Selling England by the Pound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selling England by the Pound
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 13. oktober 1973
Innspelt August 1973
Studio Island Studios, London
Sjanger
Lengd 53:50
Selskap Charisma
Produsent
Genesis-kronologi 
Genesis Live
(1973)
Selling England by the Pound The Lamb Lies Down on Broadway
(1974)


Singlar frå Selling England by the Pound
  1. «I Know What I Like (In Your Wardrobe)»
    Utgjeve: Februar 1974[2]

Selling England by the Pound er det femte studioalbumet til det engelske, progressive rockebandet Genesis, utgjeve 12. oktober 1973 på Charisma Records (Europa) og Atlantic Records (USA). Det var oppfølgjaren til Foxtrot og var det bestseljande albumet til bandet på den tida, med ein tredjeplass i Storbritannia[3] der det låg på lista i 21 veker.

Ein singel frå albumet, «I Know What I Like (In Your Wardrobe)», kom ut i februar 1974 og vart den første hitten deira på topp 30 i Storbritannia.

Albumet vart spelt inn i august 1973 etter turneen for det førre albumet deira, Foxtrot (1972). Gruppa sette til side ein kort periode for å skrive nye songar, som dekte fleire tema, som tap av engelsk folkekultur og ein auka amerikansk påverknad, som tittelen syner til. Etter albumet kom ut, la bandet ut på ein turné, der dei fekk entusiastisk respons frå fansen.

Kritikarar og bandet har gjeve blanda meininga om albumet. Gitaristen Steve Hackett har sagt det var favorittalbumet hans av Genesis.[4] Albumet har halde fram å selje godt og selde til gullplate i Storbritannia og USA. Det vart ommastra for CD i 1994 og 2007. Fleire av songane på albumet vart fan-favorittar og vart spelte fast på konsertane deira til inn i 1980-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I mai 1973 fullførte Genesis med frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten og gitaristen Mike Rutherford, gitaristen Steve Hackett og trommeslagaren Phil Collins turneen deira etter det førre albumet, Foxtrot (1972). Turneen var den første større turneen deira i Nord-Amerika og dei fekk positiv respons,[5] sjølv om journalistar framleis kritiserte bandet og samanlikna dei med andre progrockband på den tida, som Emerson, Lake & Palmer, Jethro Tull og Pink Floyd.[6] Charisma pressa bandet til å gje ut nytt materiale for å utnytte den nye suksessen deira, og gav ut eit album med konsertopptak tidleg i 1973, mot ønsket til bandet, Genesis Live (1973).[7][8] Det vart det bestseljande albumet deira i Storbritannia til då og nådde niandeplassen på albumlista der.[8]

Gruppa vart for travle med turneen til å skrive nye songar, så då turnen var over sette dei av tid til å skrive nye songar. På grunn av suksessen med Foxtrot let selskapet til gruppa, Charisma Records, dei få to til tre månader på seg til å komme opp med eit nytt studioalbum, som Rutherford rekna som eit «dødskyss».[8][9] Tidleg i innspelinga hadde Collins danna eit tilfeldig band med den tidlegare Yes-gitaristen Peter Banks for eit par konsertar, og Rutherford fortalte i eit intervju med Sounds i 1976 at «det var uro for at Phil kom til å forlate gruppa».[10][11] Trass i dette hugsa Gabriel tida som «relativt lukkeleg og roleg».[12]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Skriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart skrive over fleire periodar på forskjellige stader, og Banks hugsa at gruppa hadde vanskar med å kome opp med musikalske idear.[13][14] Den ekstra tida Charisma let dei få gjorde at bandet kunne arbeide meir avslappa i starten, og dette førte ikkje til mykje som kunne brukast. Dei omarbeidde idear til eit punkt der dei ikkje lenger fungerte, eller førte dei attende til der dei hadde byrja..[15][8] Dei første møta fann stad i det skribenten Jerry Gilbert skildra som «ein gammal herregard» i Chessington i Kingston upon Thames,[10] der gruppa øvde i stova og fekk naboane til å klage over støy.[16][17] Collins hugsa ikkje albumet som særskild vanskeleg å setje saman, men sa at Chessington-tida danna grunnlaget for «The Cinema Show». Han hadde lytta til jazzfusion-gruppa Mahavishnu Orchestra, som inspirerte han til å spele meir kompliserte taktar på trommene for «Dancing With the Moonlit Knight» og andre parti på albumet.[18] Øvingane vart så flytta til Londdon i eit rom under Una Billings School of Dance i Shepherd's Bush,[15] der «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» vart vidare utvikla.[19] Hackett hadde ikkje bidrege med mykje materiale til gruppa på dette punktet, då han samstundes hadde ekteskapsproblem. I staden for å kom med heile songar, kom han med forskjellige gitarparti, som alle vart nytta, og som ein trur gav albumet ei jazzfusion-kjensle, sjølv om det framleis er særs engelsk.[20]

