Mike Rutherford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mike Rutherford

Rutherford på scenen i Manchester i England i 2007
Fødd2. oktober 1950 (73 år)
FødestadGuildford i Surrey i England
FødenamnMichael John Cleote Crawford Rutherford
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
SjangerProgressiv rock, poprock
InstrumentBassgitar, gitar, vokal, klaverinstrument, sitar, cello, trommer
Kjende instrumentShergold Double Neck Bass Guitar
Rickenbacker
Steinberger Guitar
Tilknytte artistarGenesis, Mike + The Mechanics, Red 7
PlateselskapCharisma Records
Verka somMusikar og låtskrivar

Michael John Cleote Crawford Mike Rutherford (fødd 2. oktober 1950) er ein engelsk musikar. Han er mest kjend som bassist i rockebandet Genesis, som han var med på å starte.[1] Rutherford spelte ofte rytmegitar og 12-strengsgitar for bandet i dei tidlege åra. Etter at Steve Hackett slutta i Genesis i 1977, spelte han òg gitar på studioalbuma til bandet, frå og med And Then There Were Three i 1978. I lag med Tony Banks er han den einaste som har vore medlem av bandet frå starten og til i dag. Rutherford skreiv tekstar til mange av songane til Genesis, inkludert somme av dei største hittane deira som «Follow You, Follow Me», «Turn It On Again», «Land of Confusion» og «Throwing It All Away».[2] Han skipa òg Mike + The Mechanics i 1985. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rutherford fekk gitartimar frå han var åtte år gammal og spelte i det første bandet sitt the Chesters ni år gammal.[3] Faren hans, Crawford Rutherford, var kaptein i Royal Navy og vart industrileiar då han trekte seg frå tenesta. Rutherford starta på Charterhouse School då han var 13, og vart der med i bandet the Anon i lag med gitarist Anthony Phillips. 15 år gammal starta dei to Genesis i lag med Tony Banks og Peter Gabriel.

Rutherford nytta ofte effektar på bassen, og spelte til dømes plekter og fuzz-boks på songar som «The Knife» og «The Return of the Giant Hogweed». Rutherford spelte òg ein del 12-strengsgitar i bandet, særleg i den første tida av bandet.

Då gitarist Steve Hackett slutta i Genesis, spelte Rutherford all gitar i studio. På konsertane byta han mellom gitar og bass i lag med turnémusikar Daryl Stuermer. Stuermer spelte typisk gitar på songane som Hackett tidlegare hadde spelt på, og bass på songane laga etter Hackett slutta.

I pausar frå Genesis, spelte han inn to soloalbum, Smallcreep's Day og Acting Very Strange. Han var misnøgd med soloarbeidet sitt og avgjorde i 1984 at han ikkje skulle spele inn soloalbum igjen. På grunn av dette starta han i staden bandet Mike + The Mechanics under ein pause frå Genesis i 1985.

Mike + The Mechanics sine største hittar er «All I Need Is a Miracle», «Word of Mouth», «The Living Years», «Silent Running» og «Over My Shoulder». To help promote the song, Rutherford and the record label perpetuated the impression that «The Living Years» was inspired by Rutherford's relationship with his father, who died during Genesis's Invisible Touch Tour. In a 2004 interview, Rutherford confessed that the lyrics were in fact written by B. A. Robertson, and based entirely on Robertson's relationship with his father.[4]

Rutherford samarbeidde òg med andre artistar, mellom andre venene Peter Gabriel og Phil Collins, på Against All Odds, der han skreiv songen «Making A Big Mistake».

Rutherford spelte under avslutningsseremonien for sommar-OL 2012 i London den 12. august 2012 som gjeste medlem i bandet til Ed Sheeran i lag med Pink Floyd-trommis Nick Mason på Pink Floyd-songen «Wish You Were Here».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Genesis[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Genesis-diskografien.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar Plassering
UK CAN USA NOR[5]
Smallcreep's Day
  • Utgjeve: 15. februar 1980
  • Selskap: Charisma Records, Passport Records (USA & Canada)
13 163 30
Acting Very Strange 23 32 145

Med Mike + The Mechanics[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mike Rutherford Biography». Worldofgenesis.com. 2 October 1950. Henta 19. september 2012. 
  2. Prasad, Anil. «Genesis: Turning it on again». Innerviews. Henta 20. september 2012. 
  3. Neer, Dan (1985). Mike on Mike [interview LP], Atlantic Recording Corporation.
  4. Rothstein, Simon (18 June 2004). «The Mechanics fix it for Us». London: The Sun. Henta 20. september 2012. 
  5. Mike Rutherford in Norwegian Charts, norwegiancharts.com. Henta September 27, 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]