Saint Vincent og Grenadinane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
Saint Vincent and the Grenadines

(norsk: Saint Vincent og Grenadinane, sanktvinsentisk)

Det sanktvinsentiske flagget Det sanktvinsentiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Saint Vincent, Land so beautiful»
Motto Pax et justitia
(
Fred og rettferd)
Geografisk plassering av Saint Vincent og Grenadinane
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Kingstown
Styresett
Dronning
Generalguvernør
Statsminister
Monarki
Elizabeth II
Sir Frederick Ballantyne
Ralph Gonsalves
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
389 km² (186.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
102 089 (185.)
262,4 /km²
Sjølvstende
frå Storbritannia
27. oktober 1979
Nasjonaldag 27. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 211 mill. USD (182.)
11 300 USD (107.)
Valuta Austkaribisk dollar (XCD)
Tidssone UTC -4
Toppnivådomene vc.


Saint Vincent og Grenadinane er ein stat på 32 øyar i Karibia som ligg nord for Grenada, sør for Saint Lucia og vest for Barbados. Hovudøya er Saint Vincent. I tillegg består øystaten av den nordlege delen av øygruppa Grenadinane, som er delt mellom Saint Vincent og Grenadinane og Grenada. Det samla arealet er på 389 km². Hovudstaden i landet er Kingstown.

Kart over Saint Vincent og Grenadinane

Viktige importvarer er diverse råvarer og ein del ferdigvarer, næringsmiddel, maskiner og kjemikaliar. Viktige eksportvarer er blant anna bananar. Viktige handelspartnarar er Trinidad og Tobago, USA og Storbritannia.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på landet er ein kombinasjon av namnet på hovudøya, Saint Vincent, og namnet på den tilhøyrande gruppa av mindre øyar, Grenadinane. På nynorsk blir staten kalla Saint Vincent og Grenadinane eller St. Vincent og Grenadinane.[1][2]

Ein har rekna med at hovudøya fekk namnet «Saint Vincent» av Kristoffer Columbus, som ein meinte kom over hene på festdagen for helgenen Vincent av Zaragoza den 22. januar 1498.[3] I røynda var Columbus i Spania på denne datoen.[4] Han vitja heller aldri Saint Vincent. «Hairoun» er det opphavlege karibiske namnet for øya Saint Vincent.[5]

Grenadinane har namn avleidd frå øya Grenada. Spanjolane kalla småøyene nord for Grenada diminutivt Los Granadillos, som på fransk og engelsk blei til Grenadines.[6]

Nemninga «Saint Vincent» har historisk òg omfatta dei mindre øyane. Ved sjølvstendet i 1979 tok staten namnet Saint Vincent and the Grenadines.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over eit parti av kysten på hovudøya Saint Vincent.

Saint Vincent og Grenadinane ligg i Windwardøyane sør i Dei små Antiller i den austlege delen av Karibia.

Landet består av ei stor øy, Saint Vincent, og den nordre delen av Grenadinane (den sørlege tilhøyrer nabolandet Grenada). Saint Vincent-sundet skil hovudøya Saint Vincent frå naboøya Saint Lucia i nord. Hovudøya ligg 32 km sørvest av Saint Lucia, medan avstanden til Barbados i aust er 160 km.[4]

Øya Saint Vincent er 30 km lang og 18 km brei på det breiaste.[4] Skogdekte fjell som går i nord-sørleg retning pregar øya. Mange elver og bekker strøymer frå det fjellriket indret av øya og ut mot kysten. Desse svell opp etter nedbør. Ingen av dei er farbare.

Petit Saint Vincent er den sørlegaste av Grenadinane som tilhøyrer landet.

Frå øya Saint Vincent strekkjer landet seg sørover over Grenadinane til Martiniquesundet. Havstykket mellom Saint Vincent og den første av Grenadinane er kalla Bequiasundet. Dei største av øyane i landet i Grenadinane er Bequia, Canouan, Mayreau, Mustique, Palm (Prune), Petit Saint Vincent og Union. Den sørlegaste øya er Petit Saint Vincent, like ved Petite Martinique, som tilhøyrer Grenada. Medan hovudøa er fjellrik og får mykje nedbør, er Grenadinane lågare og tørrare.[7]

Av eit landareal på 389,3 km², utgjer hovudaøa Saint Vincent 344 km² og øyane i Grenadinane til saman 45,3 km².[8] Landet har ei økonomisk sone på 36 396 km². Sokkelen utgjer eit område på 2 074 km².[9]

Tobago Cays.