To seksjonar som kom inn i øvingane frå starten av var eit enkelt gitarriff som Hackett hadde spelt og som bandet likte og ønskte å utvikle vidare. Dette vart «I Know What I Like (In Your Wardrobe)». Tre bitar frå Banks, som han opphavleg hadde tenkt for andre songar, vart i staden nytta i det endelege arrangementet av «Firth of Fifth». Den tredje seksjonen som vart tidleg utvikla vart opninga til «The Battle of Epping Forest», og bandet spelte desse tre stykka om att og om att dagleg i ein periode, som Banks meinte førte til at sistnemnde vart overarbeidd.[13] Trass i nokre tilbakeslag, skreiv biografiforfattaren Robin Platts: «Det var nok magiske augneblink og inspirerte jammar til å skape slike varige komposisjonar».[8]

Ein av ideane som Gabriel ønskte å føre fram med albumet var ideen om å sjå på «engelskheita på ein annan måte». Dette går att i tittelen på albumet,[21] som igjen var eit slagord som Labour Party byrja å bruke, for å sikre at den britiske pressa ikkje skulde bandet for å «selje seg» til Amerika.[4] Rutherford rekna seinare tittelen som ein av dei beste albumtitlane deira.[22] Totalt sett representerte det forfallet til engelsk folkekultur og ein stadig amerikanisering.[4] Banks sa et engelske temaet over albumet ikkje var ein planlagt ide i starten, men det var slik songane enda opp å bli.[23] Gabriel sa seinare at han skreiv alle tekstane til albumet på to dagar.[24]

Etter å ha øvd og skrive nok materiale for eit heilt album, gjekk gruppa inn i Island Studios i London i august 1973. Som med Foxtrot var John Burns produsent.[11] Burns var teknisk dugane og det skapte ein bra lyd, som motiverte gruppa til å spele betre og takle meir komplekse arrangement.[4] Gabriel var medviten om dei mange, lange instrumentale partia på albumet, som han meinte var ein risk og kunne få materiale til å bli keisamt.[25]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

«Dancing with the Moonlit Knight» er den første songen på albumet. Songen opnar acappella og vert så gradvis meir høglydt og livlegare, og vert til slutt ein rockelåt. Denne songen er ein av dei første der Tony Banks nyttar Mellotron M400, som han nettopp hadde fått. Gitarist Steve Hackett nyttar teknikkar som tapping og sweep-picking på denne songen, noko som var heilt nye teknikkar på denne tida.

Peter Gabriel i kostymet «Britannia» som han hadde på seg under «Dancing with The Moonlit Knight» i 1974

Teksten er ein ironisk kommentar til England på den tida og nyttar referansar til engelske ting som Green Shield Stamps. Tittelen på albumet er kalla opp etter ei linje i denne songen. Melodien vert repetert i forskjellig form i avslutninga av «The Cinema Show» og inn i «Aisle of Plenty. Motivet dukkar gradvis opp frå ein akkordsekvens, som er dei same akkordane som i «Cinema Show», men der i ei anna rekkefølgje. Linja «Paperlate, cried a voice in the crowd» inspirerte bandet til songen «Paperlate» i 1982.

