Morsdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Morsdagen er ein «heidersdag» for mødrer. Tidspunktet for dagen varierer frå land til land. I Noreg blir morsdag feira den andre søndagen i februar, det vil seie søndag 9. februar i 2014, og søndag 8. februar i 2015.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Anna Maria Reeves Jarvis, ei ung heimeverande mor frå Appalachane i Nord-Amerika, prøvde i 1858 å betre dei sanitære forholda med det ho kalla «Mothers' Work Day» (norsk: «Mødrers arbeidsdag»). Ho arbeidde med kvinner for å betre dei sanitære forholda for alle partar i den amerikanske borgarkrigen, og i 1868 byrja ho å jobbe for å forsone partane.

Inspirert av arbeidet til Anna Marie Reeves Jarvis skreiv Julia Ward Howe i 1870 «Mother's Day Proclamation» (norsk: «Kunngjering av morsdagen»), men greidde ikkje å få innført «Mother's Day for Peace» (norsk: «Mors fredsdag») som offisiell heilagdag.

Dotter til Anna Maria Reeves Jarvis, Anna Marie Jarvis, kjende til arbeidet både til mora og til Julia Ward Howe. Om lag eitt år etter at mora døydde, heldt Anna Marie Jarvis ei minnestund for henne den 12. mai 1905, og starta så å jobbe for ein offisiell minnedag for mødrer. Den første morsdagen vart feira den 10. mai 1908 i Grafton, West Virginia i kyrkja der Anna Maria Reeves Jarvis hadde undervist søndagsskole. Skikken spreidde seg til 45 statar i USA, og vart erklært offisiell heilagdag på byrjinga av 1912. I 1914 erklærte daverande president, Woodrow Wilson, den første nasjonale morsdagen.

«International Mother's Day Shrine» (norsk: «Den internasjonale morsdagens alter») ligg i Grafton, West Virginia.

Norsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Den første norske morsdagen vart feira i Bergen 9. februar 1919, og vart til å begynne med arrangert av religiøse organisasjonar. Dagen har seinare gått over til å bli ein familiedag, der mor gjerne blir oppvarta med kaffi på senga om morgonen, blomster og kake.

Morsdagen har etter kvart vorte ei stor kommersiell høgtid gjennom marknadsføring av morsdagskake, morsdagsblomstrar og morsdagsgåver. Mange barnehagar og skolar hjelper til med å oppretthalde tradisjonen om feiringa av mor, og set barna til å laga kort og gåver.

Datoar[endre | endre wikiteksten]

Dagen blir feira på ulik tid i mange land. Noreg er først ut i kalenderåret.

border=1 cellpadding=5

Andre søndag i februar Noreg
8. mars Albania, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Kroatia, Makedonia, Romania, Serbia og Montenegro, Slovenia
Fjerde søndag i faste Irland, Storbritannia
21. mars (første vårdag) Egypt, Jordan, Libanon, Syria
Første søndag i mai Litauen, Portugal, Spania, Ungarn
8. mai Sør-Korea (Foreldras dag)
10. mai mesteparten av Sør-Amerika, Bahrain, Dei sameinte arabiske emiratane, India, Malaysia, Mexico, Oman, Pakistan, Qatar, Saudi-Arabia
Andre søndag i mai Australia, Belgia, Brasil, Canada, Chile, Danmark, Estland, Finland, Hongkong, Italia, Japan, Kina, Latvia, Malta, Nederland, New Zealand, Peru, Singapore, Slovakia, Sveits, Sør-Afrika, Taiwan, Tyrkia, Tyskland, USA, Austerrike
26. mai Polen
27. mai Bolivia
Siste søndag i mai Den dominikanske republikk, Sverige
Første søndag i juni eller siste søndag i mai Frankrike
12. august Thailand (fødselsdagen til dronning Sirikit Kitiyakaras)
15. august Antwerpen (Belgia), Costa Rica
Andre eller tredje søndag i oktober Argentina (Día de la Madre)
Siste søndag i november Russland
8. desember Panama
22. desember Indonesia

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Morsdag