Utanfor kysten av Saint Vincent og Grenadinane ligg det område med korallrev. Til saman utgjer detta 168 km².[9] Her lever det 413 artar fisk og fire artar havskjelpadde. Vidare finst 28 km² med sjøgrasområde og 0,7 km² med mangrove. I tillegg til nokre område utanfor øya Saint Vincent, er det viktige sjøgrasfelt ved Tobago Cays, Union, Bequia, Mustique og Canouan. Det største området med mangrove finst ved Ashton Harbor på Union, men det finst òg stadar med mangrove på hovudauga, Isle A Quatre, Mustique, Canouan og Tobago Cays.

Til saman 35 område var per 2016 verna på grunn av naturen.[10] Tobago Cays Marine Park er det største marinske verneområdet med eit 52 km² stort område som omfattar korallrev så vel som område med sjøgras.[9] Dette området er it viktig oppvekstområde for fisk, skaldyr og grøn havskjelpadde. Union-Palm Island Marine Conservation Area utgjer 12,9 km², medan Canouan Marine Reserve vernar eit område på 11,8 km². Andre verna område er South Coast Marine Conservation Area, Bequia Marine Conservation Area, Isle a Quatre Marine Reserve, Mustique Marine Conservation Area, Petit St. Vincent Wildlife Reserve. La Soufrière National Park står saman med Grenadinane på UNESCOS si tentative verdsarvliste.[11][12]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Etter utbrotet frå vulkanen La Soufrière i 1902.

Øya Saint Vincent ligg på den karibiske kontinentalplata i subduksjonssona der den karibiske plata møter den søramerikanske kontinentalplaten.[13]

Saint Vincent og Grenadinane er bygde opp av mange vulkanske bergartar, akkurat som øyane i nærleiken.

Hovudøya Saint Vincent er vulkansk. Den aktive stratovulkanen La Soufrière på nordenden av øya er den yngste av vulkanane på øya, og den einaste som ein rekner det er sannsynleg kan få utbrot igjen.[14] Det første historisk dokumenterte utbrotet frå La Soufrière fann stad i 1718.[15] Vulkanen hadde eit stort utbrot i 1812 og eit nytt i 1902.[16] Utbrotet i 1902 øydela store delar av nordenden av øya. 1600 menneske omkom.[17] La Soufrière hadde utbrot i 1979, men ingen menneske miste livet.[18]

Jordsmonnet er svært fruktbart og eignar seg til dyrking av mange typar frukt og grønsaker.[4]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Vulkanen La Soufrière på Saint Vincent.

Vulkanen La Soufrière nord på Saint Vincent er det høgaste punktet i landet med to toppar på 1234 og 1178 meter.[4] Det indre av hovudøya er prega av fjell som deler øya på langs i retning nord-sør. Vestsida av øya er broten opp i mange dalar, medan landskapet på austsida skrånar svakare og flatar meir gradvis ut.

Sør for La Soufrière ligg to fjell, Richmond Peak på 1074 meter i vest og Mount Brisbane på 932 meter i aust. Dette er restane etter det eroderte krateret eller kalderaen Morne Garu. Vidare i retning sør ligg Hermitage. Deretter kjem Grand Bonhomme på 970 meter og Petit Bonhomme på 747 meter. Lengst i sør ligg fjellet Mount St. Andrews på 736 meter.[19]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane har eit tropisk klima med små temperaturvariasjonar. Klimaet er tropisk marint.[4] Månadene frå januar til mai er den tørre årstida, medan det frå juni til desember er mest nedbør. Det fell meir nedbør i høgare strøk enn i lavlandet. I fjella midt på øya kjem det 3 800 mm nedbør om året. Ved kysten fell det frå 1 500 til 2 000 mm nedbør om året. Det fell mest nedbør på austsida av hovudøya.