«I Know What I Like (In Your Wardrobe)» kom ut frå ein jam av gruppa basert på eit av gitarriffa til Hackett. Han hadde presentert riffet for gruppa tidlegare, men var då blitt avvist fordi det høyrdest for mykje ut som The Beatles. Gilbert skildra ein tidleg lytt på songen som «Hint om gammaldags, engelsk romantikk» som i følgje Gabriel, var først meint å ha ein meir vise-aktig melodi.[23] Perkusjonslydane ein kan høyre i byrjinga er Gabriel som spelar på ei snakkande tromme som Burns hadde kjøpt frå Nigeria.[26] Songen kom ut på singel og vart den første hitten deira i Storbritannia.[11]

«Firth of Fifth» er eit ordspel på estuaret til elva Forth i Skottland, som ofte vert kalla Firth of Forth. Songen starta med klassisk klaver og ein rytmisk kompleks bit, der visse takter er i ein sjeldan 13/16- og 15/16-takt.[27] Sjølv om han er tilskriven heile bandet, hevda Banks sidan at mykje av musikken kom frå ideane hans, noko som vart stadfesta av Mike Rutherford[28] og Steve Hackett, som kalla han «ein av dei finaste til Tony».[29] Banks og Rutherford skreiv teksten. Banks sa sidan i Hugh Fielder si The Book of Genesis at det var ein av dei verste tekstane han hadde vore borti. Songen vart mykje spelt på konsertane til bandet, men ofte utan pianointroduksjonen, fordi Banks følte at han ikkje kunne spele han skikkeleg med sitt RMI elektriske piano som ikkje var berøringssensitivt.

«More Fool Me» er ein av to songar frå Gabriel-tida som Phil Collins syng solovokal på (den andre er «For Absent Friends» frå Nursery Cryme i 1971.) Songen handlar om ein mann som blir forlaten av kjærasten, men han er likevel sikker på at det vil ordne seg. Musikalsk er songen mykje enklare og dempa enn resten av albumet med berre akustisk gitar og vokal. Han vart skriven av Phil Collins og Mike Rutherford medan dei sat på trappa utanfor Island Studios. Songen vart òg sungen av Collins på Selling England by the Pound-turneen.[23]

Side to[endre | endre wikiteksten]

«The Battle of Epping Forest» var inspirert av ei nyhende om to rivaliserande gjengar som kjempa om territorium i London.[15] Teksten nemner personar som «Mick the Prick» og «Bob the Knob» medan dei kjempar om eit område i Aust-London. Gabriel nyttar forskjellige stemmer for dei forskjellige rollene.

«After the Ordeal» er ein instrumental hovudsakleg skriven av Hackett. Den første halvdelen er eit livleg klassisk gitarstykke, medan den andre er eit meir langsamt stykke for elektrisk gitar. Sjølv om Genesis aldri framførte songen på konsert, spelte Hackett songen på sine akustiske turnear. I følgje Banks var både han og Gabriel imot å ta med songen på albumet, og dei hadde mange diskusjonar om dette. Sjølv om Hackett vann i dette tilfellet, var det slike diskusjonar og kranglar som gjorde at Hackett slutta i bandet fire år seinare.

«The Cinema Show» er delt inn i to delar. den første delen er basert på eit stykke for 12-strengsgitar med vokalharmoni mellom Gabriel og Collins, og ein kort fløyte- og obosolo. Songen avsluttar med ein fire og halvt minutt lang syntheseizer solo på ARP Pro Soloist,[30] medan Rutherford og Collins spelar ein rytme i 7/8-takt.[31][32] Teksten, skriven av Banks og Rutherford, var inspirert av T.S. Eliot-diktet The Waste Land.[32][33]

