingane. I 1829 fekk katolikkar tilbake fleire borgarrettar, og kunne ta sete i Det britiske underhuset. Frå den store hungersnauda i Irland av på midten av 1800-talet kom ei mengd irske katolikkar til England, og fleire katolske bispedøme blei gjenoppretta.

Nye kyrkjesamfunn som det til kvekarane oppstod på 1600-talet. Metodismen utvikla seg på 1700-talet. Han gav seinare grobotn for pinserørsla og Frelsesarmeen, som også blei høvesvis store kristne grupperingar i England. Vidare har fleire representantar for den lutherske, ortodokse og den koptiske kyrkja etablert seg i landet i lag med innvandrarar frå land der desse religionane står sterkt.

Jødedom[endre | endre wikiteksten]

Singers Hill synagoge i Birmingham i England.

Jødiske grupper er først dokumenterte i England etter den normanniske erobringa i 1066. Dei blei verande til jødar blei utviste frå landet av Edvard I av England i 1290. Seinare levde ein del jødar hemmeleg i landet. I 1656, under styret til Oliver Cromwell og på oppfordring frå rabbinaren Menasseh Ben Israel, blei mange av restriksjonane mot jødar oppheva, og dei kunne bu og utøva religionen sin fritt i England. På 1830-talet blei praktiserande jødar tillatne å sitja i Det britiske underhuset.

Etter 1880 kom fleire jiddisktalande jødar på flukt frå Aust-Europa til England. Jødane slo seg særleg ned i store industribyar som London, Leeds og Manchester, og reiste ei rekkje synagogar. Frå 1930-talet kom ei ny bølgje flyktningar frå land som var komne under nazistisk styre. I dag bur 300 000 jødar i Storbritannia, og landet er heim til det femte største jødiske samfunnet i verda.[6]

Islam[endre | endre wikiteksten]

Milkstone Mosque i Rochdale i North Yorkshire.

Mellomalderrika i England hadde noko kontakt med muslimsk kultur, noko ein mynt prega av Offa av Mercia på 700-talet med mønster frå myntar laga under den muslimske herskaren Al-Mansur viser.[7] I prologen til Canterburyfortellingene frå 1386 opptrer ein doktor som har kjennskap til skriftene til dei muslimske lærde Razi, Avicenna (Ibn Sina) og Averroes (Ibn Rushd).

Seinare kom engelskmenn i kontakt med islamske område som Barbareskkysten, Det osmanske riket og India. Ein del engelskmenn var sære interesserte i islam, og kan ha konvertert. Frå 1700-talet byrja muslimske sjøfolk frå Det britiske imperiet å slå seg ned i England, og rundt 1800 gjorde bihariske Sake Dean Mahomed suksess i England med sjamponering, servering og ein biografi.

I 1911 omfatta det britiske imperiet 94 millionar muslimskeundersåttar, mykje meir enn dei 58 millionane kristne i det verdsomspennande riket.[8] Etter den andre verdskrigen byrja ein del av desse å busetja seg i England, særleg muslimar frå det tidlegare Britisk India - India, Pakistan og Bangladesh.[9][10] Dei slo seg ofte ned i byar som London, Birmingham, Manchester, Bradford, Luton, Slough, Leicester og industribyane i Nord-England.[2] Ved folketeljinga i 2011 utgjorde muslimar 5 % av innbyggjarane i England og Wales,[2]

Hinduisme[endre | endre wikiteksten]

Hinduar kom til England frå Britisk India frå 1800-talet, dei fleste som studentar. Ein del religiøse leiarar vitja landet, som Raja Ram Mohun Roy, som møtte kristne vener og kong William IV i 1829, reformatoren sir R.G. Bhandarkar i 1874 og Swami Vivekananda i 1895 og 1896.[11] Yogien Paramahansa Yogananda vitja England i 1935 og 1936, og inspirerte til opprettinga av eit Self-Realization Fellowship Centre i London.

Etter det indiske sjølvstendet og delinga av Britisk India etter religiøse linjer kom fleire indarar til England som fabrikkarbeidarar og legar. Ei større gruppe hinduar kom til landet på 1970-talet, då asiatar med britiske samveldepass blei forviste frå Uganda under Idi Amin. Ei ny større gruppe kom på 1990-talet då hinduiske tamilar flykta hit frå Sri Lanka.

