Entangled

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Entangled
Singel av Genesis
frå albumet A Trick of the Tail
A-side

Entangled

B-side

A Trick of the Tail

Språk engelsk
Utgjeve 20. februar 1976
Innspelt oktober–november 1975
Sjanger Progressiv rock
Lengd 6:27
Selskap Charisma/Virgin (UK), Atco (US)
Komponist Steve Hackett, Tony Banks
Tekstforfattar Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Steve Hackett
Produsent David Hentschel og Genesis
Genesis-kronologi 
«The Carpet Crawlers» (1975) Entangled «A Trick of the Tail»


«Entangled» er ein song av det engelske rockebandet Genesis, spelt inn i november 1975 i Trident Studios i London for albumet A Trick of the Tail. Det er den andre songen på albumet og er kjenneteikna av ein 12-strengs akustisk gitar. Songen er skriven av klaverspelar Tony Banks og gitarist Steve Hackett og fortel ei soge om ein ubehageleg sjukdomsperiode. Songen endar med ein korsekvens spelt av Tony Bansk på Mellotron. I følgje Banks var «Entangled» ein kombinasjon av ein song som Hackett hadde skrive i 6/8, men som ikkje enno hadde refreng eller ein definitiv retning, og eit tidlegare musikkstykke av Banks som òg var skrive i 6/8. Banks og Hackett sette dei to songane samane, og fekk vokalist og trommeslagar Phil Collins til å synge det som opphavleg hadde vore piano. Banks sa «Det er favorittsongen min på det albumet, og endar med ein stor, katedralaktig kjensle».[1] Songen vart framført på konsertane til bandet i 1976 og i 2007.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Genesis: Chapter & Verse (published 2007)