Albumet avsluttar med at «The Cinema Show» glir inn i «Aisle of Plenty», ein reprise av «Dancing with the Moonlit Knight» som gjev albumet ei syklisk kjensle. Songen nyttar ordspel som «Easy, love there's the safe way home» og «Thankful for her fine fair discount, Tess co-operates». På denne tida var Fine Fare og Safeway store matvarekjeder i Storbritannia og både Tesco og Co-op (The Co-operative Group), var og framleis er matvarekjeder. Ordet aisle frå tittelen er òg tilknytt matvareforretningar.[4]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart måla av Betty Swanwick og kalla The Dream.[34] Swanwick hadde designa plakatar for London Transport frå 1930- til 1950-åra.[33] Originalmåleriet hadde ikkje med grasklypparen. Bandet fekk Swanwick til å leggje denne til seinare for å vise til songen «I Know What I Like», fordi Swanwick sa ho ikkje hadde tid til å måle eit nytt måleri for omslaget.[34]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Selling England by the Pound kom ut i oktober 1973 og nådde tredjeplassen på den britiske albumlista[35] og 70. plassen på den amerikanske Billboard Pop Albums-lista.[36] Suksessen til albumet i USA drog fordel av at bandet byta selskap frå Buddah Records til Atlantic.[37] «I Know What I Like (In Your Wardrobe)» kom ut på singel med «Twilight Alehouse» som B-side, i februar 1974.[38] Det var den første singelen deira som gjekk inn på den britiske singellista og nådde 21. plassen.[2] Han vart ein stor nok suksess til at Genesis vart invitert til å framføre songen på det britiske TV-programmet Top of the Pops, noko bandet avslo.[39] I 2013 hadde albumet seld til gullplate i Storbritannia for 100 000 selde eksemplar.[40]

Albumet vart digitalt ommastra for CD i 1994[41] og igjen i 2007 av Rhino Records.[42]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[43]
Christgau's Record GuideB[44]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[45]
The Great Rock Diskografi10/10[45]
MusicHound Rock4/5[46]
Q4/5 stars[47]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[48]

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Paul Gambaccini i Rolling Stone hylla bandet for å prøve noko så annleis i «eit stilleståande popmiljø», men kritiserte tekstane på albumet, og meinte at dei brukte for mange referansar til britisk popkultur, og klage over somme musikalske passasjar. Trass i dette meinte Gambaccini at albumet «har krav på respekt».[49] Barbara Charone i NME sa albumet var «det beste, og mest eventyrlege albumet dei har gjeve ut til no».[50] The Guardian skreiv at «mykje av materialet er ukarakteristisk og langtekkeleg».[51] Robert Christgau skreiv for The Village Voice i juni 1974 at plata var «jordnært progressiv, som tyder at det gjev seg hen til nedlatande satire om kor vulgært unyttige ungdommen er. Ville T.S. Eliot vore stolt? Det tviler eg på. Men eg har ei kjensle av at dei seier rett ut kva alle medarbeidarane deira i sjangeren tenkjer, og det er ganske så fyldig musikk her.»[52]

Seinare meldingar har vore meir positive. AllMusic og BBC Music skreiv at albumet gjekk attende til den snodige eksentrisiteten på Nursery Cryme, medan det helt hardrockintenssiteten og pessimismen til Foxtrot, og kombinerte det beste av begge element til å danne det beste albumet til Genesis fram til då.[43][53] Christgau, skreiv seinare i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), at han innrømde at songane «Firth of Fifth» og «The Battle of Epping Forest» har «ein kompleks tone som er sjeldan å sjå i noko kunst», men meinte at resten av albumet var «like nedlatande som vanleg».[44]

I 2012 vart albumet rangert på sjuandeplassen på lista til Rolling Stone over dei beste progrockalbuma gjennom tidene.[54] Det vart òg inkludert på lista til IGN over ti klassiske progrockalbum i 2008, som hylla den «forsiktige elegansen, den store teksturen og den praktfulle teksten».[55] Biljournalist og TV-programleiaren Jeremy Clarkson er fan av albumet og skreiv notata i omslaget til albumet då det kom ut i plateboksen Genesis 1970–1975.[56]

