Nursery Cryme
| Nursery Cryme Studioalbum av Genesis |
||
| Utgjeve | 12. november 1971 | |
| Innspelt | August 1971 i Trident Studios | |
| Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
| Lengd | 39:29 | |
| Selskap | Charisma | |
| Produsent | John Anthony | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Genesis-kronologi | ||
| Trespass (1970) |
Nursery Cryme | Foxtrot (1972) |
Nursery Cryme er det tredje studioalbumet av Genesis og vart spelt inn og gjeve ut i 1971. Det var òg det første albumet med besetninga som bestod av Peter Gabriel, Tony Banks, Mike Rutherford, Phil Collins og Steve Hackett; dei to sistnemnde erstatta høvesvis John Mayhew og Anthony Phillips, på trommer og gitar, i 1970 og 1971. Denne besetninga varte fram til A Trick of the Tail, då Phil Collins vart frontsongar i staden for Peter Gabriel som slutta i bandet i 1975.
Innhaldsliste |
Albumhistorie [endre]
Sjølv om det ikkje slo an då det kom ut i heimlandet, vart Nursery Cryme ein uventa hit i Italia der det nådde fjerdeplassen på albumlista.[5] – og sidan albumet slo an på kontinentet klatra det etter kvart til 39. plass i Storbritannia i mai 1974, og igjen til 68. plass i mars 1984.
Som Trespass, det førre albumet til Genesis, vart Nursery Cryme spelt inn i Trident Studios i London. Trident var på denne tida eit av få britiske studio med 16-sporsutstyr.
Ei stund før Hackett kom inn i bandet hadde Genesis halde konsertar som eit firemannsband, der Banks spelte gitar på sin Hohner «Pianet», eit elektrisk piano, gjennom ein fuzz-boks. Denne teknikken kan ein høyre på «The Musical Box» og på introen av «The Return of the Giant Hogweed». I tillegg kjøpte bandet sin eigen Mellotron Mark II (frå King Crimson).[6] Banks nytta Mk II «tre fiolinar»-lyden på «The Fountain Of Salmacis» og «Seven Stones», medan han under klimakset i «The Return of the Giant Hogweed» nytta «combined brass» gjennom ein fuzz-boksa. Rutherford byrha òg å nytte eit elektronisk basspedal-instrument.
Songar [endre]
Sjølv om heile albumet er tilskriven Banks/Collins/Gabriel/Hackett/Rutherford, byrja «The Musical Box» som eit instrumentalt stykke skriven av Anthony Phillips kalla «F#» (seinare gjeven ut som «Manipulation» på plateboksutgåva). Teksten er basert på eit viktoriansk eventyr skriven av Gabriel, om to barn i eit hus på landet. Jenta, Cynthia, drep guten, Henry, ved å hogge hovudet av han med ei croquet-kølle. Ho oppdagar sidan speledåsen til Henry. Når ho opnar dåsen kjem anda til Henry attende og anda vert særs raskt gammal. Dette gjer at han opplever ei livstid med kjønnsdrift på berre nokre få augnblinke, og han prøver å overtale Cynthia til å ha samlege med han. Barnepleiaren hans dukkar derimot opp og kastar speledåsen på han og øydelegg begge. Plateomslaget syner Cynthia som held croquetkølla og nokre hovud som ligg på bakken.
På konsertframføringa hadde Peter Gabriel på seg ei maske av ein gammal mann på siste verset og drog ned glidelåsen på brystet av den svarte drakta han hadde på seg. Det vart nytta dramatiske lyseffektar kvar gong han ropte «NOW!» «The Musical Box» vart framført under konsertane deira heilt fram til Phil Collins slutta i bandet etter We Can't Dance-turneen i 1992, men då berre som ein del av ein medley.
Eit hyllestband til Genesis er kalla opp etter denne songen.
