Mama av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mama
Singel av Genesis
frå albumet Genesis
B-side «It's Gonna Get Better»
Utgjeve 22. august 1983[1]
Innspelt The Farm i Surrey; 1983
Sjanger Progressiv rock
Lengd 6:48 (album version)
5:19 (single version)
Selskap Atlantic, Virgin, Vertigo
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi
«Paperlate»
(1982)
Mama «That's All»
(1983)

«Mama» er ein song av det britiske rockebandet Genesis frå 1983 på albumet Genesis. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Han er kjend for den grove trommemaskinen i starten av songen, komponert av Mike Rutherford, som fører til minimalistiske synthesizerlinjer og etter kvart stemma til Phil Collins. Songen er den mest suksessrike singelen til bandet i Storbritannia med ein fjerdeplass på UK Singles Chart.[2] Songen nådde òg Topp 10 i Sveits, Austerrike, Noreg, Irland og Nederland. Han var mindre populær I USA, der han berre nådde 73. plass på Billboard Hot 100.[3] Ei nyutgjeving av singelen i 1992 nådde så vidt Topp 40 i Tyskland.[4]

På siste verset vert det nytta ekte trommer, men det vert nytta «gated reverb»-effekt på lyden.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar ein ung mann som lengtar etter ei spesifikk prostituert jente. På DVDen The Genesis Songbook seier produsenten Hugh Padgham at inspirasjonen til latteren til Collins på songen kom frå rap-pioneren Grandmaster Flash-songen «The Message».

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen følgjer i stor grad teksten og syner Collins som syng til ei mystisk kvinne, medan Banks og Rutherford spelar i bakgrunnen.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det finst minst fire versjonar av studioopptaket av «Mama»: fullversjonen (7:28, på 12"-singelen og seinare CD-singelen), ein noko forkorta versjon (6:48, på sjølve albumet), ein forkorta versjon (6:03), gjeve ut som 7" singel og på samlealbum Turn It on Again - Best of '81-'83) og ein mykje kortare versjon (5:18, gjeve ut som 7" og 12" singel). Eit øvingsopptak frå 1983 som vert kall a«work in progress», finst på plateboksen Genesis Archive 2: 1976-1992. Dette synte korleis Genesis prøvde ut nye songar. Bandet spelte medan Phil Colins prøver å synge det han kom på.

Songen vart framført på alle turneane til Gensis etter 1983.

Eit konsertopptak finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live Over Europe 2007, og på DVDane Genesis Live at Wembley Stadium og When in Rome 2007.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983/1984) Plassering
Austerrike[5] 10
Nederland[6] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[7] 6
Irland (IRMA)[8] 5
New Zealand (RIANZ)[9] 27
Noreg (VG-lista)[10] 3
Sveits[11] 2
Storbritannia (The Official Charts Company)[2] 4
US Billboard Hot 100[3] 73
US Billboard Mainstream Rock Tracks[3] 5
Liste (1992) Plassering
Tyskland (Media Control Charts)[4] 33

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Mama» vart spelt inn av bandet Magellan i 1996 for eit hyllestalbum til Genesis. Songen vart òg spelt av det franske extreme metal-bandet Carnival in Coal i 1999, det brasilianske power metal-band Angra i 2002 og det finske heavy metal-bandet Tarot i 2003.

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Illusjonisten David Copperfield nytta songen på scenen under «Cocoon»-illusjonen sin.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://genesis.wikia.com/wiki/Genesis_Discography
  2. 2,0 2,1 «Chart Stats - Genesis - Mama». http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=10953. Henta 19. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Genesis > Charts & Awards > Billboard Singles». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4352/charts-awards/billboard-singles. Henta 19. oktober 2012. 
  4. 4,0 4,1 «Chartverfolgung / Genesis / Single» (på German). Music Line. Germany: Media Control Charts. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/Genesis/8604/single. Henta 12. februar 2012. 
  5. «Genesis - Mama - austriancharts.at». http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Genesis&titel=Mama&cat=s. Henta 19. oktober 2012. 
  6. «Nederlandse Top 40 - Week 40, 1983». http://www.top40.nl/index.aspx?week=40&jaar=1983&maand=10. Henta 19. oktober 2012. 
  7. Nyman, Jake (2005) (på Finnish). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (1st ed.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  8. «irishcharts.ie search results». http://www.irishcharts.ie/search/placement. Henta Mal:Start date. 
  9. «charts.org.nz - Genesis - Mama». http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Genesis&titel=Mama&cat=s. Henta 19. oktober 2012. 
  10. «norwegiancharts.com - Genesis - Mama». http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Genesis&titel=Mama&cat=s. Henta 19. oktober 2012. 
  11. «Genesis - Mama - hitparade.ch». http://hitparade.ch/showitem.asp?interpret=Genesis&titel=Mama&cat=s. Henta 19. oktober 2012.