Chester Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chester Thompson
2157 - Pittsburgh - Mellon Arena - Genesis - Drum Duet (Chester Thompson crop).JPG
Chester spelar med Genesis under Turn It On Again-turneen (2007)
Fødd 11. desember 1948 (65 år), Baltimore, Maryland, USA
Instrument Trommer
Sjanger Progressiv rock, poprock, jazzfusion
Aktive år 1973 til i dag

Chester Cortez Thompson (fødd 11. desember 1948) er ein amerikansk trommeslagar og studiomusikar.[1]

Thompson vart kjend som studiomusikar og starta så å turnere med Frank Zappa i 1973-1974 og på albumet Weather Report Black Market (1976).[2] Han spelte på Zappa-album som Roxy & Elsewhere (konsertopptak 8-10.12.1973 & 8.5.1974), You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 (Live in Helsinki i Finland 22–23.9.1974, utgjeve 1988) og One Size Fits All (1975).

Han var turnétrommeslagar for Genesis frå 1977 til 2007.[3] Han kom inn i bandet då frontmannen Peter Gabriel slutta og den dåverande trommeslagaren Phil Collins tok over rolla til Gabriel som songar. Collins spelte derimot framleis trommer i studio, så Thompson spelte berre på konsertane til bandet.[4] Chester er med på konsertalbuma deira Seconds Out (1977), Three Sides Live (1982), The Way We Walk Volume 1 (1992) & Volume 2 (1993) og Live Over Europe 2007. Han valte å ikkje vere involvert i Calling All Stations-turneen i 1998 då bandet ikkje inviterte han i studio då Collins slutta i bandet.

Thompson har òg arbeidd med Phil Collins på soloturneane hans, og har i tillegg spelt på Steve Hackett-albuma Please Don't Touch (1978) og Watcher of the Skies: Genesis Revisited (1996). Seinare spelte han på album med Tony Banks. Han var med på å starte bandet Fire Merchants med Brand X-gitarist John Goodsall og bassist Doug Lunn. Chester spelte òg med Santana i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisiell nettstad
  2. Jenkins, Todd (2002-04-24). «CD/LP Review: Black Market». All About Jazz. http://www.allaboutjazz.com/php/article.php?id=9768. Henta 2010-06-01. 
  3. Kelman, John. «Genesis: The Movie Box 1981-2007». All About Jazz. http://www.allaboutjazz.com/php/article_print.php?id=34775. Henta 21. september 2012. 
  4. Doerschuk, Bob (1 May 2002). Playing from the heart: great musicians talk about their craft. Hal Leonard Corporation. s. 237. ISBN 978-0-87930-704-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chester Thompson