Ifølgje folketeljinga frå 2011 budde det 806 199 hinduar i England.[12] Byane der det bur flest hinduar er London og Leicester.[13][14] Neasden Temple i London er det største hindutempelet i Europa.[15]

Sikhisme[endre | endre wikiteksten]

Den siste maharadjaen av Sikh-riket, Duleep Singh, slo seg ned i England på midten av 1850-talet. I 1911 blei den første gurdvaraen i landet bygd i Putney i London. Større grupper sikhar kom først til landet på 1950-talet, hovudsakleg menn frå Panjab som fann arbeid i industrien. Dei slo seg hovudsakleg ned i London, Birmingham og West Yorkshire. I samband med utvisinga av asiatar frå Aust-Afrika kom ei ny større gruppe til landet.

Ved folketeljinga i 2011 var det 420 196 sikhar i England og over 352 gurdvaraer. Dei største gruppene budde i London, Bedford, Coventry, Birmingham, Wolverhampton, Bradford, Leeds, Warwick, Derby, Nottingham, Bristol og Huddersfield.[16][17] Leicester har også eit større sikh-samfunn,[18] og huser Guru Nanak Sikh Museum.[19] Dei største konsentrasjonane av sikhar fanst i Slough (10,8 %), Wolverhampton, Hounslow, Sandwell og Ealing.

Bahai[endre | endre wikiteksten]

Den første engelskfødde bahaien var Ethel Jenner Rosenberg, som konverterte i 1899. Ho verka for Abdul-Bahá og Shoghi Effendi når dei vitja landet, og gav ut bøker om den unge religionen. I løpet av 1900-talet blei det skipa fleire bahaigrupper ulike stader i landet. I dag finst det bahaigrupper frå Carlisle i nord[20] til Cornwall i sør.[21] Ifølgje den nasjonale organisasjonen National Spiritual Assembly of the Bahá'ís of the United Kingdom finst det 7000 bahaiar i Storbritannia.[22]

Buddhisme[endre | endre wikiteksten]

Buddhistisk fredspagode i Battersea Park i London.

Den tidlegaste buddhistiske påverknaden kom til England via det britiske imperiet frå Søraust-Asia, slik at den første kontakten var med theravadatradisjonar frå Burma, Thailand og Sri Lanka. Pali Text Society blei skipa i 1881 for å omsetja den buddhistiske palikanonen til engelsk. Seinare fekk tibetansk buddhisme ein viss innverknad på buddhismen i landet.

I 1924 blei Buddhist Society skipa i London, og i 1926 det theravadiske buddhisttempelet London Buddhist Vihara. Gjennom 1900-talet voks interessa for buddhismen sakte i landet, og ein skipa lag som English Sangha Trust (1955) og Friends of the Western Buddhist Order (1967, seinare Triratna Buddhist Community). Kadampa Buddhist Temple[23] utanfor Barrow-in-Furness i Cumbria er eit stort tibetansk buddhistisk senter grunnlagd av Geshe Kelsang Gyatso i 1975.[24] Det theravadiske Chithurst Buddhist Monastery blei grunnlagd i Sussex i 1979, og har undersenter andre stader i landet. Sōtō-zen har eit kloster ved Throssel Hole Buddhist Abbey i Northumberland.

Ved folketeljinga i 2011 opppgav 238 626 innbyggjarar i England av dei var buddhistar. 34 % av dei budde i London.[25]

Nypaganisme[endre | endre wikiteksten]

Moderne druidar ved Stonehenge

Nypaganisme eller nyheidenskap er religionar inspirert av ulike heidenske livssyn. Ved folketeljinga i 2011 rekna 75 281 folk i England seg som heidningar,[26] dobbelt så mange som ved den føre teljinga i 2001. Den viktigaste nyheidenske religionen i England er wicca, som oppstod her, moderne druidisme og ulike former for germansk nyheidenskap.

Druidisme[endre | endre wikiteksten]

Moderne druidisme er inspirert av den gamle keltiske jernalderreligionen, som ein fatta interesse for under romantikken på 1700-talet. Den walisiske nasjonalisten Edward Williams tok namnet Iolo Morganwg og byrja halde druide-ritual på Primrose Hill i London. Han kalla seg sjølv ein druide, og følgjesveinane sine Bards (skaldar) eller Ovates (skaldar/profetar). William Price (1800–1893) vidareførte rørsla, og kjempa for å kunna utføra kremasjonar i landet. Ein seinare druide var Gerald Gardner, som også var med på å utvikla wicca.

