Hopp til innhald

Outside-turneen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Outside-turneen
Turné av David Bowie
Stad Nord-Amerika
Europa
Tilknytt(e) album 1. Outside
Startdato 14. september 1995
Sluttdato 20. februar 1996
Talet på konsertar 68
Konsertkronologi
Sound+Vision-turneen
(1990)
Outside-turneen Outside sommarfestivalturné
(1996)
Konsertkronologi for Nine Inch Nails
Self Destruct-turneen
(1994–95)
Outside-turneen Fragility-turneen (1999–2000)

Outside-turneen var ein konsertturné av den engelske rockemusikaren David Bowie, som opna i september1995 og varte i fem månader. Opningskonserten gjekk før albumet 1. Outside kom ut, som turneen er kalla opp etter. Turneen vitja Nord-Amerika og Europa. and Europe.

På den amerikanske turneen delte Bowie scene med Nine Inch Nails, som overlappa konserten til Bowie og danna eit samanhengande show. Morrissey var oppvarmingsartist for den europeiske delen av turneen, men trekte seg etter ni konsertar. På utvalde konsertar framførte Reeves Gabrels songar frå albumet The Sacred Squall of Now i tillegg til at han spelte med Nine Inch Nails og David Bowie.

Offisielle konsertopptak frå turneen, Ouvre le Chien (Live Dallas 95) kom ut i juli 2020 og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) i desember 2020.

I ei lesarundersøking i Rolling Stone i 2012 vart turneen (Nine Inch Nails med Bowie) kåra til ein av dei 10 beste oppvarmingsartistane i rockehistoria.[1]

Turnéhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Dei første øvingane vart gjort i Complete Music Studios New York før dei flytta til Mullins Center, der Nine Inch Nails vart med på øvingane.[2]

Det var den første turneen til Bowie etter at han la dei største hittane sine på hylla etter Sound+Vision-turneen (1990). Bowie sa «Me kjem til å spele nokre eldre songar, men ingen opplagte ting. Eg fann ut under øvinga at eldre songar eg ikkje har spelt på ei stund passa fint inn med dei nye songane - ting som ... 'Joe the Lion'. Så eg ser fram til det.»[3] Andre songar frå katalogen til Bowie som han spelte på turneen var mellom andre «Scary Monsters (and Super Creeps)», «Look Back in Anger», «Andy Warhol» og «Breaking Glass».[4]

Bowie snakka om kvifor han valde å turnere med Nine Inch Nails: «Eg personleg likte kombinasjonen av NIN og meg, men fansen min gjorde det ikkje. Uflaks!! Det var òg eit ekstremt ungt publikum, mellom omtrent 12 og 17 år gammalt. Utgangspunktet mitt var ganske enkelt: Eg har nettopp laga eit eventyrleg album, kva kan eg gjera no for å gjera konsertane eventyrlege. Når eg såg på det, verka det logisk å konfrontera meg sjølv med NIN-publikummet. Eg visste at det ville vera vanskeleg å fanga dei med musikk dei aldri har høyrt, av ein artist som dei berre visste namnet på.»[5]

Trent Reznor har fleire gonger sagt at han var kraftig inspirert av David Bowie,[6] og arbeidde med Bowie på ein remiks av «The Hearts Filthy Lesson» og seinare av singelen «I'm Afraid of Americans» i 1997. Då han vart spurt i 1995 om albumet Outside var inspirert av Nine Inch Nails, svarte Bowie , «bandet som eg faktisk var ganske inspirert av var tre karar frå Sveits kalla The Young Gods ... eg kjende til dei før eg vart klar over Nine Inch Nails.»[7]

Kulssar og kostyme

[endre | endre wikiteksten]

For turneen gjekk Bowie for eit smålåte scenedesign med somme bannerar og mannekengar, og unngjekk den teatralske presentasjonen frå dei tidlegare turenane som Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990.[4] Scenen «likna ein anleggsområde med krøllete laken med malingflekkar draperte rundt scenen», og eit gammaldags bord og stol i det eine hjørnet, som Bowie stundom klatra på under konertane.[2]

Bowie hadde eit par kostyme for turneen, som varierte mellom Europa og USA, inkludert tre jakkar designa av Alexander McQueen.[2]

