A Trick of the Tail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Trick of the Tail
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 2. februar 1976 (UK), 20. february 1976 (US)
Innspelt oktober–november 1975, Trident Studios
Sjanger Progressiv rock
Lengd 51:11
Selskap Charisma, Virgin, Atco
Produsent David Hentschel og Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi
The Lamb Lies Down on Broadway
(1974)
A Trick of the Tail Wind & Wuthering
(1976)

A Trick of the Tail er det sjuande studioalbum av det engelske rockebandet Genesis og det første med trommeslagar Phil Collins som fulltids solovokalist og det første utan den originale vokalist Peter Gabriel. Det kom ut i februar 1976.

Genesis etter Gabriel[endre | endre wikiteksten]

Etter Peter Gabriel forlet Genesis søkte dei gjenverande medlemmane etter ein erstattar, sjølv om somme medlemmar (hovudsakleg Tony Banks) foreslo at dei kunne halde fram som eit instrumentalt band. I starten ønskte ikkje Phil Collins å ta over for Peter Gabriel, og ønskte heller å leite etter ein ny songar. Ein av dei 400 personane som var på prøvespel, Mick Stickland, fekk nesten jobben, men bandet valte å ikkje ta han inn. Bandet hadde alt spelt inn det meste av musikken til A Trick of the Tail og denne var i ein toneart som Stickland ikkje var komfortable å synge i. Då dei ikkje fann noko ny vokalist, gjekk Collins motvillig i studio for å synge «Squonk» og bandet avgjorde då at Collins skulle bli den nye vokalisten.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Relight Studios og miksa i Trident Studios i oktober og november 1975. Det var det første albumet dei produserte i lag med David Hentschel, som arbeidde med bandet dei neste fire åra.

Videoar[endre | endre wikiteksten]

For første gongen i karrieren filma Genesis musikkvideoar til songane deira. Tre videoar vart laga. Banks sin «A Trick of the Tail» var den første, der ein ser bandet spele i lag kring eit piano. Ein miniatyr av Phil Collins kan ein sjå hoppande på eit piano og ein gitar. Collins sa sida at denne videoen var den mest kleine i heile karrieren hans. Den andre videoen var for songen «Ripples», der bandet framfører songen. Den tredje var for «Robbery, Assault and Battery» som syner Collins som bankrøvar som skyt eit eldre mann (spelt av Mike Rutherford) før han blir forfølgd av politifolk (spelt av resten av bandet).

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

A Trick of the Tail gjekk heilt til tredjeplassen i Storbritannia og låg på albumlista i 39 veker. I USA nådde albumet 31. plass på albumlista. I tillegg selde albumet til gullplate i USA i mars 1990. Suksessen gjorde godt for økonomien til Genesis, som hadde $400 000 i gjeld på tida då Peter Gabriel slutta i bandet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Tekst Musikk Lengd
1. «Dance on a Volcano»   Mike Rutherford Tony Banks, Phil Collins, Steve Hackett, Rutherford 5:53
2. «Entangled»   Hackett Hackett, Banks 6:28
3. «Squonk»   Rutherford Rutherford, Banks 6:27
4. «Mad Man Moon»   Banks Banks 7:35
Side to
# Tittel Tekst Musikk Lengd
1. «Robbery, Assault and Battery»   Banks, Collins Banks, Collins 6:15
2. «Ripples...»   Rutherford Rutherford, Banks 8:03
3. «A Trick of the Tail»   Banks Banks 4:34
4. «Los Endos»   (instrumental) Banks, Collins, Hackett, Rutherford 5:46
51:11

2007-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Ei ny utgåve av A Trick of the Tail kom ut i 2007 i Storbritannia og Japan. Han vart gjeven ut i Nord-Amerika som ein del av Genesis 1976-1982-boksen same året. Denne utgåvea inneheld heile albumet i stereo, heile albumet i kringlyd og tilknytte videospor.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «A Trick of the Tail – Genesis | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r8173/review. Henta 24. september 2012. 
  2. Andy Fyfe Q,. mai 2007, Issue 250.
  3. Mick Houghton Uncut,. mai 2007, Issue 120.
  4. Nicholson, Kris (20. mai 1976). «Genesis: Trick Of The Tail : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 20 June 2008. http://web.archive.org/web/20080620101014/http://www.rollingstone.com/artists/genesis/albums/album/215190/review/5941181/trick_of_the_tail. Henta 24. september 2012. 
  5. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. ss. 327-328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]