Schlumbergera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Schlumbergera


Julekaktus (Schlumbergera truncata).
Julekaktus (Schlumbergera truncata).

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Cactaceae
Slekt: Schlumbergera

Schlumbergera eller julekaktusslekta er ei slekt i kaktusfamilien. Dei er nærskylde artar, og dei er alle sukkulente plantar, som veks som epifyttar i 1000-1700 meters høgd i Orgelberga, Serra do Mar, i Brasil. Nokre julekaktusar er kryssingar mellom Schlumbergera truncata og Schlumbergera russelliana, som vart foretatt for ca. 150 år sidan i England.

Systematikk og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Slekta Schlumbergera er utbreidd i dei kystnære fjella i Mata Atlântica i den søraustlege delen av Brasil. Ein finn dei i delstatane Espírito Santo, Minas Gerais, Rio de Janeiro og São Paulo.

Slekta vart første gong vitskapleg skildra i 1858 av Charles Lemaire.[1] Slekta har tidlegare òg gått under namna Zygocactus og Epiphyllanthus. Til slekta Schlumbergera høyrer dei følgjande artane og hybridane:[2]

  • Schlumbergera × buckleyi
Kulturhybrid av Schlumbergera russelliana og Schlumbergera truncata
  • Schlumbergera × exotica
Kulturhybrid av Schlumbergera opuntioides og Schlumbergera truncata
Kulturhybrid av Schlumbergera orssichiana og Schlumbergera truncata

Synonym til slekta er Epiphyllum Pfeiff., Zygocactus K.Schum., Epiphyllanthus A.Berger, Opuntiopsis Knebel und Zygocereus Frič.

Artar[endre | endre wikiteksten]

  • Julekaktus (Schlumbergera truncata): "ikkje-tanna" form
  • Novemberkaktus (Schlumbergera x buckleyi): "tanna" form
  • Påskekaktus (Schlumbergera gaertneri).

Sortar
  • 'Marie' (Djupraude blomar)
  • 'Sonja' (lyseraude blomar)
  • 'Delikatum' (kvite blomsar)
  • 'Sanne' (fløtekvite blomar)
  • 'Dark Sonja' (cyclamenraude blomar)
  • 'Orange Triumph' (oransjeraude blomar)
  • 'Tina' (kvite blomar)
  • 'Dark Marie' (mørkt raude blomar)

Ikkje innplaserte, botaniske namn, som òg blir nytta om «heiaigdagskaktus»:

  • Epiphyllum altensteinii, Schlumbergera truncata var. altensteinii, Zygocactus truncatus var. altensteinii, Epiphyllum bridgesii, Epiphyllum truncatum var. bridgesii, Zygocactus bridgesii, Epiphyllum delicatum, Schlumbergera truncata var. delicata, Zygocactus delicatus, Epiphyllum ruckeri, Epiphyllum ruckerianum, Cactus truncatus, Epiphyllum truncatum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schlumbergera

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]