I hovudstaden Kingstown varierer temperaturen mellom 18 og 32 °C.[4] I fjella kan årsnedbøren kome opp i nesten 4000 mm. Øyane ligg utsett til for orkanar.

Saint Vincent og Grenadinane ligg i eit område med nordaustleg passatvind. Landet kan råkast av orkanar. Det var øydeleggjande orkanar her i 1780, 1898 og 1955.[4] I 1980 ramma orkanen Allen, i 1986 Andrea og i 2004 Ivan.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Kongeamazon (Amazona guildingii) er nasjonalfugl.

Det finst rundt 12 700 hektar tropisk skog, inkludert opphavleg regnskog så vel som sekundærregnskog, palmelundar, dvergskog og mangrove.[7]

Plantelivet omfattar 1 150 artar blomsterplantar. 16 av desse er endemiske. Det er fire endemiske arter blant dei totalt 163 bregneartane. Ein av desse er trebregnen Cyathea tenera, som veks høgt oppe i regnskogen.[7]

Dyrelivet omfattar 17 pattedyrarter, av dei 12 artar flaggermus.[7] Blant dei 190 fugleartane er to endemiske: nasjonalfuglen, papegøyearten kongeamazon (Amazona guildingii), og crescendoparula (Catharopeza bishopi). Vidare finst det to endemiske underarter, raudstrupesolitærtrost (Myadestes genibarbis) og hussmett (Troglodytes aedon). 14 fugleartar er endemiske i regionen.

Det er fem endemiske artar blant dei 21 reptilartane i landet. Det gjeld tre øgleartar som berre finst på Bequia og Mustique (anolane Anolis griseus og Anolis trinitatus og gekkoen Sphaerodactylus kirbyi ) og éin som berre finst på Union (gekkoen Gonatodes daudini). Den femte endemiske reptilarten er snoken Chironius vincenti.[7] Det finst fire amfibieartar her, inkludert den endemiske Eleuthrodactylus shrevei eller Sankt Vincent-frosk. Blant krypdyra er to artar introduserte, invasive arter, medan det same gjeld to amfibium. Insektartane går opp i ei mengd av 2 000. Det finst 220 artar edderkoppdyr og 25 artar tusenbein. På land finst det 35 arter krepsdyr og 75 artar blautdyr.

I havet kring øyene finst det 450 artar fisk, og dessutan tolv arter kval og delfinar.[7] Dei fire havskjelpaddeartane som finst er glattkarett (Caretta caretta), havlêrskilpadde (Dermochelys coraica), grøn havskjelpadde (Chelonia mydas) og karett (Eretmochelys imbricata). Korallartene går opp i ei mengd av 30 og det finst 11 arter sjøgras. I havet lever det 800 blautdyrartar.

Miljøtruslar[endre | endre wikiteksten]

Kystområda er truga av utbygging, forureining, sedimentering, overfiske, korallbleiking og øydelegging som følgje av stormar.[9]

Mangrovene er blitt fjerna fleire stadar på grunn av anlegg av småbåthamner og anna utbygging. Det fann stad omfattande korallbleiking i 2005 og 2010.[9] Havet rundt øyane blir invadert av drakefisk (Pterois volitans). I 1983 blei sjøpiggsvinarten Diadema antillarum ramma av sjukdom. Bestanden i heile Karibia blei redusert til 5 % av den opphavlege.[20]

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1871 35 688
1881 40 548 +13,6%
1891 41 054 +1,2%
1911 41 877 +2,0%
1921 44 477 +6,2%
1931 47 961 +7,8%
1946 61 647 +28,5%
1960 79 948 +29,7%
1970 86 944 +8,8%
1980 97 845 +12,5%
1991 107 598 +10,0%
2001 109 022 +1,3%
2011 109 991 +0,9%
Kilde: Folketeljinga 2012[21]

Ved folketeljinga i 2012 hadde landet eit folketal på 109 991.[22]

Landet opplevde stor folkevekst i 1940 og 1950-åra. I 1970-åra starta ein ny periode med folkevekst.[23]