Hackett reknar albumet som favoritten hans av Genesis-albuma og var gladd for dei mange bidraga sine. I 2017 sa han «Det var eit viktig vasskilje for bandet, og det var i starten for oss ein kamp å finne konsertar i USA. Om me kunne kome oss inn på ein klubb ein stad, kor det enn var, så var det godt nytt for oss på den tida. Eit ungt, og strevande band, med eit album som kom til å bli ein klassikar.»[57] Banks og Rutherford hadde meir blanda kjensler og sa det var mykje her som var bra, men òg det som ikkje var så bra.[4] Charisma-eigaren Tony Stratton-Smith var misnøgd med albumet, som han meinte hadde for mange instrumentale parti.[38]

Selling England by the Pound har blitt hylla av andre låtskrivarar og musikarar. Rush-trommeslagaren Neil Peart har sagt: «Eg syns Selling England by the Pound er eit varig meisterverk innan tromming. Vakker tromming, herleg lyd og arrangement, og eg syns dei verkeleg naila det beste eit band som ei eining kunne ha gjort med albumet.»[58] Fish, soloartist og tidlegare songar i Marillion, har kalla det «det definitive Genesis-albumet», og hylla den «kjenslemessige» kvaliteten, og sa at ordspelet var «ein av dei tinga som vart ein ganske stor inspirasjon for meg - spela inne i teksten» og konkluderte med at «det tok eit langt sprang framover og var albumet som verkeleg fekk meg til å like Genesis».[59] John Lennon sa han verkeleg likte albumet i eit radiointervju, noko bandet sette stor pris på.[60]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Genesis marknadsførte albumet med ein turné i Europa og Nord-Amerika frå september 1973 til mai 1974. I starten spelte dei med eit meir utførleg scenesett enn tidlegare, med oppblåsbare objekt med bilete projisert på eg, men ei endring i brannføreskrifter etter Summerland-katastrofen i august 1973 førte til at dei skrinla ideen.[10][23][25] Gabriel fann på nye soger før kvar song, og hadde på seg fulle kostyme med ein hjelm og skjold som representerte Britannia-karakteren i «Dancing With the Moonlit Knight» og song «The Battle of Epping Forest» med ei strømpe over hovudet.[61]

Turneen byrja med utselde konsertar i Storbritannia,[51] men den første konserten i Green's Playhouse i Glasgow måtte avlysast på grunn av trøbbel med det elektriske anlegget berre minuttar før konsertstart.[62][61] Gruppa forstod at dei hadde fått stor gjeld og trengde betre leiing, så dei tilsette Tony Smith.[62] I oktober 1973 vart eit part konsertar på turneen filma av Charisma for ein mogeleg kinofilm, men planen vart avvist av bandet som meinte filmen ikkje var bra nok.[63] I staden framførte bandet fem songar føre eit invitert publikum i Shepperton Studios som vart filma og sendt på TV som Tony Stratton-Smith Presents Genesis in Concert.[39] Gruppa kom attende til USA i desember 1973 med seks konsertar over tre kveldar på The Roxy i Los Angeles,[64] og ei framføring av «Watcher of the Skies» og «The Musical Box» på TV-showet The Midnight Special.[61] I januar 1974 spelte bandet fem konsertar på Theatre Royal i Drury Lane, der Gabriel vart løfta over scenen av ein wire under «Supper's Ready».[65]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford.[66] Alle spora produsert av Genesis og John Burns.[11]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Dancing with the Moonlit Knight»8:02
2.«I Know What I Like (In Your Wardrobe)»4:03
3.«Firth of Fifth»9:36
4.«More Fool Me»3:10
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Battle of Epping Forest»11:43
2.«After the Ordeal» (instrumental)4:07
3.«The Cinema Show»11:10
4.«Aisle of Plenty»1:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget frå 1973.[66]

Genesis

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Italia 4[67]
Britiske album (OCC)[68] 3
US Billboard 200[69] 70

