Grønlandssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønlandssel
Grønlandsselhann
Grønlandsselhann
Grønlandsselhoe
Grønlandsselhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Grønlandssel
Utbreiinga av Grønlandssel
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Pagophilus
Art: Grønlandssel P. groenlandicus
Vitskapleg namn
Pagophilus groenlandicus

Grønlandssel (Pagophilus groenlandicus) er ein sel i hårselfamilien som held til i Nordishavet. Dei kan bli opptil 40 år gamle, men 20-30 år er vanlegare i naturen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksen grønlandssel har sølvfarga kropp og svart hovud. Ryggen har svart mønster. Hannen og hoa er nokså like. Dyra blir mellom 170–180 cm lange og veg 120–140 kg.

Selungar blir fødde med gulkvit pels. Tre dagar etter fødselen blir pelsen heilt kvit, før han endrar farge igjen etter rundt tolv dagar. Dei minste selane er kjende som «kvitunge» medan dei avvente selane med sølvgrå pels og svart prikkar blir kalla «svartunge». Ved rundt 13–14 månader skifter selen pels igjen, til ein såkalla «brunsel». Denne har noko færre prikkar.

Etterkvart som dei nærmar seg kjønnsmogen alder («gammalhund») får selane eit stadig meir harpeliknande mønster. Hannar får ei ferdig «harpe» når dei er kjønnsmogne, medan hoer gjerne får det først rundt tolvåralderen.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Grønlandssel kan dykka til ei djupne på 280 meter der han fangar fisk og krepsdyr. Dei lagar pustehòl i isen med ein diameter på rundt 90 cm. Kvart hòl kan brukast av opp mot 40 selar.

Selane lever mykje av tida i havet, og er relativt sjeldan på land. Dei sym langt kvart år og har ulike stader for kasting (føding) og hårfelling.

Teikning av grønlandsselar.

Grønlandsselar er sosiale dyr som ofte dannar store koloniar. Dei kan laga mykje lyd, både under vatn, der ein har identifisert over 19 lydar i samband med paring, og på land, der ungar «gret» etter mor si og «mumlar» medan dei leiker, og vaksne «knurrar» eller «trillar» for å åtvara kvarandre.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Under paringstida lever selane hovudsakleg på isen i nærleiken av eit hòl. Blir dei truga forsvinn dei raskt ned i havet gjennom hòlet. Selane parer seg på nytt like etter ein fødsel, det befrukta egget kviler i tre-fire månader før selfosteret utviklar seg i løpet av 8 månader. Kvar hosel føder éin unge årleg frå kjønnsmogen alder.

Nyfødde grønlandssel er 80–85 cm lange og veg rundt 11 kg. Dei diar i rundt 12 dagar, og aukar vekta med over 2,2 kg kvar dag. Mora et ikkje i denne tida, og mister opptil 3 kg kvar dag. Mjølka inneheld opptil 48 % feitt. Avvenninga skjer brått, mora forlèt ungen på isen for å para seg til neste år.

Selungane tærer no på feittet og byrjar skifta pels. Ungane kan ikkje symja og fanga mat før dei er 7–8 veker gamle. Dei er sårbare for rovdyr, både før dei kan symja og i læringstida. Ein reknar med at opptil 30 % av selungane døyr før dei er eitt år gamle.

Hoselar blir kjønnsmogne når dei er 5-6 år gamle.

Jakt og fangst[endre | endre wikiteksten]

Ein driv med fangst eller jakt på grønlandssel i Canada, Grønland, Noreg og Russland. I Noreg er jakta regulert av kvoteordningar, og berre godkjende storviltjegerar kan jakta sel.

Tradisjonelt har heile selen vore brukt til mat og materiale. Fangsten av unge selungar for den mjuke kvite pelsen deira er særleg omstridd. Import av slik pels blei forboden i EEC (EU) i 1983. Canada forbaud kommersiell jakt på slike selungar i 1987, men tillèt jakt til privat bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grønlandssel
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.