The Deram Anthology 1966–1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Deram Anthology 1966–1968
Samlealbum av David Bowie
Utgjeve 9. juni 1997
Innspelt 1966-1969
Sjanger pop, folk
Lengd 74:06
Selskap Deram
David Bowie-kronologi
Earthling
(1997)
The Deram Anthology 1966–1968 The Best of David Bowie 1969/1974
(1997)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
BBC Sessions 1969–1972 (Sampler)
(1996)
The Deram Anthology 1966–1968 The Best of David Bowie 1969/1974
(1997)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Pitchfork5.4/10[3]
Select3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

The Deram Anthology 1966–1968 er eit samlealbum av David Bowie, gjeve ut i 1997. Han inneheld det meste Bowie spelte inn for Deram Records, inkludert heile debutalbumet frå 1967 (spor 5-18), i kronologisk rekkjefølgje. Spor 24-27 vart miksa og spelte inn i 1969, etter at Bowie vart droppa av Deram Records og vart laga for promovideoen «Love You Till Tuesday», som vart laga for å skaffe Bowie ein ny plateavtale. Dermed hadde Deram opphavleg ingenting å gjere med desse spora.

Plata var opphavleg tenkt som ei dobbeltplate med fleire spor som ikkje tidlegare var utgjeve, men Bowie la ned veto mot å ta med slikt materiale.[5] Songane som Bowie skal ha lagt ned veto mot skal ha vore kalla «Pussy Cat», «Back to Where You've Never Been», «Funny Smile», «Bunny Thing», ein versjon av The Velvet Underground-songen «Waiting for the Man» og tyskspråklege versjonar av «Love You 'Till Tuesday» og «When I Live My Dream» (dei siste tre har vore mykje å sjå på piratkopiplater).[6] Ein lydbandkopi teken direkte frå masterlydbanda finst av songane «Funny Smile», «Bunny Thing» og «Pussy Cat» og er eigd av ein tidlegare tilsett av Decca Records, som arbeidde for selskapet på den tida då songane vart spelte inn. I 2019 vart desse opptaka lagt ut på auksjon av Omega Auctions.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av David Bowie.

Nr.TittelOriginalutgjevingLengd
1.«Rubber Band» (Singelversjon)Singel frå 19662:05
2.«The London Boys»B-side til «Rubber Band»3:22
3.«The Laughing Gnome»Singel frå 19673:03
4.«The Gospel According to Tony Day»B-side til «The Laughing Gnome»2:50
5.«Uncle Arthur»David Bowie2:09
6.«Sell Me a Coat»David Bowie3:01
7.«Rubber Band»David Bowie2:19
8.«Love You till Tuesday»David Bowie3:11
9.«There Is a Happy Land»David Bowie3:14
10.«We Are Hungry Men»David Bowie2:59
11.«When I Live My Dream»David Bowie3:24
12.«Little Bombardier»David Bowie3:27
13.«Silly Boy Blue»David Bowie3:53
14.«Come and Buy My Toys»David Bowie2:10
15.«Join the Gang»David Bowie2:19
16.«She's Got Medals»David Bowie2:25
17.«Maid of Bond Street»David Bowie1:45
18.«Please Mr. Gravedigger»David Bowie2:40
19.«Love You till Tuesday» (Singelversjon)Singel frå 19673:01
20.«Did You Ever Have a Dream»B-side til «Love You till Tuesday»2:08
21.«Karma Man»The World of David Bowie3:05
22.«Let Me Sleep Beside You»The World of David Bowie3:27
23.«In the Heat of the Morning»The World of David Bowie2:58
24.«Ching-A-Ling»Ikkje tidlegare utgjeven2:04
25.«Sell Me a Coat» (Singelversjon)Singel frå 19672:53
26.«When I Live My Dream»Ikkje tidlegare utgjeven3:52
27.«Space Oddity» (original version, demoversjon spelt inn i februar 1969 for videoen «Love You Till Tuesday»)Ikkje tidlegare utgjeven3:46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. «David Bowie: The Deram Anthology». Arkivert frå originalen 27. oktober 2004. Henta 19. september 2021. 
  4. Phelan, Dan (September 1997). «David Bowie: The Deram Anthology». Select: 103. Henta 15. september 2021. 
  5. Teenage Wildlife discography entry for The Deram Anthology, retrieved 19. juli 2007
  6. Bassman's David bowie Page discography entry for The Deram Anthology Arkivert 22. november 2005 ved Wayback Machine., retrieved 19. juli 2007