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[70] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[71] Gull 100 000*
Italia (FIMI)[72] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[40] Gull 100 000^
USA (RIAA)[73] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Selling England by the Pound» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2020.
  • Awde, Nick (2008). Mellotron: The Machines and the Musikars that Revolutionised Rock. Bennett & Bloom. ISBN 978-1-898948-02-5. 
  • Bowler, Dave; Dray, Bryan (1992). Genesis: A Biography. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 978-0-283-06132-5. 
  • Carruthers, Bob (2011). Genesis - The Gabriel Era - Uncensored on the Record. Coda Books. ISBN 978-1-908538-73-4. 
  • Easlea, Daryl (2013). Without Frontiers: The Life & Music of Peter Gabriel. Omnibus Press. ISBN 978-0-857-12860-7. 
  • Graff, Gary; Durchholz, Daniel (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Visible Ink Press. ISBN 978-1-57859-061-2. 
  • Hewitt, Alan (2001). Opening the Musical Box – A Genesis Chronicle. Firefly Publishing. ISBN 978-0-946-71930-3. 
  • Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-509887-7. 
  • Platts, Robin (2001). Genesis: Inside & Out (1967–2000). Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-896-52271-5. 
  • Welch, Chris (2011). Genesis: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-739-6. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike. (10. november 2008). Genesis 1970–1975 [Selling England by the Pound]. [DVD]. Virgin Records. UPC 5099951968328. 
  1. 1,0 1,1 «Genesis – Selling England by the Pound (album review 5) | Sputnikmusic». Sputnikmusic. Henta 7. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 Bowler & Dray 1992, s. 249.
  3. Den britiske salslista Genesis hits
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Bowler & Dray 1992, s. 80.
  5. Bowler & Dray 1992, s. 69, 72.
  6. Bowler & Dray 1992, s. 76.
  7. Bowler & Dray 1992, s. 78.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Platts 2001, s. 64.
  9. Bowler & Dray 1992, s. 77.
  10. 10,0 10,1 10,2 Gilbert, Jerry (9. juni 1973). «Genesis planning project X». Sounds: 15. Henta 8. mars 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Bowler & Dray 1992, s. 79.
  12. Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 at 00:54–01:01
  13. 13,0 13,1 Banks, Tony. Reissues Interview 2007 at 01:01–02:15
  14. Welch 2011, s. 44.
  15. 15,0 15,1 15,2 Welch, Chris (28. juli 1973). «What Genesis did on their 'holidays'». Melody Maker. Henta 8. mars 2020. 
  16. «Interview with Steve Hackett and Kim Poor». 5. mai 1978. Henta 15 Mars 2017. 
  17. Hackett, Steve. Reissues Interview 2007 at 03:20–03:43
  18. Collins, Phil. Reissues Interview 2007 at 04:02–04:25
  19. Collins, Phil. Reissues Interview 2007 at 04:36–04:41
  20. Hackett, Steve. Reissues Interview 2007 at 02:15–03:02
  21. Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 at 00:10–00:31
  22. Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 at 00:31–00:36
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Gilbert, Jerry (1 September 1973). «Genesis battle against forest and fire». Sounds. s. 8. Henta 8. mars 2020. 
  24. Carruthers 2011, s. 95.
  25. 25,0 25,1 Welch, Chris (6 Oktober 1973). «Genesis: Chapter and verse». Melody Maker. s. 13. Henta 8. mars 2020. 
  26. Easlea 2013, s. 150.
  27. Sheet music of piano introduction
  28. Banks, Collins, Gabriel, Hackett, Rutherford (2007) Genesis Chapter and Verse, s. 168.
  29. Hackett, Steve (1996) Genesis Revisited liner notes
  30. Reid, Gordon (Mars 2008). «ARP Pro-Soloist». Performing Musikar. Arkivert frå originalen 16. april 2015. Henta 16. april 2015. 
