Foxtrot av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foxtrot
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 6. oktober 1972
Innspelt August 1972 i Island Studios/London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 51:08
Selskap Charisma, Virgin, Atlantic
Produsent David Hitchcock frå Gruggy Woof
Kritikk
Genesis-kronologi
Nursery Cryme
(1971)
Foxtrot Genesis Live
(1973)

Foxtrot er det fjerde studioalbumet av det engelske progressive rockebandet Genesis og det andre albumet til besetninga som bestod av Peter Gabriel, Tony Banks, Mike Rutherford, Phil Collins og Steve Hackett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Foxtrot var det første albumet til Genesis som nådde høgt på den britiske albumlista med ein 12. plass, men det gjekk ikkje inn på lista i USA. Det gjorde det òg godt andre stader i verda og nådde åttandeplassen i Italia.

Konsertopptak av «Watcher of the Skies» og «Get 'Em Out by Friday» var med på Genesis Live i 1973, medan den 23 minuttar lange «Supper's Ready» ikkje vart teken med der på grunn av plassmangel. Konsertversjonar av «Supper's Ready» finst derimot på Seconds Out frå 1977 (med Phil Collins på vokal og Chester Thompson på trommer), plateboksen Genesis Archive 1967-75 frå 1998 og plateboksen Genesis 1970–1975 frå 2008.

Tittelen på albumet kan vere henta frå instrumentet Mellotron Mark II som Banks nytta på denne tida, der foxtrot er ein av rytmane som finst der. 'Fox on the rocks' er nemnd i teksten til «Willow Farm»-delen av «Supper's Ready» og det er ein rev (fox) på framsida av albumet. Denne figuren har på seg ein raud kjole med eit revehovud og vart eit av kostyma som Gabriel nytta på scenen.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Mellotronintroduksjonen på «Watcher of the Skies» vart så godt likt at produsentane av mellotronen, Streetly Electronics, i dag har ein eigen lyd kalla «Watcher Mix» i instrumentet.[5]

«Can-Utility and the Coastliners» er basert på segnet om Kong Knut, som visstnok gav ordre om at sjøen skulle trekke seg attende for å håne spyttslikkeriet til følgjarane hans. Ein tidleg, lengre versjon av songen vart spelt på konsertar før albumet kom ut, då kjend som «Bye Bye Johnny», med ein lengre instrumental del der Mellotron-strykarane kring songen dominerer.

«Horizons» (framført solo av Steve Hackett) startar med ein sentral idé henta frå preludiet til den første cellosuiten til Bach før det vart utvikla til eit eige stykke i barokk stil.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Nyare meldingar av albumet er stort sett positive. Allmusic meinte at Foxtrot var «første gongen Genesis gjekk til åtak som eit rockeband, og spelte med ei indre kraft.» Dei meinte dette var ei positiv endring og sa at «Genesis viser musklar utan å gå bort frå det lunefulle» og avslutta med «Dette er det sjeldne kunstrockalbumet som utmerker seg både i kunsten og i rocken, og det er ein eit av dei beste innan sjangeren (og tiåret) på grunn av dette».[1] BBC Music meinte derimot det var ein tett oppfølgjar til Nursery Cryme der den einaste store skilnaden frå føregjengaren var «produksjonen, der ein brått no høyrer alt det akustiske filigranet opp nært og personleg.» Dei gjorde òg narr av tekstane på alle songane, særleg «Supper's Ready». Alt i alt rekna dei albumet som eit godt stykke arbeid på grunn av musikken og framføringa.[2]

I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock hamna albumet på andre plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Watcher of the Skies»   7:23
2. «Time Table»   4:45
3. «Get 'Em Out by Friday»   8:36
4. «Can-Utility and the Coastliners»   5:44
Side to
# Tittel Lengd
5. «Horizons»   1:41
6. «Supper's Ready»
  • I. «Lover's Leap»
  • II. «The Guaranteed Eternal Sanctuary Man»
  • III. «Ikhnaton and Itsacon and Their Band of Merry Men»
  • IV. «How Dare I Be So Beautiful?»
  • V. «Willow Farm»
  • VI. «Apocalypse in 9/8 (Co-Starring the Delicious Talents of Gabble Ratchet)»
  • VII. «As Sure As Eggs Is Eggs (Aching Men's Feet)»  
22:58

Nymastra[endre | endre wikiteksten]

Ein digitalt nymastra versjon vart gjeven ut på CD i 1994 på Virgin Records i Europa og Atlantic Records i Nord-Amerika.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Watcher of the Skies»   7:24
2. «Time Table»   4:40
3. «Get 'Em Out by Friday»   8:37
4. «Can-Utility and the Coastliners»   5:45
5. «Horizons»   1:41
6. «Supper's Ready»   22:51

Ein SACD/dobbel DVD (inkludert nye 5.1- og stereomiksar) vart gjeven ut i november 2008.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: David Hitchcock
  • Teknikar: John Burns, Richard MacPhail
  • Plateomslag: Paul Whitehead

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «Foxtrot – Genesis | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/foxtrot-r8166/review. Henta 24. september 2012. 
  2. 2,0 2,1 Jones, Chris (18 April 2007). «BBC – Music – Review of Genesis – Foxtrot». BBC. http://www.bbc.co.uk/music/reviews/68dp. Henta 24. september 2012. 
  3. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: Genesis». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=Genesis. Henta 24. september 2012. 
  4. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  5. Mk II Combined Brass tape set
  6. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.