«For Absent Friends» er ein song om to enkjer som går til kyrkja og ber for sine to avdøde ektemenn. Det er den første songen som trommeslagar Phil Collins syng solo og den første songen skriven av dei nye medlemmane Collins og Steve Hackett i bandet. Det progressive death metal-bandet Opeth skreiv ein kort instrumental med same namn, som ein hyllest til Genesis på Deliverance i 2002. Gitarist Steve Hackett spelte inn ein vals-versjon av songen for Watcher of the Skies: Genesis Revisited, med vokal av Colin Blunstone.
Teksten til «The Return of the Giant Hogweed» fortel ei apokalyptisk soge om ein «kongeleg bjørnekjeks» som vart ført til Russland av ein viktorianske utforskar til Dei kongelege botaniske hagane i Kew. Inspirasjonen for denne songen er ei stor giftig plante, kystbjørnekjeks (giant hogweed på engelsk), som utgjer ein fare i Storbritannia og andre land. Songen vart mykje spelt på konsertane til bandet.
«The Fountain of Salmacis» fortel soga om nymfa Salmakis, som i gresk mytologi prøvde å valdta Hermafroditos. I soga vert Salmakis og Hermafroditos ein, som ein ser i teksten der Peter Gabriel syng «We shall be joined as one.» Pete Lazonby nytta ein sample frå songen for trance-songen «Sacred Cycles» i 1994.
«Harold the Barrel» fortel soga om ein restauranteigar som tek livet sitt. Songen endar brått i eit kviskrelyd og symboliserer Harold som hoppar ut av vindauget.
Mottaking [endre]
Albumet fekk blanda kritikk. Richard Cromelin mislikte produksjonen, men likte både konseptet og songane i seg sjølv.[3]
Nyare meldingar har vore meir positive. Stephen Thomas Erlewine i Allmusic rekna albumet som særs ujamt men trakk fram «The Musical Box» og «The Return of the Giant Hogweed» som «verkelege meisterverk».[1] Geddy Lee frå bandet Rush rekna albumet som eit av favorittalbuma hans.[7]
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «The Musical Box» | 10:24 | |||||||
| 2. | «For Absent Friends» | 1:44 | |||||||
| 3. | «The Return of the Giant Hogweed» | 8:09 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Seven Stones» | 5:08 | |||||||
| 2. | «Harold the Barrel» | 2:59 | |||||||
| 3. | «Harlequin» | 2:53 | |||||||
| 4. | «The Fountain of Salmacis» | 7:54 | |||||||
Medverkande [endre]
- Tony Banks – orgel, Mellotron, akustisk og elektrisk piano, 12-strengsgitar, korvokal
- Mike Rutherford – bass, basspedalar, 12-strengsgitar, korvokal
- Peter Gabriel – solovokal, fløyte, basstromme, tamburin
- Steve Hackett – elektrisk gitar, 12-strengsgitar
- Phil Collins – trommer, perkusjon, korvokal, solovokal (ikkje oppført) på «For Absent Friends»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nursery Cryme» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «Nursery Cryme – Genesis | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/nursery-cryme-r8165. Henta 24. september 2012.
- ↑ Christgau, Robert. «CG: Genesis». RobertChristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=genesis. Henta 7 June 2012.
- ↑ 3,0 3,1 Cromelin, Richard (26 October 1972). «Genesis: Nursery Cryme : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 24. september 2012. http://web.archive.org/web/20080430233653/http://www.rollingstone.com/artists/genesis/albums/album/304752/review/5940391/nursery_cryme. Henta 7 June 2012.
- ↑ Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8.
- ↑ Gallo, A: 'Genesis From One Fan to Another, page 20. Omnibus Press, 1984
- ↑ PlanetMellotron.com
- ↑ «In The Mood: The Favourite Albums Of Rush's Geddy Lee». June 29, 2012. http://thequietus.com/articles/09210-rush-geddy-lee-interview-favourite-albums?page=5.