Kvinneoverskotet på 76 menn per 100 kvinner i 1921 var snudd til eit mannsoverskot på 105 menn per 100 kvinner i 2012.[24]

I 2012 budde 90,6 av folkesetnaden på Saint Vincent, medan 9,4 budde på øyane i Grenadinane.[22] Over halvparten av folkesetnaden (53,2%) budde i 2012 sør på øya, i hovudstaden Kingstown med forstader, Calliaqua og Marriaqua.[25]

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2012 var 93 % av innbyggjarane fødd i landet. 71,2 var av afrikansk avstamning, medan 23 % hadde blanda opphav. 3 % var karibar eller amerindianarar, 1,1 % rapporterte å vera indarar, medan 0,8 % var kvite, 0,7 % portugisarar og 0,2 % tilhøyrde andre folkegrupper.[26][27]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden er i hovudsak kristne. Den anglikanske kyrkja har tradisjonelt vore det dominerande kyrkjesamfunnet, men dette har endra seg.[28] Ved folketeljinga i 2012 var 82,3 % kristne. 7,5 % rapporterte å ikkje ha eller tilhøyra nokon religion, 1,1 % tilhøyrde rastafarirørsla, 0,1 % var hinduar og 0,1 % muslimar, medan 4,3 % tilhøyrde andre religionar.[29]

Blant dei kristne var pinsevennane den største gruppa ved folketeljinga i 2012. 27,6 % av folkesetnaden tilhøyrde pinsekyrkjer. 13,9 % var anglikanarar, 11,6 % sjuandedagsadventister, 8,9 % spirituelle baptistar, 8,7 % metodistar, 6,3 % katolikkar og 3,8 % evangeliske kristne.[30]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket er engelsk.[31]

I det daglege blir det snakka vinsentisk kreolsk, eit engelskbasert kreolspråk.[32] Sjølv om dette språket er utbreidd i heile landet, har det ikkje offisiell status. Det blir likevel nytta i enkelte radio- og fjernsynssendingar. Vinsentisk kreolsk er i hovudsak eit talespråk. I skrift kan det nyttast til dømes i folkepoesi.[33]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei karibiske urfolka gjorde hard motstand mot europeisk kolonialisering fram til 1700-talet. Før den tida hadde øya fungert som skjulestad for afrikanske slavar, som anten hadde rømt frå naboøya eller hamna der som følgje av skipbrot. Desse blei kjende som garifuna, og blei ofte inngifte med den lokale folkesetnaden.

I 1719 byrja franskmenn med plantasjedrift på øya. I 1763 blei øya avstått til Storbritannia, men hamna under fransk styre igjen i 1779, før ho igjen blei overteken av Storbritannia som følgje av Paristraktaten i 1783 . Åra fram til 1796 var prega av konfliktar med den svarte indianarbefolkninga, meir enn 5 000 svarte indianarar blei deporterte til Roatán, ei øy utanfor Honduras.

Slaveri blei avskaffa i 1834, og resulterte i immigrasjon av andre folkeslag, blant anna portugisarar og asiatar. Desse levde under dårlege tilhøve, på grunn av låge sukkerprisar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Saint Vincent og Grenadinane er eit britisk samvelderike og har difor dronning Elisabeth II som statsoverhovud. Ho er representert lokalt av ein generalguvernør. I ei folkerøysting halden 25. november 2009 avviste veljarane ei ny grunnlov som ville gjort landet til republikk og erstatta dronninga med ein vald president som statsoverhovud. 55,6% av veljarane røysta mot grunnlovforslaget, 43,1% for.[34] Forslaget trong to tredelar fleirtal for å vinna fram.

Den utøvande makta ligg hos statsministeren og regjeringa. Statsministeren er normalt leiaren av det største partiet i parlamentet på Saint Vincent og Grenadinane. Parlamentet er eit ettkammersystem med 15 representantar.

Saint Vincent og Grenadinane er eit demokrati med eit topartisystem. Den noverande statsministeren er Ralph Gonsalves frå Unity Labour Party.

