Masterton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Masterton District
Land: New Zealand New Zealand
Masterton DC.PNG
Folketal: 23 300 (i distriktet)

20 000 (i byen) [1]

Viktigaste by: Masterton
Distrikt
Namn: Masterton District Council
Mayor: Gary Daniell
Flatevidd: 2299 km²
Heimeside: http://www.mstn.govt.nz
Regionstyre
Namn: Greater Wellington
Heimeside: http://www.gw.govt.nz

Masterton er ein by og eit lokalstyrt distrikt i regionen WellingtonNew Zealand. Han er den største byen i Wairarapa, eit område som er skilt frå Wellington av fjellrekkja Rimutaka ranges. Byen ligg 100 km nordaust for Wellington og 28 km sør for Eketahuna, ved elva Ruamahanga River.

Masterton er eit blømande samfunn der innbyggjartalet i byen er 20 000, og i distriktet 23 300[1].

Jarnvegslinja Wairarapa Line gir innbyggjarane i distriktet lett tilgang til arbeidsplassar i byane Wellington, Lower Hutt og Upper Hutt.

Lokale industriføretak gir tenester til det omliggjande jordbrukssamfunnet. Byen er hovudkvarter for den årlege saueklippartevlinga Golden Shears sheep-shearing competition.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Masterton har fått namn etter pioneren Joseph Masters, og den første europeiske busetjinga fann stad 21. mai 1854. Byen fekk status som Borough i 1877. Han kvalifiserte seg ikkje til å få bystatus (City) i 1989, då grensene for innbyggjartalet for dette vart auka frå 20 000 til 50 000.

Jarnvegen Wairarapa Line vart opna til Masterton den 1. november 1880.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2006 hadde Masterton District eit folketal på 22 623, ein auke på 6 menneske, <0,1 prosent frå teljinga i 2001[2].

Av innbyggjarane var 10 869 (48,0%) menn og 11 754 (52,0%) kvinner. Medianalderen i distriktet var 40,4 år, 4,5 år over landsmedianen som var 35,9 år. Folk i alderen 65 år og over utgjorde 16,8% av populasjonen, samanlikna med 12,3% nasjonalt, og ungdom under 15 år utgjorde 21,3%, medan talet for nasjonen var 21,5%[2].

Dei etniske gruppene i Masterton var (tal for heile landet i parentes): 77,9% av europeisk avstamming (67,6%), 16,9% maoriar (14,7%), 1,7% asiatar (9,2%), 2,7% frå Stillehavsøyene (6,9%), 0,26% Frå midt-austen/Latinamerika/Afrika (0,9%), 12,1% 'New Zealanders' (11,1%), og 0,05% andre (0,04%)[2].

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Masterton har eit mildt temperert klima. På grunn av lægjet til dalføret Wairarapa valley og at fjellrekkja Tararua Range ligg rett mot vest, varierer temperaturen i byen meir enn den nærliggjande innlandsbyen Palmerston North. Masterton har varmare og turrare sumrar, med maksimumstemperaturar som kan å godt over 30°C, og kaldare vintrar med hyppig frost og temperaturar under 0°C.

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Masterton Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,9°C
75°F
23,9 °C
75 °F
21,8 °C
71 °F
18,7°C
66 °F
15,2 °C
59 °F
12,8 °C
55 °F
12,0 °C
54 °F
13,0 °C
55 °F
15,1 °C
59 °F
17,3 °C
63 °F
19,5 °C
67 °F
21,9 °C
71 °F
18,0°C
64°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,7°C
53°F
11,3 °C
52 °F
10,4 °C
51 °F
8,0 °C
46 °F
5,5 °C
42 °F
3,6 °C
38 °F
3,0 °C
37 °F
3,8 °C
39 °F
5,5°C
42 °F
6,8 °C
44 °F
8,5 °C
47 °F
10,3 °C
54 °F
7,4°C
45°F
Gjennomsnittleg total nedbør 55 mm
2,17 "
59 mm
2,32 "
84 mm
3,31 "
70 mm
2,76 "
97 mm
3,82 "
101 mm
3,98 "
104 mm
4,09 "
96 mm
3,78 "
83 mm
3,27 "
83 mm
3,27 "
77 mm
3,03 "
72 mm
2,83 "
979 mm
38,54 "
Kjelde: Niwa Science climate data

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Telefon[endre | endre wikiteksten]

Telefonsentralen i Masterton opna i 1897 med 53 abonnentar. Den 31. mai 1919 vart Masterton den første byen på New Zealand som fekk ein heilautomatisk telefonsentral.

Masterton og den nærliggjande byen Carterton var dei første byane på New Zealand som innførte naudnummeret 111 i september 1958[3].

Transport[endre | endre wikiteksten]

Masterton har gode offentlege transporttilbod, både med jarnveg, buss og flytransport. Trass i at byen og Wairarapa valley ligg i nærleiken av Wellington, er dei skilde av Rimutaka Ranges der State Highway 2 snor seg over fjellrekkja, og jarnvegstunnelen går gjennom. Til skilnad frå mange andre delar av landet, har passasjertransporten med jarnveg halde seg i Wairarapa, for ein stor del for på grunn av at distriktet ligg så nær Wellington, og at tunnelen gir jarnvegen føremunar framfor vegen over fjellet. Det har i lang tid vore på tale å byggja ein vegtunnel også, men dette har ein gått bort frå på grunn av dei store kostnadane eit slikt anlegg ville ha ført med seg[4]. I følgje transportplanen frå Greater Wellington Regional Council, utgjeven i desember 2003, er dei einaste planlagde anlegga oppgradering av Rimutaka Hill road og bygging av sidespor for togpassering mellom Featherston og Masterton.

Jarnveg[endre | endre wikiteksten]

Masterton har jarnvegssamband til Wellington og Hutt Valley ved Wairarapa Connection, i eit nettverk av forstadslinjer i Greater Wellington, som primært trafikkerer i rushtidene og fraktar pendlarar frå Masterton og Wairarapa med fem tur-returavgangar frå måndag til torsdag, seks på fredagar og to i helger og fridagar. Masterton har tre jarnvegsstasjonar, noko som er uvanleg for ein så liten by.

Flytransport[endre | endre wikiteksten]

Hood Aerodrome ligg sør for Masterton. Frå tidleg i 2009 har Air New Zealand hatt ruter til Auckland seks dagar i veka, i hovudsak som ei teneste for forretnigslivet i Wairarapa [5].

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Masterton har venskapsbysamband med:

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Estimat 30. juni 2009. Statistics New Zealand
  2. 2,0 2,1 2,2 QuickStats about Masterton Statistics New Zealand
  3. Fiftieth anniversary of 111 emergency service. Beehive (8. mai 2008). Vitja 25. november 2009.
  4. Farmer, Don. «Rimutaka road tunnels back on the agenda». Wairarapa Times-Age (Masterton). "In their report to Transit the consultants contend tunnels would be an excellent service linking Featherston with Upper Hutt but costs would rule them out as a viable, economic option." 
  5. Air NZ announces Masterton-Auckland route. Fairfax New Zealand (29. september 2008). Vitja 28. november 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°58′S 175°39′E