Major Tom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Major Tom er ein oppdikta astronaut som vert referert til i David Bowie-songane «Space Oddity», «Ashes to Ashes», «Hallo Spaceboy» (særleg remiksen av Pet Shop Boys), og kanskje i musikkvideoen til «Blackstar». Bowie si eiga tolking av personen utvikla seg gjennom karrieren. «Space Oddity» (1969) syner ein astronaut som på avslappa vis frigjev seg frå verda for å reise mellom stjernene. I songen «Ashes to Ashes» (1980), omtolkar Bowie Major Tom som eit skrått sjølvbiografisk symbol på seg sjølv. Major Tom vert skildra som ein «junkie, strung out in heavens high, hitting an all-time low» (ein narkoman, strekt ut på himmelen, når eit historisk lågmål). Denne teksten vart tolka som eit ordspel på tittelen til Bowie-albumet Low (1977), som vart spelt inn samstundes som han trekte seg attende etter dopmisbruket hans i USA. I tillegg forsterka den sjølvskuldande tonen i tekstlinja «Time and again I tell myself I'll stay clean tonight» (Gong på gong seier eg til meg sjølv at eg skal halde meg rein i natt) den sjølvbiografiske og retrospektive tolkinga.[1]

Den tyske songaren Peter Schilling helt fram soga om Major Tom seint i 1982 med «Major Tom (völlig losgelöst)», som nådde førsteplassen på salslista i Tyskland og Austerrike tidleg i 1983. Den engelskspråklege versjonen «Major Tom (Coming Home)» nådde 14. plassen i USA seint i 1983. Andre artistar som var innom Major Tom-soga var mellom andre K.I.A.. På grunn av likskapar med Elton John-songen «Rocket Man», er det ein mogeleg samanheng mellom Rocket Man og Major Tom, noko Bowie sjølv forsterka då han på konsertar under «Space Oddity» stundom ropte ut «Oh, Rocket Man!»[2]

Major Tom hos Bowie[endre | endre wikiteksten]

I «Space Oddity», frå albumet David Bowie (1969, seinare kalla Space Oddity), dreg Major Tom frå jorda og alt går som planlagt. På eit tidspunkt ('past one hundred thousand miles'), tenkjer han at «romskipet mitt veit kvar det skal» («my spaceship knows which way to go») og seier så «Sei til kona mi at eg elskar ho veldig høgt» («Tell my wife I love her very much»). Bakkekontrollen informerer han så om at noko er galt («Ground Control to Major Tom: your circuit's dead, there's something wrong») og prøver å opprette kontakt med Major Tom på ny. Dei siste orda i songen frå Major Tom (som bakkekontrollen truleg ikkje høyrer) er: Her flyt eg i tinnboksen min, langt over månen. Planeten jorda er blå og det er ingenting eg kan gjere» («Here... am I floating in my tin can, far above the Moon. Planet Earth is blue and there's nothing I can do.»)

I promofilmen frå 1969 spelar David Bowie Major Tom, Ground Control (GC) og mannen som tar nedtellinga. Då teksten «And the stars look very different today» vert framført, dukkar det opp to vakre kvinner, som anten førestiller englar eller romvesen, eller kanskje begge. Under «Though I'm past one hundred thousand miles, I'm feeling very still» kan ein sjå dei to kvinnene fjerne hjelmen og romdrakta til Major Tom. Seinare kan ein sjå ein fullt utstyrt Major Tom flyte rundt i rommet, medan bakkekontrollen desperat prøver å få kontakt med han. Musikkvideoen endar med at Major Tom sit i tinnboksen sin, langt over månen med to kvinner ved sida si.[3]

Bowie skapte ein oppfølgjar kalla «Ashes to Ashes» (1980). Singelen nådde toppen av singellistene og kom frå hitalbumet Scary Monsters (and Super Creeps). Songen seier ikkje så mykje om Major Tom, anna enn at han er eit «narkovrak» («junkie»). Konteksten i teksten verkar å indikerer at songen hovudsakleg handlar om Bowie si eiga sjelegransking, og ikkje eit bokstavleg framhald av Major Tom-soga.

Bowie gav ut songen «Hallo Spaceboy» på albumet Outside (1995). Denne songen refererer ikkje direkte til Major Tom, men ein remix av songen som Bowie gav ut i lag med Pet Shop Boys i 1996 inneheld tekst frå «Space Oddity» sungen av Pet Shop Boys-vokalisten Neil Tennant.

