Genesis av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Genesis av Genesis
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 3. oktober 1983
Innspelt 1983
Studio The Farm
(Chiddingfold i Surrey)
Sjanger
Lengd 45:33
Selskap Charisma/Virgin
Produsent
Genesis-kronologi 
Three Sides Live
(1982)
Genesis av Genesis Invisible Touch
(1986)


Singlar frå Genesis
  1. «Mama»
    Utgjeve: 22. august 1983
  2. «That's All»
    Utgjeve: 3 Oktober 1983
  3. «Home by the Sea»
    Utgjeve: 31 Oktober 1983
  4. «Illegal Alien»
    Utgjeve: 23. januar 1984
  5. «Taking It All Too Hard»
    Utgjeve: June 1984

Genesis er det tolvte studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut 3. oktober 1983 på Charisma og Virgin Records. Etter turneen deira i 1982, då dei gav ut konsertalbumet Three Sides Live, tok Genesis ein åtte månader lang pause før dei kom saman att våren 1983 for å spele inn eit nytt studioalbum, det første sidan Abacab (1981). Det var det første albumet deira som vart skriven, innspelt og miksa i sin heilskap i The Farm, studioet som dei eigde på eiga hand. Tittelen kom av at heile albumet vart skriven av gruppa i lag. I følgje AllMusic etablerte albumet som «no hovudsakleg eit popband», men «kunstrock vert stadig nytta til å fargeleggje».[1]

Genesis vart ein salssuksess då det kom ut. Albumet gjekk til topps på albumlista i Storbritannia og nådde niandeplassen på den amerikanske Billboard 200, der det selde over fire millionar eksemplar. Det vart gjeve ut fem singlar i 1983 og 1984, der «Mama» vart den største hitten med ein fjerdeplass på den britiske singellista. Genesis vart ommastra i 2007 med nye miksar i stereo og 5.1 kringlyd, som ein del av plateboksen Genesis 1983–1998.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1982 bestod besetning i Genesis av trommeslagaren og songaren Phil Collins, klaverspelaren Tony Banks og gitaristen og bassisten Mike Rutherford, og med seg på scenen hadde dei trommeslagaren Chester Thompson og gitaristen Daryl Stuermer, og dei var nettopp ferdig med ein to månader lang turné i Nord-Amerika og Europa, for å marknadsføre det tredje konsertalbumet deira, Three Sides Live. Dei hadde òg nettopp heldt ein enkel konsert kalla Six of the Best med den originale Genesis-frontmannen og songaren Peter Gabriel og den tidlegare gitaristen Steve Hackett for å reise midlar for verdsmusikkfestivalen til Gabriel, WOMAD, etter denne hamna i økonomiske problem. Genesis tok så ein pause og bandmedlemmane arbeidde med soloprosjekt.

Våren 1983 møttest bandet i studioet sitt, The Farm i Chiddingfold i Surrey, for å arbeide på det nye studioalbumet sitt, det første sidan Abacab (1981). Genesis vart det første albumet deira der dei både skreiv, spelte inn og miksa i studioet sitt.[2][3] At dei kunne arbeide i sitt eige lokale utan presset med kostnadene med å leige eit studio, førte til eit avslappa miljø.[3] Dei fekk med seg lydteknikaren Hugh Padgham, som òg hadde arbeidd på Abacab, men produserte albumet sjølv med Geoff Callingham som teknisk assistent.[2] Rutherford hugsa at prosessen gjekk tregt i starten, men etter ein produktiv tredje dag, hadde dei «to eller tre» songar som fanga interessa deira og auka begeistringa for albumet.[3] Før innspelingane byrja, vurderte Banks og Rutherford om dei skulle syngje solovokal på albumet, men la det bort då dei hadde utvikla songar med tanke på røysta til Collins. Banks sa at han og Rutherford tok ei meir dominerande rolle på korvokal på Genesis enn på tidlegare album.[4]

Banks forklarte at albumet var eit resultat av at gruppa valde å «skrive og spele inn eit album samstundes, frå start til slutt».[5] Gruppa meinte at dei sterkaste songane deira var songane dei hadde skrive i lag, så dei valde å lage heile albumet deira på denne måten utan å bruke idear som nokon hadde kome med på førehand.[6] Før hadde kvart medlem teke med seg ferdige eller delvis ferdige songar i studio, noko som førte til at dei andre medlemmane fekk mindre å seie i utviklinga av desse songane. Denne gongen kom alle songane til via jamming og improvisasjonar i studio som vart som spelte inn på lydband,[3][6] som sikra at bandet heldt seg samla og songane heldt seg friske.[3] Banks sa at dette gjorde innspelinga meir spanande og spontan.[6] Dette samarbeidet førte til at dei tre medlemmane vart oppførte som låtskrivarar på alle songane, noko dei ikkje hadde gjort sidan The Lamb Lies Down on Broadway (1974).[6] Samarbeidet gjorde òg at albumet fekk den tittelen det fekk, Genesis, for å vektlegge at albumet var skrive i lag.[7]

