Lower Hutt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lower Hutt (engelsk)
Awakairangi (maori)
Luftfoto av Lower Hutt
Luftfoto av Lower Hutt
Styresmakter
New Zealand New Zealand Territorial Authority (City)
Mayor David Ogden
Geografi
Flatevidd
 - City
 - Urbant

377 km²
135 km²
Innbyggjarar[1]
 - City (2008)
   - folketettleik

101 600
  295,5/km²
Koordinatar 41°13′″S °174′55″WKoordinatar: 41°13′″S °174′55″W
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Region: Wellington
Diverse anna
Heimeside: http://www.huttcity.govt.nz/

Lower Hutt (maori Awakairangi) er ein by (City) i regionen WellingtonNew Zealand. Lower Hutt er den tiande største byen på New Zealand etter innbyggjartal, og har ei flatevidd på 376,74 km².

Byrådet har gjeve han namnet Hutt City Council, men korkje New Zealand Geographic Board (eit organ som har ansvar for namngjeving av geografiske og hydrografiske område som ligg under newzealandsk juridiksjon) eller Lokalstyrelova (Local Government Act) godkjenner namnet Hutt City. Dette namnet kan føra til forvirring, ettersom det er to byar i Hutt Valley, Lower Hutt og Upper Hutt. Upper Hutt City Council har òg kome med innvendingar mot namnet Hutt City. Det tidlegare Hutt County omfatta mykje av områda både til Upper Hutt og Lower Hutt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i den nedre (sørlege) delen av elvedalen til Hutt River, nordaust for Wellington. Dalen vidar seg ut nær elvemunningen, slik at det sentrale området i byen dannar eit triangel med den lengste sida langs strandlinja. I dei øvre områda av byen kjem den vestlege og austlege dalsida nærare kvarande, og trongast vert det i slukta Taitā Gorge i den nordlege utstrekkinga til Lower Hutt, og skil slik byen frå nabobyen Upper Hutt.

Lower Hutt omfattar ei klynge av mindre busetnadar som strekkjer seg ned langs austkysten til Wellington Harbour. Her ligg dei to store busetnadane Wainuiomata (inne i landet) og Eastbourne (ved kysten). Innanfor bygrensene ligg også eit stort område med spreidd busett land aust for hamna, det strekkjer seg til Pencarrow Head og inn i Rimutaka Range.

Lower Hutt omfattar også øyene i Wellington Harbour, den største av desse er Matiu/Somes Island, som ofte vert omtala med det førre namnet sitt, Somes Island.

Hutt River[endre | endre wikiteksten]

Hutt River er eit av dei mest framståande kjennemerka i byen, som ligg på den nedre delen av elvesletta. I det 20. hundreåret vart det bygd flaumvern til vern mot elva, men trugsmål om flaumar ved sterk nedbør er enno til stades. I 1985 braut elva gjennom demningane, men seinare har flaumane vore mindre.

Mykje av landet langs elva er teke vare på som friområde, og er høgt verdsett som rekreasjonsområde, med turstiar og grasbakkar langs om lag 12 km av elvebreiddene.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det sentrale området av Lower Hutt (medrekna Wainuiomata og Eastbourne) hadde eit estimert innbyggjartal på 101 100 i juni 2008[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før den europeiske busetjinga var Hutt Valley tett tilvaksen med skog, med område av marskland nær elvemunningen. Maoriar hadde busett seg langs kysten, med ein pa i kvar ende av stranda ved Petone.

Maoriane tok godt mot skipet Tory til New Zealand Company som kom hit i 1839, og William Wakefield, agenten til kompaniet, gjorde ein avtale med dei lokale høvdingane for å få lov til å skipa ein busetnad her.

Det første skipet med immigrantar, Aurora, kom fram den 22. januar 1840; dagen vert enno feira kvart år som Wellingtons årsdag. Busetnaden, Britannia, vart lagt nær munningen til elva Hutt River, og nybyggjarane fekk i gang den første banken og den første avisa i landet.

Byen tok namnet etter elva, som vart namngjeven etter ein av grunnleggjarane av, styremedlem og direktør i New Zealand Company, Sir William Hutt.

Nokre månadar etter at busetnaden var grunnlagd fløymde elva over, og nybyggjarane bestemte seg for å flytta til Thorndon, som no ligg midt i Wellington, men somme av nybyggjarane vart verande i nordenden av hamna.

I 1846 kom det til ei konflikt mellom nybyggjarar og māoriar, dette førte til væpna kamp (sjå Felttoget i Hutt Valley (Hutt Valley Campaign)). I 1855 heva eit større jordskjelv grunnen i noko av den nedre delen av dalen, og ein del av sumplandet kunne dyrkast.

At jarnvegen nådde fram frå Wellington i 1874, og den påfølgjande plasseringa av jarnvegsverkstadane i Woburn i 1929, gav ein snøgg vokster av både folketal og økonomi i området. Annan industri etablerte seg også snøgt i distriktet.

Dei noverande grensene til lokaldistriktet har vakse fram gjennom ein serie av samanslåingar og grenseendringar gjennom åra. Hutt County Council vart etablert i 1877 og omfatta regionen frå sørkysten til Wellington opp til Waikanae, utanom Wellington City. Etter som regionen voks, vart dei bymessige områda av Hutt County autonome boroughs: Petone i 1888, Lower Hutt i 1891, Eastbourne i 1906, Johnsonville i 1908, Upper Hutt i 1926, Porirua i 1962 og Kapiti i 1974.

I 1941 fekk Lower Hutt status som City, og vart slegen saman med Normandale i 1957.
I 1987-89 vart dei statlege lokalstyrereformene gjennomførde, og Lower Hutt vart slegen saman med nabobyane Petone, Eastbourne og Wainuiomata District (som hadde sitt eige lokalstyre i knapt eit år), og Hutt County Council vart oppløyst.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Historisk har Petone og dei nærliggjande områda i Lower Hutt vore eit hovudområde for lettindustri i denne regionen, med verksemder som mat- og fryseindustri, montering av motorkøyretøy, og treindustri. Desse aktivitetane har vorte betydeleg reduserte eller avvikla dei seinare tiåra, anten på grunn av overflytting av produksjonen til meir tett folkesette område kring Auckland, eller reduksjon i aktivitetane på nasjonalt plan. Slik flytting har ofte vore eit resultat av konkurransetrykk på kommersielle institusjonar for å auka effektiviteten etter at den newzealandske økonomien vart opna for internasjonal konkurranse sidan midt på 1980-talet.

Ikkje desto mindre er Lower Hutt hovusete for lettare industrielle verksemder i Wellingtonregionen, som stort sett manglar tungindustri. Utviklingstrekk gjennom dei siste 25 åra har vist at service, distribusjon og forbrukarorientert aktivitet har kome i staden for industriaktiviteten som tidlegare var eit kjenneteikn for Petone-området.

Lower Hutt er også eit av dei store soveby-områda til Wellington, og ein stor del av innbyggjarane pendlar til arbeid i private og offentlege verksemder i Wellington, 12 km i sørvest.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Om lag 350 m høge åsar kler båe sider av dalen innanfor bygrensene. Dei vestlege åsane er bustadomåde, medan austsida er verna og kledd med naturleg skog og buskar, i tillegg til gulltornar som veks overalt på opnare område som har oppstått etter brannar eller tidlegare menneskeleg påverknad.

Innfødde fuglar er vanlege, mellom desse maoridue, Hemiphaga novaeseelandiae, tuihonningetar, Prosthemadera novaeseelandiae, maoriviftestjert Rhipidura fuliginosa placabilis, gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis, gaukar, igatagerygone og nattsvermarugle, Ninox novaeseelandiae. Av innførde arter finst svarttrost, måltrost, gråsporv, stillits, bokfink, stare og skjor.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Lower Hutt har fire venskapsbyar:

Tempe vart den første venskapsbyen, i 1981, Taizhou den siste, i 2005.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Lower Hutt frå Normandale, i den vestlege åssida. Til høgre ligg inngangen til Wellington Harbour, med Matiu/Somes Island nedanfor. Hutt River snor seg frå bakgrunnen til høgre til midt på biletet til venstre, og renn ut i hamna mellom forstadane Seawiew og Petone. Wainuiomata Hill Road går over åsane sentralt i bakgrunnen (sporet midt på venstre halvdel av bakgrunnen er ei branngate, ingen veg). Ved foten av Wainuiomata Hill Road ligg Gracefield industriområde.
Vidare utsikt over Lower Hutt valley. Wellington ligg fjernt i bakgrunnen heilt til høgre. Lower Hutt sentrum ligg midt i biletet, og Avalon og Taitā bak mot venstre.
Lower Hutt sett frå toppen av Wainuiomata hills. Utsiktspunktet kan ein sjå i det øvste biletet ved å følgja åskammen mot venstre frå toppen av Wainuiomata Hill Road til den største større branngata.
Wellington Harbour og sørlege Lower Hutt frå toppen av Wainuiomata Hill Road (sør for biletet ovanfor), sett vestover. Matiu/Somes Island ligg ute i hamna mot venstre (i sør), og langs lysrekkja bak henne går State Highway 2, som markerer den geologiske forkastingssona, begge går oppetter dalen til høgre. Industriområdet sentralt i framgrunnen er Gracefield. I det fjerne, bak Matiu/Somes Island, ligg hamna og sentrum i Wellington.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]