Central Otago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Central Otago
Central Otago Territorial Authority.png
Urbane område
Viktigaste by: Alexandra
Distrikt
Namn: Central Otago District Council
Utstrekning: I aust og nord til Waitaki og Dunedin, mot sør til Clutha, mot vest til Queenstown-Lakes District og Southland.
Folketal: 17 950 [1]
Flatevidd: 9 959,24 km²
Andre busetnadar: Albert Town, Arrowtown, Bannockburn, Clyde, Cromwell, Hawea, Millers Flat, Naseby, Oturehua, Ranfurly, Roxburgh, St. Bathans og Wedderburn
Mayor: J. Malcom Macpherson
Heimeside: http://www.codc.govt.nz
E-post: info@codc.govt.nz
Regionstyre
Namn: Otago Regional Council
Heimesider: http://ecan.govt.nz/pages/home.aspx http://www.orc.govt.nz/


Central Otago District er den indre delen av regionen OtagoSørøyaNew Zealand. Området som vanlegvis vert omtala som Central Otago omfattar både Central Otago District og Queenstown-Lakes District i vest.


Landskap og vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Området er dominert av fjellkjeder i det øvre løpet til elva Clutha River og sideelver. Den vide og flate høglandssletta Maniototo som ligg mellom dei øvre løpa til elvene Taieri River og den nordlege sideelva til Clutha, Manuherikia, vert òg til vanleg rekna som ein del av Central Otago.

Vêrlaget i distriktet er karakterisert av kalde vintrar, og varme og turre somrar. Området er berre tynt busett, men i dei seinare åra har det vore betydeleg utvikling kring turistbyane Queenstown og Wanaka.

Innvandring og busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Den første vesentlege tilflyttinga av europearar kom etter at det vart oppdaga gull ved Gabriel's Gully nær Lawrence i 1861. Dette førte til gullrushet i Central Otago. Andre byar og tettstader omfattar Albert Town, Alexandra, Arrowtown, Bannockburn, Clyde, Cromwell, Hawea, Millers Flat, Naseby, Oturehua, Ranfurly, Roxburgh, St. Bathans og Wedderburn.

Sidan det 19. hundreåret har det meste av den økonomiske aktiviteten i området dreia seg om sauehald, dyrking av steinfrukter og turisme. I dei seinare åra er hjortefarmar og vindyrking vorte meir viktig for det økonomiske mangfaldet i distriktet. Central Otago er eit av dei sørlegaste kommersielle vinproduserande distrikta i verda.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Administrasjonssenteret til Central Otago District Council, med sete i Alexandra, og Queenstown Lakes District Council, med sete i Queenstown, administrerer styringsverk og tenester som ligg til distrikta, medan Otago Regional Council har styringa med miljøsaker, så som oppsyn med luftkvalitet og vassressursar.

«Central»[endre | endre wikiteksten]

I daglegtale vert Central Otago rett og slett kalla «Central». Folk frå områda omkring snakkar ofte ikkje om å vera i Central Otago eller å reisa til Central Otago - i staden er dei «up Central», eller på veg «up Central» (dette er mest vanleg for innbyggjarar i Canterbury, Otago eller Southland). Den tidlegare jarnvegslinja Otago Central Railway, som gjekk gjennom dei fleste større busetnadane i Central Otago, vart også omtala som the Central.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Estimat 30. juni 2009, Statistics New Zealand

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]