Genesis synte at gruppa gjekk mot kortare, meir beintfram og radiovenlege songar. Rutherford sa at gruppa hadde gått så langt dei kunne i retninga progressiv rock og kunstrock sidan tidleg i 1970-åra og ønskte å skrive og spele inn songar på ein meir avslappa måte enn tidlegare.[3] Banks meinte musikken og den totale stilen på Genesis, var noko bandet hadde strekt seg etter i mange år, særleg at dei var meir aggressive i kantane.[5] Han skildra side ein som «hovudakta», medan side to har «karakterstykka».[6]

Hovudinstrumenta Banks nytta på albumet var Prophet 10, Synclavier, ein E-mu Emulator, eit Yamaha CP-70 elektrisk piano og ein ARP Quadra på «Mama».[5][6] På eit punkt på albumet, vart det nytta ein sample frå filmmusikken til 2001: A Space Odyssey. Collins sa: «Du speler ein akkord og ein og halv av det på halv fart og ein part på dobbel fart og det høyrest vakkert ut».[8] Collins spelte på eit Simmons elektronisk trommesett.[9]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Mama»[endre | endre wikiteksten]

«Mama» vart spelt inn med ein Linn trommemaskin.

«Mama» oppstod under ein jam der Rutherford leika seg med ein Linn LM-1 trommemaskin gjennom ein gated reverb-effekt og ein Mesa Boogie-forsterkar, og «skrudde opp lyden særs høgt», så mykje at forsterkarane hoppa på studiogolvet.[9] Collins vart inspirert til å gå for ein vokal som likna stilen John Lennon brukte på sin versjon av «Be-Bop-A-Lula» på versa av songen. Latteren hans var inspirert av songen «The Message» av rap-bandet Grandmaster Flash and the Furious Five som gjer noko liknande. Padgham hadde hatt med seg singelen til bandet så dei skulle få høyre han. Collins gjorde latteren under ein improvisasjon av «Mama» og bandet likte det så godt at dei tok det med på songen.[9] Gruppa var i tvil om Collins kunne gjenskape latteren på scenen, men det var ingen problem.[6]

Ein dag hadde bandet med seg ein koto i studio, og denne vart spelt gjennom ein E-mu Emulator og nytta som ein sample for perkusjonseffekt på songen, dels fordi Banks hadde prøvd andre ting og ikkje funne ein lyd som passa.[6][9]

Då dei skulle velje den første singelen frå albumet, venta Rutherford at manageren til Genesis, Tony Smith, og plateselskapet kom til å velje eit anna spor enn «Mama», men sa «full pott til dei, dei gjekk med på å gje ut noko som var litt annleis».[3] Rutherford meinte seinare at «Mama» var ein av dei beste songane på albumet, og var nøgd etter at singelen klatra høgt på singellistene med ein song som representerte «alt Genesis handla om» på den tida.[3]

Andre songar[endre | endre wikiteksten]

«That's All» oppstod frå eit enkelt pianoriff av Banks etterfølgd av eit trommemønster som gav ei stemning bandet ønskte å utvikle vidare. Kvart medlem sa The Beatles var ein inspirasjonen for songen. Collins sa at trommestilen hans på songen etterlikna trommeslagaren deira Ringo Starr.[9] Orgelsoloen vart spelt på ein Synclavier som etterlikna eit Hammond B-3-orgel, trass i at ein kan sjå det motsette i musikkvideoen.[6]

«Home by the Sea» fortel soga om ein innbrotstjuv som bryt seg inn eit hus, men finn ut av det er heimsøkt og vert fanga av gjenferda som spøkjer der, og vert så tvungen til å lytte til livssogene deira. Collins hadde repetert linja «home by the sea» over heile songen før Banks skreiv tekst til songen og brukte denne linja til å kome på soga i songen.[9] Songen oppstod då bandet spelte til ein Linn trommemaskin. Både Banks og Rutherford la ned eit grunnspor på klaverinstrument og gitar, medan Collins song «home by the sea»-linjene. Bandet hadde då ein idé å arbeide ut frå. Dei spelte så inn songen på nytt på kvar sine lydband og Collins erstatta trommemaskinen med sine eigne trommer.[10]

«Second Home by the Sea» utvikla seg frå ein improvisasjon som byrja med Collins som spelte eit trommeriff som Banks og Rutherford likte og spelte over.[9] Banks estimerte at dei jamma i to timar på denne ideen den eine dagen og like mange timar den neste dagen. Dei heldt partane dei likte best.[6]