I musikkvideoen til Bowie-songen «Blackstar» frå albumet med same namn, gjeve ut i 2016, to dagar før Bowie døydde, syner ein død astronaut. Hovudskallen hans vert funnen av eit kvinneleg romvesen, som tar det med seg attende til det som verkar å vere ein kult som tilber leivningen. Ein har spekulert i om denne skildringa syner den endelege lagnaden til Major Tom,[4][5][6] sjølv om regissøren av videoen, Johan Renck ikkje kunne stadfeste dette.[7]

I songar av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I Peter Schilling-songen «Major Tom (Coming Home)» (1983) sender Tom ei siste melding, «Give my wife my love...» før sendingane attende til jorda stoppar. Han erklærer så at han «kjem heim», kommandert av lyset, som kan vere ein referanse til etterlivet. Den tilhøyrande musikkvideoen syner òg ein lekam som fell attende gjennom atmosfæren, som ein reknar er anten Major Tom sjølv, eller romskipet hans.

At the Drive-In-songen «Cosmonaut» (2000) vart stundom introdusert på konsertane deira med ei «siste melding» frå Major Tom, før han døyr i rommet. Meldinga er ikkje med på den innspelte versjonen av «Cosmonaut», som elles ikkje har noko tilknyting til Major Tom.

K.I.A. skreiv ein song kalla «Mrs. Major Tom» (2002) på albumet Adieu Shinjuku Zulu, der songen vert sungen av Larissa Gomes. Her er soga fortalt frå synspunktet til kona som Major Tom forlet heime. Songen vart òg sungen solo av Sheryl Crow i eit nytt arrangement på William Shatner-albumet Seeking Major Tom (2011).

The Tea Party skapte ein song kalla «Empty Glass» på albumet Seven Circles (2004). Songen vart skriven frå synspunktet til ein ikkje namngjeven person som intensivt spør Major Tom om meininga med livet. Songen referer òg Ground Control og Bowie-uttrykka «star man» og «diamond dogs».

Den komiske viseduoen Flight of the Conchords frå New Zealand hentyder Major Tom i hyllestsongen deira «Bowie» (2008) der dei plasserer sjølve Bowie i rommet, og gjev han rangen løytnant.

I 2011 var Jimmy Fallon med på Piers Morgan Tonight der han spelte gitar og song ein parodi av «Space Oddity» med linjene «This is Tim Tebow to Jesus Christ», med ein Bowie-aktig vokal. Han framførte òg songen på talkshowet sitt, Late Night with Jimmy Fallon i ei rolle som var ei blanding mellom Tim Tebow og David Bowie kalla «T-Bowie».

Major Tom har òg blitt referert i andre songar, som Five Star sin «Rain or Shine» (1986), Def Leppard sin «Rocket» (1987), Marilyn Manson sin «Apple of Sodom» (1997), Lorraine Bowen sin «Space» (2002), The Mars Volta si konsertutgåve av songen «Cicatriz» (2005) med ein lengre jam som utvikla seg til songen «Cassandra Gemini», Cold sin «Happens All The Time» (2005), Alphabeat sin «Fantastic 6» (2007), The Cab sin «Angel with a Shotgun» (2011) og Lana Del Rey sin «Terrence Loves You» (2015) som vert tolka som ein hyllest til Bowie og bror hans Terrence.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire referansar til personen og songane i videospelet Metal Gear Solid 3: Snake Eater. Ein karakter som ellers berre er kjend som Major Zero brukar ei kort stund kodenamnet Major Tom (sjølv om karakteren i spelet skildrar namnet hans som ein referanse til filmen Den store flukten). På eit tidspunkt i spelet, medan Major Zero nytta kodenamnet Tom, vil Snake når ein kallar Major Zero opp på radioen sei «Can you hear me Major Tom», som er eit utdrag av teksten i «Space Oddity». Ein fiende kalla The Fury var ein tidlegare kosmonaut og har på seg ein vernande uniform som liknar ei romdrakt når han er i kamp. Dei siste orda då han vert slått er «I'm coming home»., ein referanse til Peter Schilling-songen. Regissøren av spelet, Hideo Kojima, har fortalt at dette var referansar som var plassert der med vilje og at han opphavleg ønskte å bruke «Space Oddity» og «Ashes to Ashes» over rulleteksten i spelet.

