Franklin District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franklin District
distrikt
Land  New Zealand
Region Auckland, Waikato
Kart
Franklin District
37°14′S 175°00′E / 37.24°S 175°E / -37.24; 175
Wikimedia Commons: Franklin District
Fargebilete som viser Aucklandområdet. Franklin ligg nede til venstre på biletet. Biletet er teke av NASA sin Terrasatellitt, 23. oktober 2002.

Franklin District er eit distrikt sør for AucklandNordøyaNew Zealand. Det er eit av sju distrikt i Regionen Auckland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Distriktet er administrativt delt mellom regionane Auckland (39,82 prosent av landarealet) i nord, og Waikato (60,18 prosent) i sør. Det er administrert frå byen Pukekohe. Distriktet er hovudsakleg landleg, med lokale busetnader som til dømes Waiuku og Tuakau som støttar opp under jordbruksverksemder. Ein viktig industri er stålverket til New Zealand Steel ved Glenbrook, nord for Waiuku.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Distriktet grensar i nord til Auckland og den naturlege hamna Manukau Harbour. Awhituhalvøya strekkjer seg oppetter Tasmankysten til munningen av denne hamna. Her ligg fleire ferie- og fritidsstader, som Kariotahi Beach og Matakawau.

Franklin grensar i sør mot det grøderike låglandet i Waikato Plains. I aust hevar landskapet seg mot høgdedraget Hunua Ranges, aust for dette ligg kysten til fjorden Firth of Thames. Tasmanhavet ligg mot vest. Munningen til Waikatoelva ligg ved Port Waikato sør i regionen. Han er kjend som ein god fiskeplass.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Ein kommisjon (Royal Commission of Inquiry into Restructuring Auckland's Councils) arbeider med eit framlegg om å omstrukturera lokalstyra i regionen Aucland. Dette kan føra til at alle sju distrikta i regionen vert slegne saman. Dersom framlegget vert vedteke, kan det òg få følgjer for Franklin, som er ein del av båe regionane, Auckland og Waikato.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]