  31. Sound on Sound (April 2009). «ReGenesis : Early Genesis for the modern klaverspelar». Henta 13 Desember 2012. 
  32. 32,0 32,1 Macan 1997, s. 84.
  33. 33,0 33,1 Awde 2008, s. 206.
  34. 34,0 34,1 Bowler & Dray 1992, s. 81.
  35. Bowler & Dray 1992, s. 246.
  36. «Selling England by the Pound – Genesis : Awards». AllMusic. Henta 7. mars 2020. 
  37. Carruthers 2011, s. 96.
  38. 38,0 38,1 Platts 2001, s. 70.
  39. 39,0 39,1 Hewitt 2001, s. 39.
  40. 40,0 40,1 «British album salstrofé – Genesis – Selling England by the Pound». British Phonographic Industry.  Enter Selling England by the Pound in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  41. «Selling England by the Pound – Genesis». AllMusic. Henta 8. mars 2020. 
  42. «Selling England by the Pound – Genesis». AllMusic. Henta 8. mars 2020. 
  43. 43,0 43,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Selling England by the Pound – Genesis | AllMusic». AllMusic. All Media Network. Henta 23. februar 2020. 
  44. 44,0 44,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  45. 45,0 45,1 «Selling England by the Pound». Acclaimed Music. Henta 8. mars 2020. 
  46. Graff & Durchholz 1999, s. 477.
  47. «Review». Q: 162. Desember 1994. 
  48. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  49. Gambaccini, Paul (14 Mars 1974). «Genesis: Selling England By The Pound : Music Reviews». Rolling Stone. Wenner Media. Arkivert frå originalen 18. juni 2008. Henta 7. mars 2020. 
  50. Carruthers 2011, s. 88.
  51. 51,0 51,1 Bowler & Dray 1992, s. 82.
  52. Christgau, Robert (June 1974). «The Christgau Consumer Guide». The Village Voice. Henta 28. mai 2019. 
  53. Jones, Chris (23. april 2007). «BBC – Music – Review of Genesis – Selling England by the Pound». BBC. Henta 7. mars 2020. 
  54. Greene, Andy. «Readers' Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time, page 5 of 11». Rolling Stone. Wenner Media. Arkivert frå originalen 2. desember 2017. Henta 8. mars 2020. 
  55. «10 Classic Prog Rock Albums». IGN. 28. august 2008. Arkivert frå originalen 21. august 2012. Henta 8. mars 2020. 
  56. «Genesis Reissue Five Classic Albums As Box Set». Uncut. 27. august 2008. Henta 8. mars 2020. 
  57. Prato, Greg (2017). «Steve Hackett Can Still Hack It». Long Island Pulse. Henta 27. februar 2017. 
  58. «6 pioneers of prog rock drumming». MusicRadar. 2. juni 2015. Henta 22. august 2015. [daud lenkje]
  59. Mann, Rachel (20. mai 2013). «This Must Be The Plaice: Fish's Favourite Albums». The Quietus. Henta 7. mars 2020. 
  60. Derrough, Leslie (2013). «Steve Hackett: An Interview with a Prog Pioneer». Glide Magazine. Henta 7. mars 2020. 
  61. 61,0 61,1 61,2 Platts 2001, s. 71.
  62. 62,0 62,1 Bowler & Dray 1992, s. 83.
  63. Bowler & Dray 1992, s. 84.
  64. Bowler & Dray 1992, s. 85.
  65. Hewitt 2001, s. 40.
  66. 66,0 66,1 Selling England by the Pound. Charisma Records. 1973. CAS 1074. 
  67. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1974.htm
  68. "Genesis | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  69. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard 200 for Genesis. Prometheus Global Media.
  70. «Canadian album salstrofé – Genesis – Selling England by the Pound». Music Canada. 
  71. «French album salstrofé – Genesis – Selling England by the Pound» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  72. «Italian album salstrofé – Genesis – Selling England by the Pound» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 8. mars 2020.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Genesis in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  73. «American album salstrofé – Genesis – Selling England by the Pound». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH