Waimakariri District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waimakariri District
Waimakariri Territorial Authority.png
Folketal: 46 900 Førebels estimat juni 2009[1]
Største by: Amberley
Andre byar og busetnadar Rangiora, Woodend og Oxford
Distrikt
Namn: Waimakariri District Council
Leiar: Ron Keating
Flatevidde: 8 660,43 km²
Heimeside: http://www.waimakariri.govt.nz/
E-post: office@wmk.govt.nz, kaiapoi@wmk.govt.nz, oxford@wmk.govt.nz
Regionstyre
Namn: Canterbury
Heimeside: http://ecan.govt.nz/pages/home.aspx

Waimakariri District er eit distrikt på austkysten til SørøyaNew Zealand, nord i regionen Canterbury. Det ligg nord for Christchurch og elva Waimakariri River og er ein del av regionen Canterbury. Maorinamnet tyder «kald elv».

Distriktet vart oppretta i 1989 og har ei flatevidde på 2 218,72 km². Det strekkjer seg frå Pegasus Bay i aust til Puketeraki Range i vest. I nord grensar det til Hurunui District. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 42 834, ein auke på 16,08% frå 2001 og 32,42% frå 1996. Dei viktigaste byane er Kaiapoi og Rangiora, i tillegg Woodend og Oxford. Andre mindre busetnadar i Waimakariri District er Swannanoa, Cust, Ohoka, Waikuku, Sefton og Loburn. Ein ny busetnad, Pegasus, er under utvikling.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]