Ved byrjinga av 1900-talet heldt druidar rituale ved Stonehenge. Frå 1980-talet kjempa druidar for å få tilgang til det verna fornminnet. Etter ein bitter kamp gjennom ei årrekkje blei det opna for tilreisande til jamdøger og solkvervseremoniar frå år 2000.[27]

Ved folketeljinga i 2011 identifiserte 4 189 folk i England og Wales seg som druidar.[28] Ein analyse frå 2012 av Order of Bards, Ovates and Druids rekna med at det fanst mellom 6 000 og 11 000 druidar i Storbritannia.[29]

Wicca[endre | endre wikiteksten]

Wicca blei utvikla i England i den første halvdelen av 1900-talet.[30] Denne religionen var opphavleg send under ulike namn, men frå 1960-åra blei namnet Wicca vanleg.[31] Retninga er blitt kalla den einaste ferdig forma religionen England har gjeve til verda.[32] Ho bygde mellom anna trua på at hekser som blei drepne under hekseforfølgingane i Europa eigentleg tilhøyrde ein mystisk kult, ein teori hevda mellom anna av Margaret Murray.

Wicca er sett saman av mange ulike eldre element frå seremoniell magi, folketru og mytologi og retningar som druidisme, frimureri, spiritualisme og teosofi.[33]

Germansk nyheidenskap[endre | endre wikiteksten]

Germansk nyheidenskap i Storbritannia har hovudsakleg to former: Odinisme, ei internasjonal germansk-inspirert rørsle, og angelsaksisk nyheidenskap, Esetroth eller Fyrnsidu (gammalengelsk for 'gamal seid'), som legg vekt på lokal folketru.

Andre religionar[endre | endre wikiteksten]

Andre religionar er mellom anna:[34]




Ikkje-religiøse[endre | endre wikiteksten]

24,7 % av innbyggjarane i England erklærte seg utan religion ved folketeljinga i 2011, samanlikna med 14,6 % i 2001.[2] Norwich hadde den høgaste delen folk utan religion, med 42,5 %, tett følgd av Brighton and Hove med 42,4 %.[35]

Det første opent ateistiske tidsskriftet i Storbritannia, The Oracle of Reason, blei gjeve ut frå 1841 til 1843 av Charles Southwell. Både Southwell og andre som arbeidde for bladet blei fleire gonger fengsla for det styresmaktene meinte var blasfemi. Ein av desse, George Holyoake, heldt fram med eit nytt blad, The Movement (1842-1845) som seinare blei til The Reasoner (1845-1860). Han utvikla idear om å erstatta kristendommen med eit etisk system som bygde på vitskap og fornuft, og namngav denne ideen secularism eller sekularisme i 1851.[36] Det første sekulære samfunnet i verda, Leicester Secular Society, blei grunnlagd i 1851.

National Secular Society blei skipa i 1866 av politikaren Charles Bradlaugh, og verka for å fri borgarar frå statlege pålegg om å følgja religiøse krav. Då Bradlaugh blei vald inn i Underhuset i 1880 fekk han ikkje ta setet sitt fordi han erklærte at truskapseiden til monarken, som ein svor til Gud, ikkje hadde meining for han. Etter å ha vore fengsla, bøtelagd og seinare gjenvald til setet sitt, hadde Bradlaugh oppnådd ein ny lov som sa at ein kunne gje ei erklæring om truskap i staden for å sverja når ein tok opp offentlege stillingar.[37]

