Hauraki District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hauraki District
Namn Hauraki
Folketal 17 193 (Folketeljinga i 2006)
Grenser Haurakigolfen til Waihi;

Firth of Thames til Bay of Plenty

Hauraki District Council ligg i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Administrasjonssenteret i distriktet er Paeroa.

Distriktet strekkjer seg frå det sørvestlege hjørnet til havarmen Firth of Thames søraust mot byen Te Aroha, men sjølve byen ligg utanfor distriktsgrensene. Det når aust til kysten i Bay of Plenty, og omfattar den sørlegaste delen av Coromandelhalvøya. Resten av halvøya ligg i Thames-Coromandel District.

Kjennemerke i distriktet er passet Karangahake Gorge, busetnaden Whiritoa, sletteområdet Hauraki Plains og gullgruvebyen Waihi. Byen Ngatea ligg òg i distriket.

Distriktet dekkjer ei flate på 1144 km², og hadde ved folketeljinga i 2006 eit innbyggjartal på 17 193. Av desse budde 3975 i Paeroa og 4500 i Waihi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.