Tony Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tony Banks

Banks spelar på Old Trafford stadion i 2007
Fødd27. mars 1950 (74 år)
FødestadEast Hoathly i East Sussex i England
FødenamnAnthony George Banks
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
SjangerProgressiv rock, klassisk, rock, poprock
InstrumentPiano, synthesizer, Rhodes piano, Mellotron, orgel, vokal, gitar
Kjende instrumentHammond T-102
Tilknytte artistarGenesis, Bankstatement, Strictly Inc.
PlateselskapCharisma, Polydor, Virgin, Atlantic, Giant/Reprise, Naxos
Verka somklaverspelar, komponist, pianist, låtskrivar, gitarist, songar-låtskrivar
PrisarFellow of the American Statistical Association

Anthony George «Tony» Banks (fødd 27. mars 1950) er ein britisk komponist og multi-instrumentalist, hovudsakleg kjend som klaverspelar i rockebandet Genesis, som han har vore med i sidan starten.

Banks var ein av hovudlåtskrivarane til Genesis og skreiv òg mange av tekstane til bandet. Som klaverspelar nytta han mange instrument som ARP Pro Soloist synthesiser, Mellotron, Yamaha CP-70 og Hammond T-102-orgel. I dei tidlegaste åra i bandet spelte Banks akustisk gitar på nokre av songane.

Utanom Genesis har Banks drive ein solokarriere, der han skrive mykje filmmusikk, popsongar og orkestermusik. I 2006 kom det ut ein biografi, Man of Spells, skriven av journalist Mario Giammetti om Banks. I 2010 vart Banks i lag med resten av Genesis innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Banks var fødd i East Hoathly i Sussex i England. Han tok pianotimar som barn og lærte seg sjølv å spele gitar. Han gjekk på Charterhouse School der han møtte Peter Gabriel i 1963. Banks planla opphavleg å studere matematikk på høgare nivå, men byrja å studere kjemi på Sussex University, før han byta til logikk med fysikk. Etter eit år på Sussex, forlét han skulen for å spele med Genesis og kom aldri attende til skulebenken.

I lag med Gabriel og trommeslagar Chris Stewart danna han bandet The Garden Wall. Dette bandet vart slått saman med bandet Anon, der Mike Rutherford og Anthony Phillips spelte. I lag spelte dei inn fleire demoar som til slutt enda med at Genesis vart danna.

Genesis[endre | endre wikiteksten]

Banks med Genesis i Danmark, 2007

Dei kompliserte arrangement og klaversoloane til Banks, som pianointroduksjonen på «Firth of Fifth» og dei instrumentale partia i «The Cinema Show», «Watcher of the Skies» og «Supper's Ready»— var med på å forme musikkstilen til Genesis. I tillegg til klaverinstrument spelte Banks òg akustisk gitar på fleire songar, som «The Musical Box», «Entangled», «The Cinema Show» og byrjinga av «Supper's Ready». Banks song òg stundom korvokal på somme songar.

Banks var ein av drivkreftene bak musikken til Genesis, særleg i songane skrivne før 1979.

I lag med Rutherford er Banks den einaste medlemmen som har vore med i bandet frå starten og fram til i dag. Framtida til bandet er derimot uviss.

Banks var ofte først ute med å bruke unike klaverinstrument og syntheziserlydar gjennom karrieren sin. Musikkhistorikaren Wayne Studer kalla han «den mest smakfulle klaverspelaren i progrocken». Mellom anna skapte han den pulserande trommelyden på «Mama» (frå Genesis i 1983) og «By You» på The Fugitive. Ein annan unik synthteknikk vart nytta på sporet «Who Dunnit?» frå Abacab i 1981.

Banks nytta stundom ein spelestil der han kryssa hendene for at han skulle klare å spele raskare. Dette kan ein høyre på songar som «The Lamb Lies Down on Broadway» og «The Carpet Crawlers».

Solo[endre | endre wikiteksten]

Banks har skrive noko filmmusikk, som til filmane The Wicked Lady, The Shout (i lag med Mike Rutherford og Rupert Hine) og Quicksilver.

Han har òg gjeve ut soloalbum, men i motsetnad til Phil Collins og Peter Gabriel, samt Mike Rutherford med Mike + the Mechanics, som alle fekk stor suksess på eiga hand, selde soloplatene til Banks heller dårleg.

Banks har alltid vore inspirert av klassisk musikk og har i nyare år skrive eigne klassisk musikkstykke.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Genesis[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Genesis#Diskografi.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Bankstatement[endre | endre wikiteksten]

Strictly Inc[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]