'hours...'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'hours...'
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 4. oktober 1999
Innspelt Seaview i Bermuda
Sjanger Rock
Lengd 47:06
Selskap Virgin – V 2900
Produsent David Bowie og Reeves Gabrels
Kritikk
David Bowie-kronologi
Earthling
(1997)
hours... Heathen
(2002)

'hours...' er eit album frå 1999 av den britiske musikaren David Bowie. Det vart gjeven ut 10. oktober 1999 på Virgin Records. Dette var det siste albumet til Bowie på denne EMI-etiketten.

Mange av songane på 'hours...' vart opphavleg nytta i alterantive versjonar for videospelet Omikron: The Nomad Soul, som òg hadde karakterar beasert på Bowie, kona hans Iman, gitaristen Reeves Gabrels og bassisten Gail Ann Dorsey.

For å tromme saman interesse for det komande albumet vart det halden ein «Cyber Song»-konkurranse på nettsida til Bowie, BowieNet, om å skrive tekst til ein instrumental versjon av songen «What's Really Happening». Vinnarteksten skulle nyttast på 'hours...' . Vinnaren vart Alex Grant som òg vann ein tur til Philip Glass sitt Looking Glass Studios den 24. mai 1999 for å sjå Bowie spele inn den endelege vokalen, som òg vart sendt live på nettet. Der medverka Grant med korvokal til songen, i lag med ein ven av seg.

Plateomslaget var designa av Rex Ray med fotografi av Tim Bret Day og Frank Ockenfels, og syner ein korthåra Bowie-person frå det særs energiske førre albumet Earthling som kviler utsleten i armane på ein langhåra, meir ungdommeleg versjon av Bowie. 'hours...' er òg eit mykje rolegare album enn føregjengaren og har mange referansar til tidlegare songar av Bowie, særleg frå tidleg i 1970-åra. Dei første utgåvene av albumet kom mellom anna i eit linseforma omslag, som gav ein tredimensjonal effekt til omslaget.

I januar 2005 gav det nye selskapet til Bowie ISO Records ut 'hours...' på nytt som ei dobbelplate der den andre plata inneheld remiksar, alternative versjonar og B-sider frå singlane.

Det var det første Bowie-albumet osm ikkje nådde Topp 40 i USA sidan Ziggy Stardust og nådde berre 47. plass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, bortsett frå «What's Really Happening?» som har tekst av Alex Grant. 

# Tittel Lengd
1. «Thursday's Child»   5:24
2. «Something in the Air»   5:46
3. «Survive»   4:11
4. «If I'm Dreaming My Life»   7:04
5. «Seven»   4:04
6. «What's Really Happening?»   4:10
7. «The Pretty Things Are Going to Hell»   4:40
8. «New Angels of Promise»   4:35
9. «Brilliant Adventure»   1:54
10. «The Dreamers»   5:14
Japansk bonusspor
# Tittel Lengd
11. «We All Go Through»    

2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Thursday's Child»   5:24
2. «Something in the Air»   5:46
3. «Survive»   4:11
4. «If I'm Dreaming My Life»   7:04
5. «Seven»   4:04
6. «What's Really Happening?»   4:10
7. «The Pretty Things Are Going to Hell»   4:40
8. «New Angels of Promise»   4:35
9. «Brilliant Adventure»   1:54
10. «The Dreamers»   5:14
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Thursday's Child» (Rock Mix) 4:29
2. «Thursday's Child» (Omikron: The Nomad Soul Slower Version) 5:35
3. «Something in the Air» (American Psycho Remix) 6:03
4. «Survive» (Marius de Vries Mix) 4:18
5. «Seven» (Demo) 4:07
6. «Seven» (Marius De Vries Mix) 4:13
7. «Seven» (Beck Mix #1) 3:46
8. «Seven» (Beck Mix #2) 5:14
9. «The Pretty Things Are Going to Hell» (Edit) 4:00
10. «The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata Film Version) 4:49
11. «The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata Film Only Version) 4:00
12. «New Angels of Promise» (Omikron: The Nomad Soul Version) 4:38
13. «The Dreamers» (Omikron: The Nomad Soul Longer Version) 5:43
14. «1917»   3:29
15. «We Shall Go to Town»   3:55
16. «We All Go Through»   4:11
17. «No One Calls»   3:50

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thursday's Child» (20. september 1999)
  2. «The Pretty Things Are Going to Hell» (14. oktober 1999, berre Australia og Japan)
  3. «Survive» (24. januar 2000)
  4. «Seven» (17. juli 2000)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Musikarar:
    • David Bowie: Vokal, tangentinstrument, 12-strengs akustisk gitar, Roland 707 trommemaskin.
    • Reeves Gabrels: Elektrisk gitar og akustisk 6- og 12-strengsgitar, trommemaskin, syntheziser
    • Mark Plati: Bassgitar, akustisk & elektrisk 12-strengs gitar, synth og trommemaskin, mellotron på «Survive»
    • Mike Levesque: trommer
    • Sterling Campbell: Trommer på «Seven», «New Angels of Promise» og «The Dreamers»
    • Chris Haskett: Rytmegitar på «If I'm Dreaming My Life»
    • Everett Bradley: perkusjon på «Seven»
    • Holly Palmer: Korvokal på «Thursday's Child»

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1999 Noreg 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]