Anthony Phillips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthony Edwin Phillips
Anthony Phillips.jpg
Anthony Phillips
Alias Ant, The Vicar, Vic Stench
Fødd 23. desember 1951 (62 år), London i England
Instrument gitar, vokal, klaverinstrument, bassgitar, dulcimer, trommer, perkusjon
Sjanger Klassisk, rock, progressiv rock
Tilknytte artistar Genesis
Nettstad www.anthonyphillips.co.uk

Anthony Edwin «Ant» Phillips (fødd 23. desember 1951) er ein engelsk multiinstrumentalist, mest kjend som den første gitaristen i det britiske bandet Genesis.[1] Han spelte gitar og song korvokal fram til han slutta i 1970, etter innspelinga av det andre albumet deira, Trespass. Han slutta fordi han hadde sceneskrekk og legen hans sa at det beste nok var om han slutta i bandet. Han er kjend måte han spelar 12-strengsgitar på, noko ein kan høyre på dei tidlegaste songane til Genesis.

Etter han slutta i Genesis studerte Phillips klassisk musikk (særleg klassisk gitar) og spelte inn fleire innspelingar i lag med Harry Williamson, Mike Rutherford og Phil Collins, blant andre. Han spelte klaverinstrument på demoane til Peter Gabriel i 1976. Det første soloalbumet hans, The Geese and the Ghost, kom ut i 1977.

Phillips gav ut Wise After the Event i 1978 og Sides kom året etter. Ingen av albuma selde særleg bra. I 1981 samarbeidde Phillips med Andrew Latimer frå Camel og medverka på albumet deira The Single Factor (1982).

Phillips gav ut popalbumet Invisible Men i 1983. Sidan den gong har Phillips laga mykje filmmusikk i England. I 1990-åra gav han ut The Living Room Concert, med akustiske versjonar framført aleine av sine tidlegare songar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Genesis[endre | endre wikiteksten]

Studio
Samleplater

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Studio
Samarbeid
  • Tarka (1988, med Harry Williamson)
  • Gypsy Suite (1995, med Harry Williamson)
  • Meadows of Englewood (1996, med Guillermo Cazenave)
  • Missing Links Volume 3: Time and Tide (1997, med Joji Hirota)
  • Live Radio Sessions (1998, med Guillermo Cazenave)
  • Wildlife (2008, med Joji Hirota)
  • Seventh Heaven (2012, med Andrew Skeet)
Gjestemusikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Biography: Anthony Phillips». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p13944/biography. Henta 16 April 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]