Klaseammunisjonskonvensjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Stoltenberg på underteikningsseremonien for konvensjonen om klaseammunisjon i Oslo 3. desember 2008.

Klaseammunisjonskonvensjonen (engelsk Convention on Cluster Munitions) er ei internasjonal avtale som forbyr all produksjon, lagring, innkjøp, eksport og bruk av klaseammunisjon. Avtala forpliktar òg landa som sluttar seg til å bidra med støtte til offer for klaseammunisjon og til rydding av område der det er brukt slik ammunisjon. Konvensjonen vart vedteken av 107 statar i Dublin den 30. mai 2008, etter ein rask internasjonal prosess som vart starta av Noreg i november 2006. Konvensjonen vart underteikna av 94 statar i Oslo 3. desember 2008. Konvensjonen tredde i kraft 1. august 2010. Per april 2022 hadde 110 statar ratifisert og 13 andre statar signert konvensjonen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Klaseammunisjon vart først brukt i stort omfang under krigane i Søraust-Asia på 1960- og 1970-talet. Som ein respons på korleis nytta av både klaseammunisjon og napalm ramma sivile hardt i desse krigane, prøvde fleire mindre og mellomstore statar å forhandla fram restriksjonar på bruk av konvensjonelle våpen med inhumane konsekvensar.

Eit resultat av dette var Våpenkonvensjonen (Convention on Certain Conventional Weapons, CCW), som vart klar i 1980. Trass i at bruken av klaseammunisjon var ein av grunnane til forhandlingane, klarte ikkje statane som deltok å verta samde om restriksjonar på bruken av denne ammunisjonstypen. Ei hovudårsak til det, var argument om at klaseammunisjon hadde svært stor militær nytteverdi og at det ikkje var grunn til særskilde restriksjonar på bruken av dei.

På 1980-talet flytta merksemda seg over til det globale landmineproblemet. Landminer var òg regulerte av CCW-avtala, men stadig fleire aktørar kravde eit totalforbod framfor regulering av bruk. Dette var ikkje mogleg å få til innanfor CCW-avtala, og som følgje lanserte ein koalisjon av statar (blant anna Canada, Sør-Afrika og Noreg) og fleire humanitære organisasjonar ein eigen prosess, Ottawa-prosessen, for å få etablert eit totalforbod, Minekonvensjonen.

Klaseammunisjon vart brukt i aukande omfang frå 1990 og framover, spesielt i Irak, Afghanistan, Serbia og Libanon. Humanitære organisasjonar og menneskerettsgrupper som Raudekrossen, Norsk Folkehjelp og Human Rights Watch pressa på for å få til eit forbod mot klaseammunisjon i CCW, utan hell. Etter kvart støtta fleire statar tanken om at eit forbod var vegen å gå, men praksisen om konsensus i CCW førte til at dei statane som ynskte å hindra eit slikt forbod hadde veto.

Hausten 2006 bestemte Noreg seg for å invitera til ein prosess utanfor CCW for å få til eit forbod mot klaseammunisjon. 49 statar deltok på ein konferanse om klaseammunisjon i Oslo 22.-23. februar 2007, saman med representantar for SN, Raude Kross og Cluster Munition Coalition, koalisjonen av Ikkje-statlege organisasjonar, som arbeidde for eit forbod. 46 av statane slutta seg til ei politisk fråsegn om å forhandla fram eit nytt internasjonalt instrument som skulle forby bruk av klaseammunisjon innan utgangen av 2008. Dette vart gjort gjennom ein serie internasjonale konferansar fram til sluttforhandlingane i Dublin i mai 2008.

Den nye klaseammunisjonskonvensjonen var den første globale konvensjonelle nedrustingsavtalen sidan Minekonvensjonen frå 1997. Suksessen med desse to prosessane står i kontrast til det etablerte nedrustingssystemet, som SN sin nedrustningskonferanse CD og CCW, der det hadde skjedd lite det siste tiåret. Ein vesentleg skilnad er at medan dei tradisjonelle nedrustingsforuma er svært lukka prosessar der ikkje-statlege aktørar har lite tilgjenge, bygga både mine- og klase-prosessane på prinsippet om openheit og likeverdig deltaking frå ekspertar frå sivilsamfunnet, offera og dei ramma områda.

Land som har ratifisert klaseammunisjonskonvensjonen[endre | endre wikiteksten]

Land som har ratifisert avtale er farga lilla

Klaseammunisjonskonvensjonen tredde i kraft 1. august 2010, og vart dermed juridisk bindande for dei statane som har ratifisert han, og ein del av internasjonal lov og rett. Følgjande land har ratifisert konvensjonen per per april 2022:[1]