Major Tom, og partnaren hans 'The Action Man', vert nytta som namn på to mindre karakterar i TV-programmet The Venture Bros. Major Tom (og seinare spøkjelset hans) spelar ei viktig rolle i episoden «Ghosts of the Sargasso», der eit tilbakesyn syner at han vart drepen i då det eksperimentelle romskipet hans styrta. Ein stor del av dialogen i scenen er henta frå teksten til «Space Oddity» og «Ashes to Ashes». Seinare syner det seg at The Action Man har gifta seg med enka etter Major Tom.

I TV-serien Chaotic, heiter ein av karakterane Tom Majors og brukarnamnet hans i showet er MajorTom.

I boka Wonderstruck er favorittsongen til mor til Ben «Space Oddity», som ho lyttar til i byrjinga av boka.

I den amerikanske utgåva av fjernsynsserien Life on Mars er det ein tvist der Gene Hunt i 1973 viser seg å vere astronauten 'Major Tom' Tyler – far til Sam – i konklusjonen.

Ladybird Books publiserte ein serie barnebøker av Peter Longden kalla The Adventures of Major Tom. Helten er ein katt kalla Major Tom og robotassistenten hans Oddball.

I den britiske TV-serien Red Dwarf sesong 8, før dei tar av i eit romfartøy, vert Cat beden om å identifisere seg sjølv og kalla seg «Major Tom».

Dokketeatergruppa Fluff & Such har skapt ein dokkevideoversjon av «Major Tom (Coming Home)».[8]

I iOS-spelet Astronut frå utviklaren The Iconfactory, er det ein prestasjon kalla 'Major Tom'. Spelaren må slutte av spelet halvvegs 20 gonger for å oppnå dette.

Illustratøren Andrew Kolb har skapt ein PDF-illustrert barnebok basert på songen. Ein trykt versjon publisert av HarperCollins kan kome i framtida.[9]

I TV-dramaserien Breaking Bad kan ein i sesong fire sjå hovudpersonane finne ei innspeling av karakteren Gale (David Costabile) som syng ein rar karaokeversjona v Peter Schilling «Major Tom (Coming Home)».

Den nettbaserte vitskaplege skrekkromanen frå Hong Kong, The Midnight After har ei soge som hovudsakleg fokuserer på Major Tom og «Space Oddity». Romanen vart sidan filma og valt ut for Panorama-delen ved 64th Berlin International Film Festival.[10]

I det populære videospelet League of Legends seier karakteren Corki ein gong «This is Major Tom to Ground Control» som er ei linje i songen «Space Oddity».

I TV-serien Defying Gravity er Major Tom namnet på baren til astronautane.

I videospelet Dungeons of Dredmor er det ein fiende kalla «undead cosmonaut». Smaksteksten til denne fienden er ein referanse til Major Tom. Monsteret har òg ein unik variant kalla Major Tom.

Den franske teikneserieskaparen Boulet teikna karrakteren sin som song «Major Tom to Ground Control!» i ein bloggpost mot slutten av 2013.[11]

I filmen The Secret Life of Walter Mitty (2013), produsert av Ben Stiller med han sjølv i hovudrolla, vert det sagt «Ground Control to Major Tom» kvar gong Mitty dagdrøymer. Songen («Space Oddity») motiverer Mitty til å leite etter den unnvikande fotojournalisten Sean O'Connell (Sean Penn). Medan han dagdrøymer om Cheryl Melhoff (Kristen Wiig) som han er forelska i, syng ho songen til han på ein aude karaokebar på Grønland.

I teikneseriestripa Pearls Before Swine i 2004, seier presidentkandidaten Rat «I'm against gun control... in fact, I'm against all control... mind control, self control, birth control, remote control and ground control to Major Tom.»[12]

I tittelsongen på albumet Supernova (2014) av Swollen Members syng dei inn i eit vers 'Planet earth to Major Tom: Have the time of your Life'.

I dei første linjene av songen «Sugarlight USA» på Violet Burning-albumet Demonstrates Plastic and Elastic (1998) syng dei «Gee the stars are bright, floating with the satellites, Major Tom where are you now?».

Ein spansk arist kallar seg Mayor Tom til ære for Major Tom. Han laga ein oppfølgjar til «Space Oddity» der Major Tom kjem heim i live.

I Martin Scorsese-filmen Bringing Out the Dead i 1999 spelte Tom Sizemore ein akuttlege som i New York City som vert kalla Major Tom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]