Songen A Trick of the Tail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Trick of the Tail
Singel av Genesis
frå albumet A Trick of the Tail
A-side «Entangled»
Utgjeve 20. februar 1976
Innspelt oktober–november 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:35
Selskap Charisma/Virgin (UK), Atco (US)
Låtskrivar(ar) Tony Banks
Produsent David Hentschel og Genesis

«A Trick of the Tail» er ein song av det engelske rockebandet Genesis på albumet A Trick of the Tail frå 1976. Han vart skriven av klaverspelaren Tony Banks og var den tredje Genesis-songen det vart laga musikkvideo til. I videoen kan ein sjå bandet samla kring eit piano. Videoen var regissert av Bruce Gowers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Entangled», men singelen gjorde det ikkje særleg bra. Mesteparten av songen vart skriven i 1972 og var opphavleg meint for albumet Foxtrot. Rytmen i songen var i følgje Banks kraftig inspirert av The Beatles sin «Getting Better».

Teksten er basert på boka The Inheritors av William Golding. Tittelen på songen er namnet på det siste kapittelet. Teksten fokuserer på ein spesifikk person: «Beast» som dreg frå kongedømet sitt og går inn i verda til mennesket. Han vert fanga og sett ut på utstilling etter at dei som fanga han nektar å tru at kongedømet hans finst. Beast sørgjer over avgjersla om å dra heimafrå og skildrar det som eit paradis dekt av gull. Han får dra heim mot at menneska får følgje med han heim til hans verd. Akkurat i det dei ser ei spire av gull, har Beast forsvunne, men dei kan framleis høyre stemma hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]