iSelect

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
iSelect
Samlealbum av David Bowie
Utgjeve 29. juni 2008 The Mail on Sunday
14. oktober 2008 EMI
Innspelt 1971–1987, 2008
Sjanger Rock
Lengd 57:41 (CD)
Selskap EMI
Produsent Various
David Bowie-kronologi
Live Santa Monica '72
(2008)
iSelect VH1 Storytellers
(2009)
Samlealbum av David Bowie-kronologi
The Best of David Bowie 1980/1987
(2007)
iSelect Nothing Has Changed
(2014)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
PopMatters7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

iSelect (eller iSelectBowie)[3] er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie som først kom ut 29. juni 2008 i Storbritannia og Irland. Albumet kom ut i USA på Astralwerks Records.

Plata er ei samling av dei personlege favorittar sett saman av Bowie sjølv[4] og gjeven bort som ei eksklusiv gratis gåve med utgåva av den britiske avisa The Mail on Sunday som kom 29. juni 2008.

Bowie unngjekk dei vanlege hittane hans og valde i staden stort sett favorittspora hans frå albuma, og hadde berre med tre singlar («Life on Mars?», «Loving the Alien» og «Time Will Crawl»). I tillegg var versjonen av «Time Will Crawl» på albumet ein remiks av lydteknikaren Mario J. McNulty,[5] med fleire nyinnspelte partar i eit forsøk på å forbetre songen som hadde vore på Never Let Me Down, eit album Bowie var misnøgd med.

Det er den einaste utgjevinga av songen «Some Are», som ikkje hadde vore tilgjengeleg sidan 1991-utgåva av Bowie-albumet Low frå 1977 vart sletta i midten av 1990-åra. Denne utgåva hadde med «Some Are» som eit bonusspor. Han inneheldt òg ein medley av «Sweet Thing», «Candidate» og reprisen av «Sweet Thing» som eit enkelt spor, i staden for tre ulike spor slik han var på CD-utgåver av Diamond Dogs.

Det inneheld òg ein teaser som kombinerte «Intro»-sporet og «Hang On to Yourself» frå Live Santa Monica '72, ei offisiell utgjeving av piratkopiplata Santa Monica '72.

Kommersiell utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Virgin/EMI gav ut plata i USA og Canada den 14. oktober 2008.[3][6] Han er identisk til utgåva som kom med The Mail on Sunday bortsett frå at han kom i eit vanleg CD-omslag og heftet inneheld kommentarar om kvar song slik det stod skrive i avisa. Han er òg kom ut digitalt.

Ei avgrensa utgåve kom ut på raud vinyl i mars 2015 for å feire opninga av utstillinga David Bowie Is i Philharmonie de Paris i Frankrike.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelAlbumLengd
1.«Life on Mars?»Hunky Dory (1971)3:49
2.«Sweet Thing/Candidate/Sweet Thing (Reprise)»Diamond Dogs (1974)8:47
3.«The Bewlay Brothers»Hunky Dory5:23
4.«Lady Grinning Soul»Aladdin Sane (1973)3:51
5.«Win»Young Americans (1975)4:44
6.«Some Are» (Bowie, Brian Eno)Bonusspor på 1991-utgåva av Low (1977)[7]3:13
7.«Teenage Wildlife»Scary Monsters (and Super Creeps) (1980)6:51
8.«Repetition»Lodger (1979)3:01
9.«Fantastic Voyage» (Bowie, Brian Eno)Lodger2:54
10.«Loving the Alien»Tonight (1984)7:08
11.«Time Will Crawl» (MM remix; inneheld 30 sekundar med stille mot slutten av sporet)Originalversjon på Never Let Me Down (1987)4:54
12.«Hang On to Yourself» (Konsertopptak)Live Santa Monica '72 (2008); opphavleg frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972)3:06

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ISelectAllmusic
  2. Schiller, Mike. «David Bowie: iSelect < PopMatters». PopMatters. Henta 25. februar 2012. 
  3. 3,0 3,1 David Bowie Digs Into His Catalog for New Compilation Arkivert 12. september 2008 ved Wayback Machine.
  4. The Mail on Sunday, 29. juni 2008 edition
  5. [1]
  6. bowieNet 23. september 2021 News. Henta 23. september 2021
  7. David Bowie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]