Fame and Fashion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fame and Fashion
Samlealbum av David Bowie
Utgjeve April 1984
Innspelt 1969-1980
Sjanger Rock
Selskap RCA Records
David Bowie-kronologi
Ziggy Stardust: The Motion Picture
(1983)
Fame and Fashion Love You till Tuesday
(1984)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
Golden Years
(1982)
Fame and Fashion Changesbowie
(1989)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Fame and Fashion er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i 1984 på RCA Records med snogar spelte inn frå David Bowie i 1969 til Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Albumet kom ut på LP, kassett og CD. Fame and Fashion var det einaste RCA-albumet av Bowie som kom ut samstundes på både LP og CD.

Etter at Bowie forlet RCA Records og signerte for EMI Records tidleg i 1980-åra, fortsette RCa å utnytte populariteten til Bowie på den tida og gav ut samlealbum utan at han gav løyve til det eller at han var involvert. Kort tid etter utgjevinga av albumet og nyutgjevinga av heile RCA-katalogen hans på CD, fekk Bowie attende rettane til heile katalogen sin. Det var derfor ikkje mogeleg å få tak i nye Bowie-plater frå RCA-katalogen før han fekk ein ny avtale med Rykodisc om å gje ut alle platene han spå ny frå og med 1989. Dei originale RCA-CDane er derfor ettertrakta samlarobjekt, ikkje berre fordi dei er sjeldne, men fordi mange samlarar meinte dei var lydmessig betre enn nyutgjevingane.

Likevel er stilt spørsmål med lydkvaliteten på Fame and Fashion. Ein har til dømes merka seg at på den andre sida av LP-plata og dei samsvarande spora på CD-utgåva, så er dei originale stereokanalane byta om.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne av David Bowie utanom der andre er nemde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Space Oddity» (frå David Bowie, 1969) 5:15
2.«Changes» (frå Hunky Dory, 1971) 3:33
3.«Starman» (frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, 1972) 4:10
4.«1984» (frå Diamond Dogs, 1974) 3:24
5.«Young Americans» (frå Young Americans, 1975) 5:10
6.«Fame» (frå Young Americans)Bowie, Carlos Alomar, John Lennon4:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Golden Years» (frå Station to Station, 1976) 4:03
8.«TVC 15» (frå Station to Station) 5:29
9.«Heroes» (frå “Heroes”, 1977)Bowie, Brian Eno6:07
10.«D.J.(frå Lodger, 1979)Bowie, Eno, Alomar3:59
11.«Fashion» (frå Scary Monsters (and Super Creeps), 1980) 4:51
12.«Ashes to Ashes» (frå Scary Monsters) 4:21

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Australske Kent Music Report Albums Chart[4] 19
UK Albums Chart[5] 40
US Billboard 200[6] 147

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984) Plassering
Den australske albumlista[4] 92


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Review: Fame & Fashion. Allmusic. Henta 4. september 2021.
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie (7th expanded utg.). Titan Books. 
  4. 4,0 4,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 30. januar 2017. 
  6. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.