Tonight, Tonight, Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tonight, Tonight, Tonight
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
Utgjeve 23. mars 1987
Innspelt The Farm, Surrey; 1985- 1986
Sjanger Progressiv rock
Lengd 8:50 (studio version)

4:32 (radio edit) 11:46 (12» mix)

Selskap Atlantic (USA)
Virgin (UK) - GENS 4
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi
«In Too Deep»
(1987)
Tonight, Tonight, Tonight «No Son of Mine»
(1991)

«Tonight, Tonight, Tonight» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå albumet Invisible Touch frå 1986. Han vart gjeven ut som singel og singelen nådde tredjeplassen på singellista i USA og 18. plass i Storbritannia[1] som den fjerde singelen frå albumet. Arbeidstittelen på songen var «Monkey, Zulu».

Singelen bestod av ein redigert versjon (til 4:32) av songen og den første delen av «Domino» («In The Glow of the Night») som B-side. Denne kortare versjonen vart sidan gjeven ut på samleplata Turn It On Again: The Hits. Det vart laga ein 12" miks av songen kalla «Potoker remix».

Songen vart framført på konsertane til bandet mellom 1986 og 1988, medan ein kortare versjon vart spelt på seinare turnear.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

I musikkvideo for songen minnar atmosfæren om filmen Blade Runner.

Popkultur[endre | endre wikiteksten]

  • «Tonight, Tonight, Tonight» vart nytta i ein reklamekampanje for ølet Michelob i 1980-åra.
  • Songen vart nytta i ein episode av fjernsynsserien Magnum, P.I..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]