Bowie opna eit intervju for turneen med USA Today på opningsdagen for turneen, den 14. september 1995 med spørsmålet «Korleis gjer du kommersielt sjølvmord? Vel, du gjer dette: spel songar frå eit album som ikkje er komen ut enno, og kompletter det med obskure songar frå fortida som du aldri har gjort på scenen før.»[8]

Under turneen, då Nine Inch Nails kom til slutten av sin konsert, spelte dei to banda i lag med både Nine Inch Nails og Bowie og bandet hans som spelte «Subterraneans», «Hallo Spaceboy» og «Scary Monsters (and Super Creeps)», etterfølgd av dei to Nine Inch Nails-songane «Reptile» og «Hurt» før Bowie fortsette konserten aleine.[6]

Tidleg på turneen var nesten «100 % av publikum der for å høyre Nails», noko som var utfordrande for Bowie, som sa «Dei første vekene måtte me tilpasse oss kjenslemessig til det faktum at me skulle bli utfordra kvar kveld for å synkronisere med kva folk kom til showet for. Men så byrjar du å innsjå at om du skal fortsette, er det betre å nyte det du gjer. Jo meir me gjorde det, jo meir kommuniserte det til publikum. Slik gjekk det frå overleving til å vere ein god turné.»[9]

Bowie signerte eksemplar av albumet sitt på ein lokal platebutikk i New York den 26. september 1995.[2]

Morrissey var meint å vere oppvarmingsartist for den europeiske delen av turneen, men slutta brått og uventa like før konserten i Aberdeen den 29. november 1995.[10] Oppvarmingsartiane vart dermed The Gyres, Echobelly, musikkgruppa PlaceboPlacebo, Electrafixion (med Ian McCulloch) og ulike lokale band.