«Illegal Alien», med tekst av Rutherford, handlar om ulovlege innvandrarar som prøver å krysse grensa til USA for å få eit betre liv.[11] Collins prøvde ein meir dristig trommetil og gjekk gjennom mange forskjellige stilar, og meinte at han enda opp med å kanskje ikkje gjere meir enn det om var naudsynt for songen. Den valde stilen var «den enkle rock-and-roll-stilen to og fire på skarptromma, ein og tre på bassen. Det var det som fekk songen til å fungere».[10] Han opna med lydeffektar av bilhorn og telefonar som Banks spelte på sin E-mu Emulator-synthesizer.[6] Collins var meir nøgd med tromminga si på «Mama» og «Illegal Alien» enn meir intrikate verk av bandet, som «Los Endos» frå A Trick of the Tail.[10] Banks nekta for at dei impliserte noko rasistisk i songen mot mexicanarar, men sa «det var ein ironisk sak» og er faktisk meir sympatisk mot immigrantar.[11]

«It's Gonna Get Better» har ein introduksjon på klaverinstrument som Banks sampla frå eit album for klassisk musikk for cello, og som han ønskte å opphavleg bruke for å få ein god strykarlyd på instrumentet sitt, men klarte det ikkje. Han spelte fire tonar samstundes ved å bruke den same samplelyden, men skapte uventa ein lyd med harmoniar vove inni kvarandre, som han valde å bruke.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Genesis kom ut 3. oktober 1983 på Charisma og Virgin Records i Storbritannia og på Atlantic Records i USA.[2][12] Det gjekk til topps på UK Albums Chart for ei veke frå 15. oktober 1983 og låg 51 veker inne på lista. Det gjekk inn på lista att i nye 15 veker mellom 1984 og 1987.[13] Albumet nådde niandeplassen på Billboard 200 og låg 41 veker inne på lista.[14] I Storbritannia selde albumet til gullplate same dagen det kom ut for 200 000 selde eksemplar. I desember 1983 nådde det platinaplate og i oktober 1987 dobbel platina for 600 000 selde eksemplar.[12]

Fire singlar frå albumet kom ut mellom august 1983 og juni 1984. Ein 12"-singel med lengre versjonar av «Mama» og «It's Gonna Get Better» kom òg ut, og versjonen av sistnemnde hadde eit ekstra vers og refreng.[6]

Genesis filma musikkvideoar for «Mama» og «Illegal Alien», begge filma etter kvarandre på same filmsettet.[15]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Kerrang!(very favourable)[16]
Rolling Stone2/5 stars[17]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[18]

I ein artikkel om bandet og albumet i september 1983 i Sounds skildra Bill Black Genesis som «ein stundom frustrerande cocktail av frekk låtskriving» som soloalbuma til Collins tydelegvis hadde brakt til songane, «krydra med lokkande påminningar» om den meir progressive og kunstrockprega fortida deira. Han kritiserte «It's Gonna Get Better», og oppsummerte denne som «reint formelbasert» og samanlikna klaverlyden i bakgrunnen med «kosmisk Elgar», men meinte «Mama» var «så rått som det truleg er mogeleg å få med Genesis post Gabriel» og noko som skilde seg kraftig frå dei tidlegare songane deira.[3] I ei seinare melding for AllMusic vurderte Stephen Thomas Erlewine albumet til tre og ei halv stjerne av fem. Han kritiserte albumet for å ikkje henge saman, men meinte at dei fleste av songane kvar for seg var eineståande, «dei balanserte slike glatte, pulserande popmelodiar som 'That's All' med ein ny tøtsj av verkande balladar.» Han rosa òg at bandet hadde klart å omdefinere seg sjølv som ei popgruppe.[1] Meldaren i Kerrang! meinte at etter albumet «hadde byta ut teknisk kompleksitet og kunstferdigheit med ei like makelaus enkelheit», som skapte «eit Genesis-album for folk som vanlegvis hatar Genesis» og «flott musikk for massane».[16]

I 1985 vart albumet nominert til Grammyprisen for beste rockesong av ein duo eller gruppe, medan «Second Home by the Sea» vart nominert til beste rockceinstrumental.

Mike Rutherford har kalla dette albumet favoritten sin blant Genesis-albuma.[19]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Genesis.[2]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Mama»6:52
2.«That's All»4:25
3.«Home by the Sea»5:08
4.«Second Home by the Sea»6:06
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Illegal Alien»5:17
2.«Taking It All Too Hard»3:58
3.«Just a Job to Do»4:47
4.«Silver Rainbow»4:31
5.«It's Gonna Get Better»5:14
Total lengd:45:33

«It's Gonna Get Better» inneheld ei sampling frå celloen i opninga av ein ballettsuite skriven av Aram Khachaturian.[20][21]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå det originale plateomslaget frå 1983.[2]

Genesis

Produksjon

  • Genesis – produsent
  • Hugh Padgham – produsent, lydteknikar
  • Geoff Callingham – teknisk assistent
  • Tony Smith – manager
  • Bill Smith – design
  • Chris Peyton – tilpassing av omslaget (for The Redroom)

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
Kanadiske album (RPM)[22] 2
Nederlandske album (MegaCharts)[23] 2
Finske album (Suomen virallinen lista)[24] 1
Tyske album (Media Control)[25] 1
Italienske album (FIMI)[26] 4
Norske album (VG-lista)[27] 2
Spanske album (AFYVE)[28] 21
Svenske album (Sverigetopplistan)[29] 12
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[30] 2
Britiske album (OCC)[31] 1
US Billboard 200[32] 9
Liste (1984) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[33] 2
Liste (1987) Plassering
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[34] 2

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[35] Platina 400 000*
Tyskland (BVMI)[36] Platina 500 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[37] 2× Platina 100,000x
Storbritannia (BPI)[38] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[39] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Genesis (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2020.
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike. (1 Oktober 2007). Genesis 1983–1998 [Genesis]. [DVD]. EMI Records. UPC 081227996413. 
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Erlewine, Stephen Thomas. «Genesis review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 21. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Genesis. Charisma Records. 1983. GEN LP1. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 Black, Bill (17. september 1983). «Mothercare». Sounds. Henta 21. mars 2020. 
  4. Hewitt, Alan (12. november 1983). «Genesis 1983 Press Conference». The Waiting Room Online. Henta 18. mars 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Tony Banks». Electronics & Music Maker. November 1983. Henta 21. mars 2020. 
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 Milano, Dominic (November 1984). «Tony Banks & the Evolution of Genesis». Keyboard: 36–38, 45–46, 48. Henta 20. mars 2020. 
  7. Parkyn, Geoff (Summer 1984). Genesis Information (32): 2 https://thegenesisarchive.co.uk/32/. Henta 20. mars 2020.  Missing or empty |title= (hjelp)
  8. Parkyn, Geoff (Winter 1984-1985). «Phil Collins and his hot tub club». Genesis Information (34): 12. Henta 20. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 Reissues Interview 2007 2008.
  10. 10,0 10,1 10,2 «Phil Collins Interviews - Hitmen - 1986 Part Two». Hitmen. 1986. Arkivert frå originalen 1. august 2008. Henta 20. mars 2020. 
  11. 11,0 11,1 Welch, Chris (February–Mars 1984). «Brum Punch» (62): 28. Henta 20. mars 2020. 
  12. 12,0 12,1 «BPI Awards - Genesis - Genesis». British Phonographic Industry. Henta 21. mars 2020. 
  13. «Artists – Genesis – Singles and Albums». The Official UK Chart Company. Henta 20. mars 2020. 
  14. «Music – Genesis – Chart History – Billboard 200». Billboard. Henta 20. mars 2020. 
  15. Greene, Andy (5. februar 2015). «See Mike Rutherford's Career From Genesis to the Mechanics in 13 Videos». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. februar 2018. Henta 21. mars 2020. 
  16. 16,0 16,1 De Whalley, Chas (3. november 1983). «Genesis 'Genesis'». Kerrang! 54. Spotlight Publications Ltd. s. 10–11. 
  17. Considine, J.D. (19. januar 1984). «Genesis: Genesis : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. november 2007. Henta 21. mars 2020. 
  18. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 328. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  19. https://youtube.com/watch?v=snqKZ9_rATg?t=8m15
  20. https://www.youtube.com/watch?v=3fU-prisNOk
  21. http://www.twronline.net/issues/twr94/twr94_tb_interview_part2.htm
  22. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». Library and Archives Canada. 31 Mars 2004. Arkivert frå originalen 28. juli 2013. Henta 21. mars 2020. 
  23. "Genesis – Genesis". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  24. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på Finnish) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  25. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 21. mars 2020.
  26. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1983.htm
  27. "Genesis – Genesis". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  28. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  29. "Genesis – Genesis". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  30. "Genesis – Genesis". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  31. Oktober 1983 "15 Oktober 1983 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 21. mars 2020.
  32. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard 200 for Genesis. Prometheus Global Media.
  33. "Genesis - Genesis" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  34. "Genesis – Genesis". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 21. mars 2020.
  35. «French album salstrofé – Genesis – Genesis» (på fransk). InfoDisc.  Select GENESIS and click OK
  36. «Gold-/Platin-Datenbank (Genesis; 'Genesis')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  37. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Genesis; 'Genesis')». Hung Medien. 
  38. «British album salstrofé – Genesis – Genesis». British Phonographic Industry.  Enter Genesis in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  39. «American album salstrofé – Genesis – Genesis». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH