Stratford på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stratford
Whakaahurangi (Maori)
Land: New Zealand New Zealand
Stratford på New Zealand is located in New Zealand
Folketal: 5 340
(Stratford by)
8 892
(distriktet)
[1] (Folketeljinga i 2006)
Distrikt
Namn: Stratford District
Leiar: John Edwards
Flatevidd: 2163,35 km²
Heimeside: http://www.stratford.govt.nz
Sjå òg: South Taranaki, New Plymouth
Region
Namn: Taranaki Regional Council og Manawatu-Wanganui Regional Council
Heimesider: http://www.trc.govt.nz
http://www.horizons.govt.nz

Stratford er den einaste byen sentralt i distriktet Stratford DistrictNew Zealand. Han ligg under austhellinga til Mount Taranaki, om lag halvvegs mellom New Plymouth og Hawera, nær det geografiske senteret i regionen Taranaki. Byen har eit folketal på 5 337, og distriktet 8 892[1]. Distriktet har ei flatevidd på 2 163,35 km², og er delt mellom regionane Manawatu-Wanganui (berre byen Whangamomona, 31,87% av arealet) og Taranaki (68,13% av arealet).

Sentrum i byen ligg 312 m.o.h.

Stratford er administrasjonssenter i Stratford District i tillegg til å vera det same for heile regionen Taranaki.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Veg og bane[endre | endre wikiteksten]

Stratford ligg ved krysset mellom hovudvegane State Highway 3 og State Highway 43.

Langs State Highway 3 ligg New Plymouth 39 km mot nord, Inglewood 21 km mot nord, Eltham 11 km mot sør og Hawera 30 km mot sør.

Ved State Highway 43 ligg Taumarunui 146 km mot aust. Denne vegen vert kalla «The Forgotten World Highway» («Vegen til den gløymde verda»), på grunn av dei få busetnadane langs han.

Jarnvegstasjonen i Stratford ligg i krysset mellom linjene Marton - New Plymouth Line og Stratford - Okahukura Line.

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Stratford mot Mount Taranaki, med Fanthams Peak til venstre for hovudtoppen. Stratford er tenesteby for dei mange mjølkeproduserande gardane i Taranaki.

Stratford District omfattar om lag fjerdeparten av regionen , og inneheld fire geologiske landemerke: Vulkankjegla på Taranaki, den ringforma sletta kring fjellet, nedslagsfeltet til elva Patea River og det austlege åslandskapet.

Vulkankjegla på Taranaki[endre | endre wikiteksten]

Den søraustlege sida til Mount Taranaki ligg i Stratford District, og det nordvestlegaste punktet i distriktet er den 2 518 m høge toppen. Frå toppen går grensene nesten rett mot aust og rett mot sør.

Pembroke Road snor seg oppetter fjellsida frå Stratford til ein parkerings- og utsiktsstad, «The Platau», 1 172 m.o.h. Manganui skisenter ligg eit kort stykke frå parkeringsplassen, over Manganui Gorge.

På den søraustlege sida av fjellet fører Manaia Road til Dawson Falls og Konini Lodge, 890 m.o.h.

Ringsletta kring Taranaki[endre | endre wikiteksten]

Ringsletta kring Mount Taranaki er eit slett landskap med ei svak helling, der Stratford og områda kring ligg. Den svake hellinga, det rike vulkanske jordsmonnet og den store nedbørsmengda sørgjer for eit frodig beite- og jordbruksland. Innanfor dette området ligg nedslagsfelta til tre elver: Manganui River i nord, Waingongoro River i sør, og det dominerande nedslagsfeltet til Patea River.

Patea River[endre | endre wikiteksten]

Hovudtilførslene til Patea River ligg på austsida av Mount Taranaki, ovanfor Stratford. Frå der renn elva austover. Det øvre nedslagsfeltet utgjer ei smal landstripe mellom felta til Manganui River i nord og Waingongoro River i sør.

Stratford ligg ved breiddene til Patea River, der Patea River og Paetahi Stream renn saman. Bortanfor Stratford opnar nedslagsfeltet seg betydeleg og omfattar ei rekkje gamle sumpar, mellom desse Ngaere og Toko, og også ringsletteelvene Kahouri og Piakau. Elva tek så mot tilførslene frå elvene i det utstrekte austlege åslandskapet, Toko, Makuri, Mangaehu, Mangaotuku, Puniwhakau og Makahu Streams, før ho snor seg sørover gjennom åsane i South Taranaki til utløpet ved Patea.

Det austlege åslandskapet[endre | endre wikiteksten]

Utanfor Stratford strekkjer distriktet seg om lag 45 km mot aust, mellom Waitara River i nord og Matemateaonga Ranges i sør. Elvene Whanganui River og Heao Stream utgjer mykje av austgrensa til distriktet. Dette området er dominert av bratte sandsteins-, gråsteins- og leirskiferåsar og svingande dalar. Mykje av dette bratte og isolerte bakkelandskapet er kledd med naturleg eller nyplanta skog, resten er beitemark for sauer og storfe.

Ein stor del av det austlege åslandskapet ligg i nedslagsfeltet til Patea River og tilførsleelvene. Heilt nord i distriktet renn Waitara River med sideelver, mellom desse Makara, Makino, Matau, Mangapapa og Mangaowata. Den nordlegaste delen av distriktet omfattar òg Mt Damper Stream med tilhøyrande sumpområde og elvestryka Mt. Damper Falls, som renn ut i Tongaporutu River.

Nedslagsfelta til Whangamomona River og det meste til Tangarakau River ligg aust i distriktet, begge desse elvene renn ut i Whanganui River. Dette området er skild frå det vestlege av den tett skogkledde åsrekkja Whangamomona Saddle, noko som gjer dette til ein isolert og karakteristisk del av distriktet, og området hadde då òg tidlegare sitt eige distriktsstyre (county council).

Søraust i distriktet ligg òg den øvre delen av nedslagsfeltet til Waitotara River, innanfor Matemateaonga Ranges og det verna området Waitotara Conservation Area.

Busetnadar omkring[endre | endre wikiteksten]

Stratford er omgjeven av fleire mindre tettstadar og busetnadar. Mot nord, ved State Highway 3, ligg Midhirst, bortanfor er Waipuku, og i sør Ngaere. Cardiff, Mahoe, Rowan og Pembroke ligg under fjellet i vest, og Wharehuia, Tuna, Te Popo og Kupe ligg i nordaust.

Mot aust, ved State Highway 43 og jarnvegslinja Stratford-Okahukura, ligg busetnadar som i si stordomstid var travle småbyar. Toko og den kjende Whangamomona kan enno reknast som småbyar, medan busetnadane Douglas, Strathmore, Huiakama, Te Wera, Pohokura, Marco, Kohuratahi og Tahora no berre har att nokre få hus kvar. Langs vegane ut frå State Highway 3 ligg også fleire busetnadar, somme av desse var òg travle småbyar i si tid. Huiroa, Kiore, Matau og Mt. Damper ligg mot nord og vest, og Huinga, Tututawa, Puniwhakau, Makahu, Aotuhia og Tangarakau ligg i sør og aust.

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Stratford er innfallsport til to nasjonalparkar - Egmont National Park i vest, og Whanganui National Park i aust.

Populasjon[endre | endre wikiteksten]

Stratford er eit landleg tenestesenter for det omkringliggjande jordbruksdistriktet.

Etter ein periode med nedgang i folketalet, har dei siste fem åra kunna visa til ein tydeleg økonomisk vekst, med følgjande oppgang i folketalet både i byen og i distriktet. Ved folketeljinga i 2006 var den totale populasjonen 8 892, med 5 337 i byen og 3 555 i dei landlege områda i kring. Dette var første gongen at byen kunne visa til oppgang i folketalet etter folketeljinga i 1991, og i distriktet sidan 1961.

Folketalet i distriktet nådde ein topp i 1961 med 11 300 menneske, og sidan då har folketalet i byen svinga mellom 5 229 (i 2001) og 5 664 (i 1996).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den flate ringsletta med fruktbar vulkanjord, gjer saman med rikeleg nedbør, området til eit av dei fremste mjølkeproduserande jordbruksdistriktaNew Zealand. Distriktet står først og fremst for mjølkeproduksjon (57 300 mjølkekyr), medan det bølgjande til brattlendte austlege åslandskapet gjev rom for beitemarker og skogbruk (42 000 storfe og 281 300 sauer).

Energiproduksjon og turistindustrien er begge aukande næringar i Stratford District. Vasskraftverket Stratford Power Station ligg 3 km aust for byen.