Landet er medlem av Caribbean Community and Common Market, ALBA og Organisasjonen for austkaribiske statar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Parish i Saint Vincent og Grenadinane

Saint Vincent og Grenadinane er delt inn i seks parish. Fem av dei ligg på St. Vincent, medan Grenadinane er samla i eit eige parish. Parisha tener i avgrensa grad som administrative einingar for sentralregjeringa.[35] Dei seks parisha er:

Det finst ikkje folkevald lokalt eller kommunalt sjølvstyre i landet, men det finst 17 lokaleiningar under leiing av ein administrator utnemnd av sentralregjeringa.[35] Desse er ansvarlege for offentlege tenester som lokale vegar og gangstiar, avløp og renovasjon, gravstadar og marknadsplassar. Lokaleiningane krev inn eigedomsskatt på vegner av sentralregjeringa.[36]

I hovudstaden er lokalforvaltinga organisert i Kingstown Town Board. Elles i landet er fem område organisert med byråd (Barrouallie, Calliaqua, Chateaubelair, Georgetown og Layou), fem med distriktsråd (Biabou, Bequia, Lowmans, Park Hill og Union), to med landbyråd (Marriaqua og Troumaca), medan fire område er organisert som særlege område for lokale tenester (West St. George, North Windward, North Leeward og Canouan).[36]

Forsvars- og utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Saint Vincent og Grenadinane har ikkje eigne militære styrkar. Royal Saint Vincent and the Granadines Police Force blei skipa i 1979. Politiet har ein Special Service Unit og ein Rapid Response Unit. Kystvakta er òg ein del av politiet. I tilfelle krig eller unntakstilstand erklært av styresmaktene, kan politistyrken i landet nyttast som forsvarsstyrke.[37]

Saint Vincent og Grenadinane er medlem i Regional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[38]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomiske nøkkeltal Verdi % av BNP År, kjelde
BNP 0,45 mrd US$ 2006, UN Statistics
BNP (vekst) (Verdsbanken) 3,4 % 2006, UNDP Database
Industriproduksjon 1,7 % 2006, UN Statistics
Konsumprisar 0,5 % 2006, UN Statistics
Arbeidsløyse 20,0 % 1991, UN Statistics
Handelsbalanse - 0,089 mrd US$ 2006, UN Statistics
Betalingsbalanse - 0,110 mrd US$ 2005, WTO Trade Profiles
Utviklingshjelp
BNP per innb 4326 US$ 2005, UN Statistics

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Høgtider[endre | endre wikiteksten]

Dei religiøse høgtidsdagane langfredag og andre påskedag, andre pinsedag, første og andre juledag er offentlege fridagar. Dette gjeld òg første nyttårsdag. I tillegg kjem ei rekkje andre offentlege fridagar.[39][40] 14. mars er dagen for nasjonalheltane. 1. mai blir markert som arbeidardagen (påfølgjande måndag er offentleg fridag dersom den 1. mai fell på ein sundag). 1. august er frigjeringsdagen til minne om avskaffinga av slaveriet. 27. oktober blir feira som sjølvstendedagen.[41]

