South Waikato District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
South Waikato District
South Waikato Territorial Authority.PNG
Folketal: 22 641 [1]
Største by: Tokoroa
Andre byar: Putaruru, Tirau, Arapuni, Atiamuri
Distriktsstyre (Territorial Authority)
Namn: South Waikato District Council
Leiar: Neil Sinclair
Utbreiing: Sør for Hamilton til nord for Taupo, vest for Rotorua til aust for Otorohanga og Ruapehu.
Flatevidd: 1 816,96 km²
Heimeside: http://www.southwaikato.govt.nz
Sjå òg: Manawatu District, Tokoroa
Regionstyre
Namn: Environment Waikato (EW Regional Council)
Heimeside: http://www.ew.govt.nz

South Waikato District ligg mellom byane Hamilton i nord, Rotorua i aust, Taupo i sør, og Ruhepehu District mot vest på NordøyaNew Zealand. Distriktet ligg i regionen Waikato.

Ngāti Raukawa er den største iwi i området. Det er 32 marae i distriktet, mellom desse Papa te Aroha marae, Aotearoa marae, Pikitu marae (Nga-Huri), Pōhara marae (Ngati Koriki), Ngatira marae (Ngati Ahuru) og Tarukenga marae (Ngati Te-Ngakau).

I distriktet ligg byane Tokoroa, Putaruru, Tirau og Arapuni. Setet til distriktsstyret, South Waikato District Council, er Tokoroa.

Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 22 641, av desse budde 65% i Tokoroa. Av innbyggjarane i distriktet rekna 6 711 seg som māoriar[1]. Putaruru hadde 3765 innbyggjarar, og Tirau 732. Folketalet i distriktet har gått merkbart attende det siste tiåret, frå 25 011 ved folketeljinga i 1996[1].

Hovudnæringsvegane i distriktet er skogbruk og produksjon av tømmer. Vest i distriktet ligg fleire vasskraftverk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]