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Whakaahurangi[endre | endre wikiteksten]

Maorinamnet til Stratford er Whakaahurangi, som tyder med ansiktet mot himmelen. Namnet kjem frå ei maorisegn som handlar om dronninga Ruapu-tahanga i Patea-stammen, som etter ei vitjing i Kawhia, overnatta ute nær staden der busetnaden no ligg. Då det var ei klår natt, låg Ruaputahanga tankefull under stjernene til ho døsa bort. Følgjet hennar drog seg attende i respekt for henne, og og såg at dronninga deira sov med ansiktet mot himmelen. Staden heldt fram med å verta brukt som leirstad for maoriar langs vegen som vart kjent som Whakaahurangi-vegen, og som batt saman stammane i sørlege Taranaki med dei i nord-Taranaki, og vidare nord til Kawhia. Kvart reisefølgje ville minnast soga om Ruapu-tahanga som sov med ansiktet mot himmelen[2]. Namnet er høveleg for den vide horisonten over ringsletta til vulkanfjellet.

Kartlegging[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen oppteikningar om maoribustadar i nærleiken av staden der Stratford no ligg. Før den britiske busetjinga tok til, var området anten tett skog eller sumpmarker. I 1870-åra gav den statlege satsinga på offentleg arbeid, iverksett under statsminister Vogel, impuls til å byggja ei jarnvegslinje sør til New Plymouth, og og på same tid til utbygging av vegar for å gje tilgang til det frodige jordbrukslandet nedanfor fjellet.

I 1876 teikna Edwin Stanley Brookes jr. som var landmålarassistent i Taranaki Waste Lands Board (eit organ som stod for sal av konfiskert maoriland), opp ein grunnplan for byen ved breidda av Patea River. Planen vart godkjend 11. juni 1877, og den nordlege halvdelen av byen vart lagt ut i juli. Fleire område vart utlagde i 1879, og i 1880 vart det starta planarbeid for den sørlege delen av byen.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Den 3. desember 1877, fekk staden namnet Stratford-upon-Patea etter eit framlegg frå William Crompton som hadde hatt sete i Taranaki Waste Lands Board. Den påståtte likskapen mellom Patea River og River Avon i England førte til valet av namnet. Stratford-upon-Avon er fødebyen til William Shakespeare, og Crompton var kjend for å ha litterære interesser. Det var vanleg på den tida å namngje byar etter framståande britiske menn. 'Bindinga' til Shakespeare førte til at 67 gater i byen fekk namn etter rollefigurar i 27 av spelstykka hans. I dag spelar det einaste klokkespeletNew Zealand balkongscenen frå Romeo og Julie tre gonger kvar dag.

Nybygging og vokster[endre | endre wikiteksten]

Stratford vart formelt klassifisert som by (town) i juni 1878, og på ein auksjon 31. august 1878 vart dei første 455 seksjonane selde. I 1881 var folketalet 97, med 56 menn og 41 kvinner, og staden hadde 22 hus. Til 1891 hadde byen vakse til eit folketal på 342 og i 1896 til 1 256. Voksteren heldt fram til midt på og sist på det 20. hundreåret, og har seinare svinga mellom eit folketal på 5 229 (i 2001) og 5 664 (i 1996), til 5 337 ved den siste folketeljinga i 2006.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Stratford District Council[endre | endre wikiteksten]

Stratford District Council er eit av 74 distriktNew Zealand. Det er eit av tre distrikt i regionen Taranaki, dei to andre er New Plymouth District Council og South Taranaki District Council.


Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det første Stratford bystyre (Stratford Town Board) vart danna i 1882. Stratford County Council vart skipa i 1890, og Stratford Borough Council 22. juli 1898. 1. april 1989 gjekk distriktet og byen saman og danna Stratford District Council, som vart iverksett 1. november 1989 som ein del av den nasjonale lokalstyrereforma.

Parkar og friområde[endre | endre wikiteksten]

Stratford har ei rekkje offentlege parkar og friområde der namna viser attende både til engelsk og maori opphav:


Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistics New Zealand
  2. Gordon, W.F., Battersby, J.H., Richards, J.B., Kennedy, W.L., and Kelly, C.S.. Carved from the Bush: Stratford 1878-1928. 1928.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°20′S 174°17′E