Jul og karneval er dei to viktigaste høgtidene.[5] Før jul finn feiringa Nine Mornings stad med festlege tilstellingar, musikk og dans tidleg på morgonen ni dagar på rad. Etter initiativ frå regjeringa er karnevalet flytta frå februar-mars til ei lengre feiring seinare på året.[42] Karnevalet blir kalla Vincy Mas. Det byrjer lansert i mai og strekkjer seg med arrangement frå juni til byrjinga av juli. Det blir avslutta med to offentlege fridagar i byrjinga av juli, ein måndag og påfølgjande tysdag.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Skulesystemet i Saint Vincent og Grenadinane er ikkje obligatorisk slik det er i mange andre land, men det er gratis. For dei som vel å gå på skulen byrjar han når borna er 5 år gamle, og det er 7 år med skulegang. I tillegg varer den vidaregåande skulen i 7 år til saman. Av den vaksne folkesetnaden er kring 18 % analfabetar.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Per 1000 innbyggjarar finst det 50,2 personbilar, 156 fjernsyn, 580,5 radioapparat, 151,5 telefonar og 0,4 lækjarar. Det er òg bygd 5 flyplassar med regulær trafikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Navn på stater», Språkrådet. Lest 2. september 2016.
  2. «Statsnavn og hovedsteder - S», Regjeringen.no. Lest 2. september 2016.
  3. Everett-Heath, John: «Saint Vincent and the Grenadines» i Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2005, s. 460.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Saint Vincent and the Grenadines», Encyclopædia Britannica Online. Lese 2. september 2016.
  5. 5,0 5,1 «Saint Vincent and the Grenadines», i Carol R. Ember og Melvin Ember (red): Countries and Their Cultures, bind 4, New York: Macmillan Reference USA, 2001, s. 1900–1906.
  6. Martin, John Angus: «Grenada (names)», i A-Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 101.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 «Biodiversity», National Parks, Rivers and Beaches Authority. Lest 4. september 2016.
  8. «St Vincent and The Grenadines», The Commonwealth. Lest 2. september 2016.
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 St. Vincent & the Grenadines Coral Reef Report Card 2016, The Nature Conservancy.
  10. «Protected Areas», National Parks, Rivers and Beaches Authority. Lest 4. september 2016.
  11. «The La Soufrière National Park», UNESCO World Heritage Centre. Lest 4. september 2016.
  12. «Grenadines Island Group», UNESCO World Heritage Centre. Lest 4. september 2016.
  13. Robertson, Richard E.A.: «Antilles, Geology», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 31.
  14. «St. Vincent - Volcanism», University of the West Indies Seismic Research Centre. Lest 2. september 2016.
  15. «General Information», Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. Lest 2. september 2016.
  16. «Eruptive History», Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. Lest 2. september 2016.
  17. «Soufrière St. Vincent». Volcano World. Oregon State University. Henta 7. februar 2016. 
  18. Robertson, Richard E.A.: «Antilles, Geology», i Rosemary Gillespie og David Clague (red.): Encyclopedia of Islands, Berkeley: University of California Press, 2009, s. 33–34.
  19. «St. Vincent», University of the West Indies Seismic Research Centre. Lest 2. september 2016.
  20. Petit, Jérôme og Guillaume Prudent (2010): Climate Change and Biodiversity in the European Union Overseas Entities, Gland/Brussel: International Union for Conservation of Nature, s. 54. ISBN 9782831713151.
  21. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 13.
  22. 22,0 22,1 St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 10.
  23. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 12.
  24. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 14.
  25. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 15.
  26. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 25.
  27. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 27.
  28. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 32.
  29. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 33.
  30. St. Vincent and the Grenadines. Population and Housing Census Report 2012 Arkivert 18. mai 2016 på Wayback Machine., Statistical Office, Ministry of Finance, Planning and Economic Development, s. 35-36.
  31. «St Vincent and The Grenadines». The Commonwealth. Henta 1. september 2016. 
  32. «Vincentian Creole English», i M. Paul Lewis, Gary F. Simons og Charles D. Fennig (red.): Ethnologue: Languages of the World, 18. utgave, Dallas, Texas: SIL International, 2015. Lest 4. september 2016.
  33. «Vincentian Creole», Atlas of Pidgin and Creole Language Structures Online. Lest 4. september 2016.
  34. «Constitutional reform referendum defeated in St. Vincent & the Grenadines» Arkivert 7. april 2014 på Wayback Machine., The Antillean , 26. november 2009.
  35. 35,0 35,1 «The local government system in Saint Vincent and the Grenadines» (PDF). Commonwealth Local Government Forum. Henta 1. september 2016. 
  36. 36,0 36,1 «Background». Ministry of Transport, Works, Urban Development and Local Government. Henta 1. september 2016. 
  37. Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113-114, 117.
  38. Dent, David W. og Larman C. Wilson: Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
  39. 2017 Public Holidays in St. Vincent & The Grenadines, SVG Tourism Authority.
  40. 2018 Public Holidays in St. Vincent & The Grenadines, SVG Tourism Authority.
  41. List of 2016 Public Holidays in St. Vincent & The Grenadines, SVG Tourism Authority.
  42. Zane 1999, s. 4.