I 1881 blei The Freethinker, det eldste humanistiske tidsskriftet i Storbritannia, å koma ut. I 1891 blei Union of Ethical Societies.[38] På 1960-talet endra denne organisasjonen namn til British Humanist Association. Han var med på å danna International Humanist and Ethical Union og fekk utforma humanistsymbolet Happy Human.[38] Margaret K. Knight vekte merksemd for kringkasting av framlegg om ikkje-religiøse verdiar og sekulær utdanning.[39] Frå slutten av 1900-talet engasjerte evolusjonsbiologen Richard Dawkins seg i debatten mot læra om intelligent design og kreasjonisme, og etterkvart mot teisme generelt. Han blei del av ei rørsle kjend som nyateisme (New Atheism).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Kellner; William Harford Thomas (24. januar 2018), «England», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «2011 Census: KS209EW Religion  local authorities in England and Wales». ons.gov.uk. Henta 15. desember 2012. 
  3. «Religion (2001 Census)». data.gov.uk. Henta 17. desember 2012. 
  4. Julius Caesar, Commentarii de Bello Gallico 6.13
  5. Suetonius, Claudius 12.5
  6. «London Jewish Museum reopens after major face-lift», USA Today, 2010 
  7. Gold imitation dinar of Offa, British Museum, arkivert frå originalen 12. september 2012 
  8. British Empire, 1911 Encyclopædia Britannica
  9. MariaCaterina La Barbera (2014), Identity and Migration in Europe: Multidisciplinary Perspectives, s. 230, Springer Science+Business Media
  10. Richard D. Hecht, Vincent F. Biondo (2010), Religion and Everyday Life and Culture, page 859, ABC-CLIO
  11. Romain Rolland (1997), The life of Vivekananda and the Universal Gospel (translated from the original French by E.F. Malcolm-Smith), s. 86, fifteenth impression published by Advaita Ashrama, Calcutta (first published in 1931).
  12. 2011 Census: Religion, local authorities in England and Wales: Table KS209EW
  13. Minority religions mainly in London. National Statistics. Accessed 5 Jun 2006.
  14. «Festival for Leicester's Hindus», BBC News, 28. september 2003 
  15. Hindu London, BBC, 6 June 2005. URL accessed on 5 June 2006.
  16. «2011 Census: KS209EW Religion, local authorities in England and Wales». ons.gov.uk. Henta 15. desember 2012. 
  17. [Gurharpal Singh and Darshan Singh Tatla, 'Sikhs in Britain: The Making of a Community' (Zed, 2006)
  18. Sikhism in Leicester bbc.co.uk, accessed 15 January 2009
  19. Living in Leicester bbc.co.uk, accessed 15 January 2009
  20. The Bahá'í Faith in Cumbria, bci.org, arkivert frå originalen 22. februar 2010, henta 6. januar 2009 
  21. Welcome to the Bahá'ís of Cornwall, Website of Cornish Bahais, henta 6. januar 2009 
  22. UK Bahá’í Community, henta 7. mars 2018 
  23. Manjushri Kadampa Buddhist Centre, arkivert frå originalen 22. juni 2007 
  24. Conishead Priory, Ulverston
  25. «2011 Census: KS209EW Religion, local authorities in England and Wales». ons.gov.uk. Henta 15. desember 2012. 
  26. 2011 ONS results
  27. Hallett, Emma (20. juni 2014). «Summer solstice: How the Stonehenge battles faded». BBC News. Henta 7. mars 2018. 
  28. Robert Booth (11. desember 2012). «Census 2011 data on religion reveals Jedi Knights are in decline». The Guardian. Henta 11. desember 2014. 
  29. «UK 2011 Census Publishes Figures for Druids». The Order of Bards Ovates & Druids. Henta 12. januar 2012. 
  30. Hutton, Ronald (1999). The Triumph of the Moon: A History of Modern Pagan Witchcraft. Oxford, NY: Oxford University Press. s. vii. ISBN 0-19-820744-1. 
  31. Seims, Melissa (2008). «Wica or Wicca? - Politics and the Power of Words». The Cauldron (129). 
  32. Hutton 2003, s. 279–230; Doyle White 2016, s. 14.
  33. Doyle White 2016, s. 17–18.
  34. Simon Rogers (11. desember 2012). «Census 2011: how many Jedi Knights are there in England & Wales?». theguardian.com. Henta 11. desember 2014. 
  35. «Differences in religious affiliation across local authorities». Office for National Statistics. Henta 15. desember 2012. 
  36. «George Holyoake : Biography». Spartacus.schoolnet.co.uk. Henta 9. august 2012. 
  37. Oaths Act 1888. Religion and Mental Health - Google Books. Books.google.co.uk. Henta 9. august 2012. 
  38. 38,0 38,1 «Our History since 1896». Henta 2. november 2013. 
  39. «Margaret Knight». Henta 13. mai 2016.