The Silent Sun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Silent Sun
Singel av Genesis
frå albumet From Genesis to Revelation
B-side

«That's Me»

Utgjeve 2. februar 1968
Sjanger Folkrock, poprock, barokkpop, psykedelisk pop
Lengd 2:13
Selskap Decca (UK)
London (USA)
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Peter Gabriel, Anthony Phillips, Mike Rutherford
Produsent Jonathan King
Genesis-kronologi 
The Silent Sun «A Winter's Tale»
(1968)
-kronologi
«Carpet Crawlers 1999»

(2006)

The Silent Sun


«The Silent Sun» (kalla berre «Silent Sun» på albumet frå 1968) er den første singelen til det engelske rockebandet Genesis. Han vart skriven av Tony Banks og Peter Gabriel på ei tid då den potensielle produsenten deira, Jonathan King, var i ferd med å miste interessa. Dei viste at King var tilhengjar av Bee Gees, og Banks og Gabriel skreiv songen spesifikt for å fange merksemda hans igjen.[1] Bandet fekk kontrakt og songen vart gjeven ut som singel 22. februar 1968. Dei byrja like etter å arbeide på debutalbumet sitt, From Genesis to Revelation.

«The Silent Sun» er ei blanding av folkrock og poprock. Strykarane og den lette, romantiske teksten gjer at songen ligg langt unna den progressive musikken på det andre albumet til Genesis, Trespass. Songen har som det meste av songane frå From Genesis to Revelation ikkje vore gjeve ut på samlealbum eller konsertalbum av Genesis.

Singelen vart gjeven ut på ny i juli 2006 med tittelen «The Silent Sun 2006», utan B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis: A History (1990).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]