  • Flag of the Vatican City Vatikanstaten (3. desember 2008)
  • Det irske flagget Irland (3. desember 2008)
  • Flagget til Noreg Noreg (3. desember 2008)
  • Flagget til Sierra Leone Sierra Leone(3. desember 2008)
  • Flagget til Laos Laos (18. mars 2009)
  • Flagget til Austerrike Austerrike (2. april 2009)
  • Flagget til Mexico Mexico (3. mai 2009)
  • Det nederlandske flagget Nederland (2. juni 2009)
  • Flagget til Albania Albania (16. juni 2009)
  • Flagget til Spania Spania (17. juni 2009)
  • Flagget til Tyskland Tyskland (8. juli 2009)
  • Flagget til Luxembourg Luxembourg (10. juli 2009)
  • Flagget til San Marino San Marino(10. juli 2009)
  • Flagget til Japan Japan (14. juli 2009)
  • Flagget til Zambia Zambia (12. august 2009)
  • Flagget til Kroatia Kroatia (17. august 2009)
  • Flagget til SloveniaSlovenia (19. august 2009)
  • Flagget til Uruguay Uruguay (24. september 2009)
  • Flagget til Malta Malta (24. september 2009)
  • Flagget til Frankrike Frankrike (25. september 2009)
  • Flagget til Burundi Burundi (25. september 2009)
  • Flagget til Malawi Malawi (7. oktober 2009)
  • Det nordmakedonske flagget Makedonia (FYR) (8. oktober 2009)
  • Flagget til Nicaragua Nicaragua (2. november 2009)
  • Flagget til New Zealand New Zealand (22. desember 2009)
  • Flagget til Belgia Belgia (22. desember 2010)
  • Flagget til Montenegro Montenegro (25. januar 2010)
  • Flagget til Danmark Danmark (12. februar 2010)
  • Flagget til Burkina Faso Burkina Faso (16. februar 2010)
  • Flagget til Moldova Moldova (16. februar 2010)
  • Flagget til Samoa Samoa (28. april 2010)
  • Det britiske flagget Storbritannia (4.mai 2010)
  • Flagget til Ecuador Ecuador (11. mai 2010)
  • Det seychelliske flagget Seychellane (20. mai 2010)
  • Flagget til Lesotho Lesotho (28. mai 2010)
  • Flagget til Fiji Fiji (28. mai 2010)
  • Det komoriske flagget Komorane (28. juli 2010)
  • Flagget til Antigua og Barbuda Antigua og Barbuda (23. august 2010)
  • Flagget til Bosnia-Hercegovina Bosnia-Hercegovina (7. september 2010)
  • Flagget til Monaco Monaco (21. september 2010)
  • Flagget til Tunisia Tunisia (28. september 2010)
  • Flagget til Kapp Verde Kapp Verde (19. oktober 2010)
  • Flagget til Saint Vincent og Grenadinane Saint Vincent og Grenadinane (29. oktober 2010)
  • Flagget til Guatemala Guatemala (3. november 2010)
  • Flagget til Libanon Libanon (5. november 2010)
  • Flagget til Guinea-Bissau Guinea-Bissau (29. november 2010)
  • Flagget til Panama Panama (29. november 2010)
  • Flagget til Chile Chile (16. desember 2010)
  • Flagget til El Salvador El Salvador (10. januar 2011)
  • Flagget til Ghana Ghana (3. februar 2011)
  • Det nederlandske flagget Nederland (23. februar 2011)
  • Flagget til Portugal Portugal (9. mars 2011)
  • Flagget til Mosambik Mosambik (14. mars 2011)
  • Flagget til Litauen Litauen (24. mars 2011)
  • Flagget til Bulgaria Bulgaria (6. april 2011)
  • Flagget til Costa Rica Costa Rica (28. april 2011)
  • Flagget til Botswana Botswana (27. juni 2011)
  • Flagget til Grenada Grenada (29. juni 2011)
  • Flagget til Senegal Senegal (3. august 2011)
  • Flagget til Cookøyane Cookøyane (23. august 2011)
  • Flagget til Afghanistan Afghanistan (9. september 2011)
  • Flagget til Swaziland Swaziland (16. september 2011)
  • Flagget til Italia Italia (21. september 2011)
  • Flagget til Trinidad og Tobago Trinidad og Tobago (21. september 2011)
  • Det tsjekkisk flagget Tsjekkia (22. september 2011)
  • Det dominikanske flagget Den dominikanske republikken (20. desember 2011)
  • Flagget til Mauritania Mauritania (1. februar 2012)
  • Flagget til Elfenbeinskysten Elfenbenskysten (12. mars 2012)
  • Flagget til Honduras Honduras (21. mars 2012)
  • Flagget til Sverige Sverige (23. april 2012)
  • Flagget til Togo Togo (22. juni 2012)
  • Flagget til Ungarn Ungarn (3. juli 2012)
  • Flagget til Kamerun Kamerun (12. juli 2012)
  • Flagget til Sveits Sveits (17. juli 2012)
  • Flagget til Peru Peru (26. september 2012)
  • Flagget til Australia Australia (8. oktober 2012)
  • Flagget til Nauru Nauru (4. februar 2013)
  • Flagget til Liechtenstein Liechtenstein (4. mars 2013)
  • Flagget til Tsjad Tsjad (26. mars 2013)
  • Flagget til Andorra Andorra (9. april 2013)
  • Flagget til Bolivia Bolivia (30. april 2013)
  • Flagget til Irak Irak (14. mai 2013)
  •  Saint Kitts og Nevis (13. september 2013)
  •  Belize (2. september 2014)
  •  Republikken Kongo (2. september 2014)
  •  Guinea (21. oktober 2014)
  •  Guyana (31. oktober 2014)
  •  Palestina (2. januar 2015)
  •  Paraguay (12. mars 2015)
  •  Canada (16. mars 2015)
  •  Sør-Afrika (28. mai 2015)
  •  Slovakia (24. juli 2015)
  •  Rwanda (25. august 2015)
  •  Island (31. august 2015)
  •  Colombia (10. september 2015)
  •  Somalia (30. september 2015)
  •  Mauritius (1. oktober 2015)
  •  Cuba (6. april 2016)
  •  Palau (19. april 2016)
  •  Madagaskar (20. mai 2017)
  •  Benin (10. juli 2017)
  •  Sri Lanka (1. mars 2018)
  •  Namibia (31. august 2018)
  •  Filippinane (3. januar 2019)
  •  Maldivane (27. september 2019)
  •  Niue (6. august 2020)
  •  Saint Lucia (15. september 2020)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «UN Treaty Collection». Arkivert frå originalen 7. mars 2021. Henta 3. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]