Turnéband

[endre | endre wikiteksten]
Dato By Land Spelestad Publikum
Nord-Amerika
14. september 1995HartfordUSAMeadows Music Theatre30 000/30 000
16. september 1995MansfieldGreat Woods Arts Center19 000/19 000
17. september 1995HersheyHersheypark Stadium30 000/30 000
20. september 1995TorontoCanadaSkyDome46 000/46 000
22. september 1995CamdenUSABlockbuster Center25 000/25 000
23. september 1995BurgettstownStar Lake Amphitheater23 000/23 000
27. september 1995East RutherfordMeadowlands Arena40 000/40 000
28. september 1995
30. september 1995Cuyahoga FallsBlossom Music Center23 000/23 000
1. oktober 1995Tinley ParkNew World Music Theatre28 000/28 739
3. oktober 1995Auburn HillsThe Palace of Auburn Hills20 000/22 000
4. oktober 1995ColumbusPolaris Amphitheater20 000/20 000
6. oktober 1995BristowNissan Pavilion25 000/25 000
7. oktober 1995RaleighWalnut Creek Amphitheatre20 000/20 000
9. oktober 1995AtlantaLakewood Amphitheatre18 000/18 900
11. oktober 1995Maryland HeightsRiverport Amphitheatre20 000/20 000
13. oktober 1995DallasStarplex Amphitheatre20 000/20 000
14. oktober 1995AustinSouth Park Meadows16 000/17 000
16. oktober 1995DenverMcNichols Sports Arena17 000/18 500
18. oktober 1995PhoenixDesert Sky Pavilion20 000/20 100
19. oktober 1995Las VegasThomas & Mack Center14 700/15 300
21. oktober 1995Mountain ViewShoreline Amphitheatre22 500/22 500
24. oktober 1995TacomaTacoma Dome23 000/23 000
25. oktober 1995PortlandThe Rose Garden19 490/21 000
28. oktober 1995InglewoodGreat Western Forum35 000/35 000
29. oktober 1995
31. oktober 1995Los AngelesHollywood Palladium3 450/3 700
Europa
14. november 1995LondonEnglandWembley Arena50 000/50 000
15. november 1995
17. november 1995
18. november 1995
20. november 1995BirminghamNational Exhibition Centre30 000
21. november 1995
23. november 1995BelfastNorthern Ireland(flytta til 5. desember 1995) King's Hall - Played Zenith de Paris (MTV EMA) framførte «The Man Who Sold The World»
24. november 1995 DublinIrlandPoint Depot13 000/13 000
26. november 1995ExeterEnglandWestpoint Arena7,500/7,500
27. november 1995CardiffWalesCardiff International Arena12 500/12 500
29. november 1995AberdeenSkottlandExhibition Centre8 500/8 500
30. november 1995GlasgowScottish Exhibition and Conference Centre10 000/10 000
3. desember 1995SheffieldEnglandSheffield Arena26 000/26 000
4. desember 1995(avlyst) Sheffield Arena
5. desember 1995BelfastNorthern IrelandKing's Hall6 540/6 974
6. desember 1995ManchesterEngland(flytta) Nynex Arena
7. desember 1995Newcastle upon TyneNewcastle Arena11 000/11 000
8. desember 1995ManchesterNynex Arena21 000/21 000
13. desember 1995BirminghamNational Exhibition Centre (Hall 5)
(Big Twix Mix Show)
15 000/15 000
17. januar 1996HelsinkiFinlandHelsinki Ice Hall8 200/8 200
19. januar 1996StockholmSverigeGlobe Arena16 000/16 000
20. januar 1996GöteborgScandinavium14 000/14 000
22. januar 1996OsloNorwaySpektrum9 700/9 700
24. januar 1996KøbenhavnDanmarkValby-hallen15 000/15 000
25. januar 1996HamburgTysklandSporthalle7 000/7 000
27. januar 1996BrusselBelgiaVorst Forest Nationaal8 000/8 000
28. januar 1996UtrechtNederlandPrins Van Oranjehall6 000/6 000
30. januar 1996DortmundTysklandWestfalenhalle16 000/16 000
31. januar 1996FrankfurtFesthalle13 500/13 500
1. februar 1996BerlinDeutschlandhalle10 000/10 000
3. februar 1996PrahaCzech RepublicSportovni Hala15 000/15 000
4. februar 1996WienAustriaStadthalle16 000/16 000
6. februar 1996LjubljanaSloveniaHala Tivoli6 000/6 000
8. februar 1996MilanoItaliaPalatrussardi8 479/8 479
9. februar 1996BolognaPalasport Casalecchio5 271/5 271
11. februar 1996LyonFrankrikeHalle Tony Garnier17 000/17 000
13. februar 1996GenevaSveitsSEG Geneva Arena9 500/9 500
14. februar 1996ZürichHallenstadion11 000/11 000
16. februar 1996AmnévilleFrankrikeLe Galaxie12 000/12 000
17. februar 1996LilleZénith de Lille6 000/7 000
18. februar 1996RennesSalle Expos-Aeroport3 000/3 000
20. februar 1996ParisPalais Omnisports de Paris-Bercy19 095/19 095
Total 1 040 925 / 1 050 958 (99%)

Frå The Man Who Sold the World

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Live Santa Monica '72

Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture

Frå Diamond Dogs

Frå Low

Frå "Heroes"

Frå Lodger

Frå Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Black Tie White Noise

Frå Outside

Andre songar:

  1. «Readers' Poll: The 10 Best Opening Acts in Rock History», Rolling Stone, 11. juli 2012, arkivert frå originalen 26. oktober 2013, henta 16. september 2021
  2. 1 2 3 4 Alexander, Alex (1998), Outside Tour Ultimate Guide
  3. Hendrickson, Mark (November 1995), David Bowie: Outside Looking in, arkivert frå originalen 28. mars 2002, henta 16. september 2021
  4. 1 2 Pareles, Jon (29. september 1995), «POP REVIEW; Bowie and Nails Mesh (Sometimes)», New York Times, henta 11. september 2021
  5. «Can the Real David Bowie Rise, Please?», HUMO, 5. desember 1995, arkivert frå originalen 16. juni 2013, henta 6. juni 2013
  6. 1 2 Weisel, Al (2. november 1995), «Performance: Nine Inch Nails / David Bowie», Rolling Stone magazine (720): 28
  7. Newquist, HP (Januar 1996). «No Longer A Lad Insane». Guitar. Arkivert frå originalen 6. januar 2011.
  8. Gundersen, Edna (14. september 1995), «Cover Story: Bowie, Beyond fame and fashion», USA Today: D1–2
  9. Sprague, David (February 1997), «David Bowie Interview», Pulse magazine: 34–37, 72–73
  10. Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  11. Discogs - Zachary Alford - (profile & discography)