Eldbjørgdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Hjelpe meg Gud og Sante Knut, at aldri min varme sloknar ut»

Eldsbøn frå Valdres

«So høgt min eld, men inkje høgare og heitare hell»

Eldsbøn frå Telemark

Eldbjørgdagen, også kalla eldbergingsdag, St. Knut, avfaredag og englefaredag, er ein merkedag på primstaven den 7. januar. Dagen er til minne om hertug Knut Lavard, som blei drepen på denne datoen i 1131. Datoen kan markerast med ein kross eller ei klokke.

Det norrøne namnet på dagen var eldsdagr jóla; på Island heiter han i dag eldbjargarmessa. «Eldbjørg» tyder eigentleg 'eldberging', men er tidvis blitt oppfatta som namnet på ein helgen, Eldbjørg (i Bohuslän Eldborg).

Dagen blei over heile Norden rekna som den siste i juletida, slik ein til dømes ser i rimet «Sankt Knut ringer jula ut». Fleire stader blei han kalla «avfaredagen» fordi gjester skulle reisa heim denne dagen.

På denne dagen kunne ein drikka «eldbjørgminne», ei rituell handling der ein fann varsel om framtida i drikkekaret. Ein del forskarar har meint at dette viser restar av eit tidlegare drikkoffer til åreelden, som hadde brent gjennom heile jula og som ein no ville berga for det komande året. Som bevis for dette har ein teke eldsbøner som blei brukte når ein slo øl i varmen under elbgjørgminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«eldbgjørgdagen» i Store norske leksikon, snl.no. «Sankt Knut» i Store norske leksikon, snl.no.