Throwing It All Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Throwing It All Away
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
B-side «I'd Rather Be You»
Utgjeve 8. august 1986
Innspelt The Farm, Surrey; 1985- 1986
Sjanger Poprock
Lengd 3:50
Selskap Virgin - UK GENS 5

Atlantic - USA 89372

Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi
«Invisible Touch»
(1986)
Throwing It All Away «Land of Confusion»
(1986)

«Throwing It All Away» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1986, utgjeve på albumet Invisible Touch. Det var den andre singelen som vart gjeven ut frå albumet i 1986. Han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA[1] og 22. plass i Storbritannia,[2] der han vart gjeven ut som den siste singelen frå albumet i 1987. I USA gjekk han òg til topps på Adult Contemporary-lista i oktober 1986 og Album Rock Tracks-lista i august 1986. Arbeidstittelen på songen var «Zephyr and Zeppo».

Songen er ein softrock-ballade. Han er bygd kring eit gitarriff av Mike Rutherford, som òg skreiv teksten.[3] Den amerikanske versjonen av singelen hadde instrumentalen «Do the Neurotic» som B-side, medan den britiske versjonen hadde songen «I'd Rather Be You».

Konsertversjonar og musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Throwing It All Away vart framført på konsertane til Genesis frå 1986 til 2007. Konsertopptak finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, samt DVDen When in Rome 2007.

Ein musikkvideo for songen vart laga frå filmopptak under ein lydsjekk og bilete av bandet på turné. Denne finst på DVDen The Video Show.

Genesis framfører «Throwing it All Away» i Pittsburgh på Mellon Arena, 9. september 2007

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

7": Virgin / GENS 5 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Throwing It All Away» - 3:41
  2. «I'd Rather Be You» - 3.57

7": Atlantic / 7-89372 (US)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Throwing It All Away» - 3:41
  2. «Do The Neurotic» (Edit) - 5:21

12": Virgin / GENS 5-12 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Throwing It All Away» (live)
  2. «I'd Rather Be You"
  3. «Invisible Touch» (live)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard.com archive (link)
  2. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
  3. Prasad, Anil (2007). «Genesis: Turning it on again». Innerviews. http://www.innerviews.org/inner/genesis.html. Henta 17. oktober 2012.